Sløyfeslekta
Iberis
Sløyfeslekta Iberis omfattar oppunder 30 artar som er heimlege kring Middelhavet og nærliggjande område. I Noreg er dei framande og innførte som prydplantar. Tre artar er ofte funne forvilla, men ingen av dei har enno vorte heilt bufaste i norsk natur.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Sløyfe-artane er eitt- eller fleirårige urter og halvbuskar. Stenglar og blad kan vere snaue eller dunhåra. Skotta er ofte greina høgt oppe. Blada er heile, rundtanna eller grunt flika, og ofte litt tjukke. Blomestandane er korte, flate klasar eller halvskjermar. Det mest særprega er at blomane er noko monosymmetriske, med to korte og to lange kronblad, og der dei lange kronblada peiker utover i klasen. Kronblada er store og kvite, lysraude eller lyst purpurfarga. Frukta er ei kortskulpe med vengjekantar som øvst endar i ein spiss eller butt topp. Skiljeveggen sit på tvers i den flate skulpa. Det sit to frøemne i kvart skulperom, men ofte utviklar berre det eine seg.
Slekta Iberis har 28 aksepterte artar, utbreidde i Middelhavsområdet og nærliggjande delar av Vest-Europa, Nord-Afrika og Vest-Asia. Mange av artane har berre ei lita, lokal utbreiing (dei er endemiske). Dei tre artane som blir omtala nedanfor, er alle vanlege som hageplantar i nordleg tempererte strøk.
På grunn av dei noko monosymmetriske blomane som sit i halvskjermar, og den runde frukta med tydelege vengjekantar med ein topp øvst, blir ikkje Iberis-artane lett forveksla med andre krossblomar.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Iberis Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 563–564.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Pinto da Silva AR og Amaral Franco J (1993). Iberis L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 390–393.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Sløyfeslekta Iberis L. www.artsdatabanken.no/Pages/313797. Lasta ned <dag.månad.år>.