Engelskkarseslekta er ei lita slekt med berre fire artar: to i Europa, Afrika og Asia og to i sørlegaste Nord-Amerika og Mellom-Amerika. Begge dei to europeiske artane er no funne i Noreg: engelskkarse og brun engelskkarse. Den førstnemnde er framand, medan den sistnemnde truleg er heimleg.

Engelskkarseslekta har to artar i Noreg: brun engelskkarse (på biletet), som truleg er heimleg, og engelskkarse, som er framand.

Engelskkarse-artane er fleirårige urter med nedliggjande til oppstigande stenglar som rotslår ved bladfesta. Dei er snaue eller har nokre få, ugreina hår. Alle blada er finna med elliptiske til avrunda småblad. Blomestanden er ein klase som ikkje strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Begerblada er tiltrykte til oppstigande og dei er ikkje sekkforma ved grunnen. Kronblada er kvite og lengre enn begerblada. Frukta er ei langskulpe, men ikkje svært lang, med konvekse skulpeveggar og ein lite markert midtnerve. Frøa sit i éi eller to rekkjer i kvart skulperom.

Engelskkarse-artane er fleirårige urter med nedliggjande til oppstigande stenglar som rotslår ved bladfesta.

To artar er vidt utbreidde i Europa, Nord- og Nordaust-Afrika og Vest-Asia, ein av dei òg i Søraust-Australia. To amerikanske artar er mykje meir lokale, den eine berre i Florida; den andre i California og Mellom-Amerika.

Fram til kring 1990 var Nasturtium-artane oftast inkluderte i brunnkarseslekta Rorippa. Det er nokre morfologiske skilnadar, mellom anna at dei er kvitblomstra, fleirårige og med rotslåande stenglar, og at dei har samansette (finna) blad, ikkje berre djupt delte blad. Botanikaren Les (1994) synte, med molekylære markørar, at engelskkarseslekta var godt skilt frå brunnkarseslekta og stod nærare engkarseslekta Cardamine. Al-Shehbaz og Price (1998) fann at dei morfologiske trekka fell saman med ulike molekylære markørar og bekrefta konklusjonen til Les (1994). Sidan då har dei fleste forfattarar akseptert engelskkarseslekta som ei lita slekt separat frå brunnkarseslekta, men nokså nær opp til engkarseslekta.

Engelskkarse-artane kan bli forveksla med artar av engkarseslekta, men skil seg frå desse mellom anna i at stenglane er innhole og saftige, og i at frukta er kortare og tjukkare enn vi finn i engkarseslekta. Frå brunnkarseslekta skil dei seg i at kronblada er kvite, i at alle blada er finna (samansette) og ikkje berre delte, og i at dei har noko nedliggjande stenglar som rotslår i bladfesta.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Nasturtium W. T. Aiton. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 489–492.

Al-Shehbaz IA og Price RA (1998). Delimitation of the genus Nasturtium (Brassicaceae). Novon 8: 124–126.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Elven R og Hegre H (2023). To arter av engelskkarse Nasturtium i Norge. Blyttia 81: 199–203.

Les DH (1994). Molecular systematics and taxonomy of lake cress (Neobeckia aquatica; Brassicaceae), an imperiled aquatic mustard. Aquatic Botany 49: 149–165.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Valentine DH (1993). Nasturtium R. Br. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 345–346.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Engelskkarseslekta Nasturtium W.T.Aiton. www.artsdatabanken.no/Pages/313806. Lasta ned <dag.månad.år>.