Småriddarsporeslekta står nære riddarsporeslekta Delphinium; ho er eigentleg ei gruppe eittårige riddarsporeartar. Slekta er heimleg i Mellom- og Vest-Europa nord til Sør-Skandinavia, men i Noreg er det berre påvist tre framande artar. Dei er alle sjeldsynte i nyare tid.

Åkerriddarspore, éin av dei tre sjeldsynte framande artane i slekta som er funnen i Noreg.

På verdsbasis omfattar slekta Consolida om lag 40 artar som er heimlege i Vest-Europa, Middelhavsområdet og Asia (hovudsakleg Sørvest-Asia). Slekta er ei monofyletisk gruppe av eittårige artar som fylogenetisk er omslutta av Delphinium (sjå Jabbour og Renner 2011). Morfologisk skil desse artane seg frå Delphinium i at dei sistnemnde oftast er fleirårige og meir høgvaksne og i at Consolida berre har éin skolmkapsel, medan Delphinium har fleire.

Småriddarsporeslekta har ingen heimlege artar i Noreg, men vi har tre framande representantar som berre sjeldan er funne i nyare tid.

Slekta omfattar i Noreg eittårige urter med blad som er to gonger tredelte med trådsmale flikar. Klasen er kort med blå eller raudfiolette, monosymmetriske blomar der dei to øvre kronblada er vaksne saman. Blomen har eitt fruktblad som utviklar seg til ein skolmkapsel. Slekta står nære Delphinium og vert ofte handsama saman med ho, men dei morfologiske skilnadene gjer at mange likevel held dei frå kvarandre.

Småriddarspore-slekta står nære riddarsporeslekta, Delphinium, men artane i den første er eittårige og meir lågvaksne og utviklar berre éin skolmkapsel. Dei fem begerblada er kronbladliknande og ulikt store, det øvre med ein lang spore.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Jabbour F og Renner SS (2011). Consolida and Aconitella are an annual clade of Delphinium (Ranunculaceae) that diversified in the Mediterranean basin and the Irano-Turanian region. Taxon 60: 1029–1040.

Jabbour F og Renner SS (2012). A phylogeny of Delphinieae (Ranunculaceae) shows that Aconitum is nested within Delphinium and that Late Miocene transitions to long life cycles in the Himalayas and Southwest China coincide with bursts in diversification. Molecular Phylogenetics and Evolution 62: 928–942.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. Fourth edition. C & M Floristics, United Kingdom. 1266s.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Småriddarsporeslekta Consolida (DC.) Gray. www.artsdatabanken.no/Pages/315291. Lasta ned <dag/månad/år>.