Bruk nøkkelen nedanfor, eller opne eit nytt vindauge (anbefalast for nyare mobile einingar).

Bestemmingsnøkkel til soleieslekta Ranunculus

Slekta er den største og mest kompliserte i soleiefamilien i Noreg, anten i trong meining eller i vid meining (inkludert vårkålslekta Ficaria, saltsoleieslekta Halerpester og kanskje fleire). I Noreg har slekta, slik vi avgrensar ho, 31 artar, og godt over halvparten av desse er heimlege. Mange av dei framande artane er svært sjeldsynte og lite trulege å treffe på.

Slektsnøkkelen for Ranunculus inneheld òg dei nærståande slektene som er nemnde ovanfor, av di dei ofte har vore handsama som Ranunculus.

Viktige karakterar i denne slekta (i vid meining) er vekseform, korleis dei underjordiske delane er (om dei er horisontale eller vertikale), om dei er eitt/toårige eller fleirårige, korleis blada er utforma og om dei sit hovudsakleg ved grunnen eller oppover stengelen, om blomane er tretalige eller femtalige, om dei er gule (som hos storparten av artane) eller kvite, om begerblada er nedbøygde eller ikkje og om dei er brunhåra eller ikkje, og korleis fruktene (smånøttene er utforma). Det er òg viktige skilnadar i hårklednad elles på planten. I det heile treng ein ofte komplette plantar for nokonlunde sikker namnfesting av soleier. Mange av artane har òg underartar.

Ein særskilt nøkkel er gjeve for Ranunculus underslekt Batrachium: vassoleiene. Desse er seks norske artar med kvite blomar, som veks i vatn eller på svært våte stader, og som ofte har blad-dimorfi, det vil seie to heilt ulike typar blad: trådflika, mørkgrøne undervassblad og breiflika, grøne flyteblad. Nokre artar har berre éin av typane, andre artar har begge på same planten. Viktige kjenneteikn elles ligg i storleik på blomen, formen på blomeblada (kronblad) og om dei overlappar eller ikkje, formen på nektargropa ved grunnen av blomeblada (sterk lupe!), og formen og hårklednaden på smånøttene. Variasjonen i gruppa er sterkt prega av hybridisering, og det er mogleg at storparten av dei plantane vi finn i norsk natur, er hybridar. Slike hybridar har oftast eller alltid fruktabort (frukthovudet utviklar seg ikkje til smånøtter) og ofte blad som er mellomformer mellom flyteblad og undervassblad, det vil seie flyteblad med frå nokre til mange trådforma flikar saman med dei breie flikane.

Korleis bruke bestemmingsnøklar?

Vurder svaralternativa i nøkkelen opp mot det som skal bestemmast, og vel det alternativet som passar. Finst det fleire enn to svaralternativ er det mogleg å velja bort karaktertrekka som ikkje passar. Du kan bla forbi spørsmål om karakterar du er usikker på, eller spørsmål det ikkje er mogleg å svara på. Du treng heller ikkje svara på alle spørsmåla eller svara i ei bestemd rekkefølge. Her finst mange vegar til målet! Ein god strategi er å svara på dei enklaste spørsmåla først. Når ein kjem til eit namneforslag, så må ein sjekke at omtale og bilde samsvarar med planta ein vil namnfeste.