Framandartslista 2023 inneheld vurderingar av økologisk risiko for godt og vel 800 fleire framande artar enn i lista frå 2018. Dei fleste av dess er nye dørstokkartar. Mange av artane har  i 2023 blitt vurdert til ein annan kategori, og ei rekkje artar som i 2018 vart rekna som dørstokkartar er no på plass ute i norsk natur.

Framandartslista 2023 inneheld 2342 risikovurderte artar. Dette talet inkluderer 62 artar som er vurderte for området Svalbard med kystsone, og 13 ferskvassfisk som er regionalt framand i Noreg. Dette er ei betydeleg auke frå 2018 då 1532 artar blei risikovurdert.

Mange nye artar er risikovurdert

Auken i talet på artar som er risikovurdert i 2023 skuldast i stor grad ei større satsing på å identifisere og vurdere dørstokkartar. I Framandartslista 2023 er 1134 dørstokkartar risikovurderte, noko som nesten er ei tredobling samanlikna med 2018 då 319 dørstokkartar blei vurdert.

Ei anna gruppe artar som er nye i 2023 er dei vi i 2018 kalla tradisjonelle produksjonsartar. Dette er til dømes gamle kulturplanter som graslauk Allium schoenoprasum subsp. schoenoprasum, prydbringebær Rubus spectabilis og hageeple Malus domestica. Desse vart ikkje risikovurdert i 2018, men i 2023 er slike artar vurderte på lik linje med andre framande artar.

Det har også blitt funne nye framande artar i naturen, som vi ikkje visste om i 2018. Nokre kan ha vore her lenge, mens andre har kome hit dei siste åra. Desse figurerer også som nykommarar på årets framandartsliste. I alt er det 29 slike artar, mellom dei tre parasittar i slekta Phytophthora, fleirbørstemarken Polydora websteri som er funnen i stillehavsøsters og husspissmus Crocidura russula som nyleg vart oppdaga på Jæren. I denne gruppa av nykommarar er dei fleste vurdert til å utgjere låg risiko, men sju av dei har høg risiko eller svært høg risiko. Desse er dermed det vi kallar høgrisikoartar.

Nokre ryk ut av lista grunna 1800-talls grensa

Ein del artar som blei risikovurdert i 2018 er ikkje risikovurdert i 2023. For dei fleste skuldast dette at vi har fått ny kunnskap som viser at artane ikkje er framande, men heimehøyrande i Noreg.

I andre tilfelle viser ny kunnskap at den framande arten var etablert i Noreg allereie før året 1800. Slike artar vert ikkje risikovurdert, men behandla som om dei var heimehøyrande (stadeigne) i Noreg. Eksempelvis endra europalerk Larix decidua og edelgran Abies alba i Framandartslista 2018 status til ikkje å bli risikovurdert lenger, fordi det vart oppdaga dokumentasjon på at dei var etablert før 1800. I 2023 gjeld dette moskuskattost Malva moschata, vinterkarse Barbarea vulgaris, mørkveronika Veronica opaca og ugrasknavel Scleranthus annuus subsp. annuus.

Artar som har tatt steget over dørstokken

Historia har vist oss at det vi reknar som ein dørstokkart kan vere på plass i norsk natur som etablert framand art raskare enn vi kan sjå for oss. Heile 42 av dørstokkartane som vart vurdert i 2018 er no rekna som sjølvstendig reproduserande utandørs her i landet. Ein av dei er japansk sjøpung (også kalla havnespy) Didemnum vexillum, som dei siste åra har fått mykje merksemd i media. Andre eksemplar er alga djevletunge Grateloupia turuturu, muslingen Rangia cuneata og hageblåbær Vaccinium corymbosum.

Med dei pågåande klimaendringane er det venta at eit varmare klima vil føre til at stadig fleire framande artar vil verte i stand til å reprodusere utandørs og på sikt etablere seg i Noreg.

Fordelinga av artar i risikomatrisa

Totalt er 231 av dei framande artane på Framandartslista 2023 vurdert til å utgjere svært høg risiko SE, fordi dei skårar høgt på både invasjonspotensial og økologisk effekt. Inkluderer vi artar med høg risiko HI viser matrisa at vi har 441 høgrisikoartar (SE+HI).

Som i 2018 er dei fleste framande artane i 2023 vurdert til å ha låg risiko LO eller ingen kjend risiko NK. Det er like vel ei klar endring, sidan desse to kategoriane utgjer 65 % av dei risikovurderte artane no, medan dei utgjorde 77 % i 2018. Talet på artar med potensielt høg risiko er òg betydeleg høgare enn i 2018.

Talet i rutene viser kor mange artar som har den gitte kombinasjon av invasjonspotensial og økologisk effekt. NK: ingen kjend risiko, LO: lav risiko, PH: potensielt høg risiko, HI: høg risiko, SE: svært høg risiko.

Mange artar vurdert til å utgjere større risiko

Om vi samanheld dei 1493 artane som vart risikovurderte både i 2018 og 2023, er heile 581 artar vurdert til ein meir alvorleg risikokategori i 2023.

Den generelle trenden mot høgare kategori sidan 2018 gir seg utslag i ein nedgang i talet på artar som no er vurdert til ingen kjend risiko NK: Av artane vurdert både i 2018 og 2023 er heile 274 færre artar no vurdert til å utgjere ingen kjent risiko. Jamt over høgare kategoriar i 2023, enn i 2018, gir seg og utslag i ei auke i talet på artar i kategoriane potensielt høg PH, høg HI og svært høg risiko SE.

Talet i rutene viser netto endring sidan 2018 i antal artar som er vurdert til den gitte kombinasjonen av invasjonspotensial og økologisk effekt. Positive tal medfører ei auke frå 2018, negative tal medfører ein negong. Til dømes har eit netto antal på 274 artar endra kategori frå ingen kjend risiko NK i 2018 til ein høgare risiko no. NK: ingen kjend risiko, LO: lav risiko, PH: potensielt høg risiko, HI: høg risiko, SE: svært høg risiko. Utvalget innehelt kun dei artane som blei risikovurdert både i 2018 og i 2023.

Årsak til endring i kategori

Ny kunnskap er årsaka til at 274 av 639 artar har endra kategori frå 2018 til 2023. Dette kan vere nye funn av arten i naturen, eller også ny informasjon om økologiske effektar.

Ei endring i risikokategori kan òg skuldast taksonomiske endringar, at artar vert slått saman fordi ein ikkje har grunnlag for å vurdere dei separat eller at kunnskap vi allereie har er tolka annleis enn i 2018. Endringa kan dessutan skuldast ei ny tolking av måten å estimere forventa levetid på. Ofte er det fleire årsaker i kombinasjon som fører til at ein art endrar kategori.

Endring i økologisk effekt

Totalt har 103 artar endra risikokategori fordi dei har endra skår langs effektaksen i risikomatrisa. For desse er den økologiske effekten meir - eller mindre - alvorleg enn vi tidlegare har trudd. Til dømes er eggsporesoppen Phytophthora alni ein av dei artane som er vurdert til ein alvorlegare økologisk effekt no (svært høg risiko) enn i 2018 (låg risiko). P. alni er funne både på gråor og svartor på Austlandet, og på fleire stadar i landet er det gjort observasjonar av sjuk og død gråor langs vassdrag. Dei økologiske konsekvensane av Phytophthora-råte kan verte store dersom dette patogenet spreier seg slik det har gjort i andre europeiske land. Ikkje berre står or i fare for å bli borte langs bekker, elver og innsjøar, men dette vil også kunne føre til store erosjonsskader og tap av habitat for andre heimehøyrande artar i norsk natur.

Endring i invasjonspotensial

Den forventa levetid til ein art – altså kor lenge vi forventar at arten kan leve i Noreg før den eventuelt døyr ut, er jamt over estimert høgare no, enn i 2018. Til dels heng dette saman med ein meir presis og standardisert måte å estimere levealder på. I 2018 blei levealderen til mange artar underestimert fordi retningslinjene vart tolka annleis. For 178 risikovurderingar er dette den einaste årsaka til endring i kategori.  I tillegg har òg førekomstarealet auka i snitt for dei risikovurderte artane, frå 354 km2 til 471 km2, og då er dørstokkartane utelete. Dette kan også bidra til å forklare noko av auken i artanes invasjonspotensial.

Uvisse i vurderingane

Sjølv om kunnskapen har auka etter 2018 er det framleis mangelfull kunnskap om mange framande artar. Det gjeld både dørstokkartar og dei som allereie reproduserer utandørs i Noreg. Dette gjer og at uvissa er stor i nokre av vurderingane. Det finst fleire døme på at ein art i kategorien høg risiko, kan ha så stor uvisse at arten står oppført med fleire kategoriar, til dømes HI (SE) eller HI (PH, SE), i Framandartslista. I 2018 var det knytt ei slik uvisse om kategorien til 19 % av alle vurderingane. I 2023 gjeld dette 52 % av vurderingane. Dette er eigentleg som venta, fordi ein no vurderer svært mange dørstokkartar der uvissa naturleg nok er høgare enn for artar som allereie er etablerte.

Siteres som:

Artsdatabanken (2023). Endringar frå 2018 til 2023. Fremmede arter i Norge - med økologisk risiko 2023. www.artsdatabanken.no/pages/343222 Nedlastet dag/måned/år