Gjennom Artsprosjektet skal Artsdatabanken stimulere til å styrkje faglege nettverk, og auke kompetansen på dårleg kjende artsgrupper. Me tek no imot søknader om tilskot til dette.

Artsprosjektet er eit viktig bidrag til arbeidet med å betre kunnskapen og kompetansen om artar i norsk natur. Workshops, seminar, konferansar, eller andre faglege tiltak, gjer at forskarar, studentar og amatørar får møtt kvarandre og får utveksla kunnskap og kompetanse. Slik vert gode faglege samarbeidsrelasjonar og nettverk etablert. Artsdatabanken opnar no for at det kan søkjast om tilskot til slike tiltak.

Viktige kriterium for vurderinga av søknader er fagleg kvalitet, i kva grad tiltaket lar seg gjennomføre og relevans jamfør utlysinga.

Total budsjettramme for utlysinga er kr 500 000, og maksimal stønadssum per søknad er kr 125 000. Aktivitet kan tidlegast starte 16. mai 2022. Tiltaket må gjennomførast seinast innan oktober 2023.

Søknadsfristen er nå utløpt

Søknader som blir mottekne etter at fristen har gått ut vil ikkje bli vurdert. Søknader vil vere ferdig behandla av Artsdatabanken innan 6.mai 2022.

For å opprette og sende søknad, gå til Artsprosjektet - søknadskjema .

Kontaktpersonar

Stine Svalheim Markussen

Telefon: 47 75 37 14
E-post: stine.markussen@artsdatabanken.no

Eveliina Kallioniemi

Telefon: 41 66 79 75 
E-post: eveliina.p.kallioniemi@artsdatabanken.no

På jakt etter tovengar i forbindelse med eit kurs om tovengar i 2021 i regi Forskerskolen i biosystematikk.