Rankeslekta er i Noreg truleg mest kjend som flotte hageplantar, og nokre av desse har forvilla seg. Mindre kjent, men ikkje desto mindre spanande, er det at vi òg har ein heimleg art i slekta, nemleg skogranke. Denne arten gøymer seg bort i skuggerike bekkekløfter i eit lite område i Gudbrandsdalen.

Gullranke Clematis tangutica ein av dei dyrka og forvilla artane i rankeslekta.

På verdsbasis er rankeslekta Clematis ei stor slekt med om lag 300 artar, og opp mot 100 av desse er endemiske for (begrensa til) Kina. Utbreiinga har eit tyngdepunkt i tempererte område, men det finst òg nokre artar i boreale, subalpine og tropiske område.

Fleire infraspesifikke inndelingar i seksjonar, grupper og underslekter har vore freista. Stundom har slekta òg vore splitta opp i Atragene og Viticella, i tillegg til ei snevrare avgrensa slekt Clematis. Desse slektene vert i dag oftare handsama som underslekter. Slektene Archiclematis og Naravelia, som ikkje er representerte hos oss, har tidlegare vore rekna som særskilde slekter på grunn av avvikande morfologi, men molekylære undersøkingar har synt at dei er fylogenetisk omslutta av slekta Clematis, og at dei morfologiske karakterane som skil dei frå resten av Clematis, ikkje er heilt til å lite på.

Rankeslekta omfattar klengjebuskar og fleirårige urter. Artane har motsette, kopla eller finna, sjeldan enkle, blad. Blomane er oftast firetalige, klokkeforma eller opne, med petaloide (kronbladliknande) begerblad og hos nokre artar òg med kronblad som ei bikrone. Griffelen strekkjer seg, blir oftast fjørforma, og sit att på frukta og sørgjer for vind- og dyrespreiing av fruktene. Vi har så langt registrert åtte artar i Noreg. Av desse er berre éin art, skogranke C. sibirica, heimleg hos oss; dei andre er framande artar som i hovudsak er innførte som prydplantar. Nokre av desse er i auke; andre er funne berre eit fåtal gonger.

Ei rekkje hybridar og kultivarar er utvikla innanfor slekta, og desse er høgt skatta hageplantar.

I rankeslekta finn vi klengjebuskar og urter med motsette blad. Blomane er oftast 4-talige med kronbladliknande begerblad. Griflane strekkjer seg, sit at på frukta, og sørgjer for vind- eller dyrespreiing av fruktene.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Jonsell L (2001). Clematis L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 297–299.

Keener CS og Dennis WM (1982). The subgeneric classification of Clematis (Ranunculaceae) in temperate North America north of Mexico. Taxon 31: 37–44.

Liu H-J, Ding C-H, He J, Cheng J, Pei LY og Xie L (2018.) Complete chloroplast genomes of Archiclematis, Naravelia and Clematis (Ranunculaceae), and their phylogenetic implications. Phytotaxa 343(3). https://doi.org/10.11646/phytotaxa.343.3.2

Pringle JS (1997). Clematis Linnaeus. I: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae: 158–176.

Wencai W og Bartholomew B (2001). Clematis Linnaeus. I: Wu ZY, Raven PH og Hong DY (red.), Flora of China.6. Caryophyllaceae through Lardizabalaceae: 333–386.

Xie L, Wen J og Li L-Q (2011). Phylogenetic analyses of Clematis (Ranunculaceae) based on sequences of nuclear ribosomal ITS and three plastid regions. Systematic Botany 36: 907–921.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Rankeslekta Clematis L. www.artsdatabanken.no/Pages/315281. Lasta ned <dag/månad/år>.