Kvitsennepslekta
Sinapis
Kvitsennepslekta har no, etter at åkersennepen forsvann inn i slekta Rhamphospermum, berre to artar: kvitsennep, som vi finn som framand i Noreg, og ein art ved det vestlege Middelhavet og på Kanariøyane.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Plantane er eittårige og rutt strihåra. Blada er ujamt buktflika eller dobbelt buktflika. Blomestanden er ein kort klase som strekkjer seg under fruktmogninga. Begerblada er sprikjande, utan sekkforma grunn og fell tidleg av. Kronblada er gule og med tydelege skaft. Frukta er ei langskulpe der griffeldelen er lengre enn veggdelen, og der griffeldelen er eit markert og flatt nebb utan frø. Frøa sit i éi rekkje i veggdelen.
Oppfatninga av kvitsennepslekta hos Elven mfl. (2022) er allereie utdatert. Molekylære analysar syner at den eine av våre to tradisjonelle Sinapis-artar, åkersennep Sinapis arvensis må gå over, saman med mellom anna svartsennep Brassica nigra, i ei anna slekt: Rhamphospermum, der som artane Rhamphospermum arvense (åkersennep) og Rhamphospermum nigrum (svartsennep), medan kvitsennep blir att i slekta Sinapis saman med ein vestmediterran art: Sinapis flexuosa Poir. Sjå Al-Shehbaz (2021). Dette er òg tatt til følgje i Plants of the World Online (POWO).
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2021). Nomenclatural adjustments in Eutrema, Ceratocnemum, Rhamphospermum, and Sinapis (Brassicaceae, Cruciferae). Harvard Pap. Bot. 26,1: 1-4.
Chater AO (1993). Sinapis L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 409-410.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 6/11/2022
Warwick SI (2010). Sinapis Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 441–443.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Kvitsennepslekta Sinapis L. www.artsdatabanken.no/Pages/313813. Lasta ned <dag.månad.år>.