Himmelblomslekta
Heliophila
Himmelblomslekta er ei nokså stor slekt med meir enn 70 artar, alle heimlege berre i det sørlege Afrika, i republikken Sør-Afrika og naboområda. Slektsnamnet Heliophila tyder ‘solelskande’. Éin art er funnen éin gong i Noreg, truleg som bevisst eller ubevisst utsådd med grasfrø.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Himmelblomslekta er uvanleg mangfaldig, med eit spenn frå eittårige urter til buskar og nokre klatreplantar. Dei er snaue eller med ugreina hår. Blada varierer mykje i form og om dei er flika, tanna eller heile. Blomane varierer mykje i storleik, frå dei største til kanskje dei minste i heile krossblomfamilien. Blomefargen kan vere himmelblå, lilla, rosa eller kvit. Fruktene er vanlegvis langskulper med skiljeveggen på langs, og dei er ofte innsnørte mellom frøa. Frøa sit oftast i éi rekkje i kvart skulperom.
Artane i slekta har uvanleg mange grunntal og kromosomtal. Dei er kjende som di- og tetraploide med grunntala x = 8, 9, 10 og 11 og kromosomtala 2n = 16, 18, 20, 22, 32 og 44.
Himmelblomartane er avgrensa til det sørlege Afrika, hovudsakleg til republikken Sør-Afrika (og landa Lesotho og Eswatini som er omslutta av republikken), men med nokre artar inn i Namibia. Dei blir noko dyrka som sommarblomar, men er knapt funne forvilla.
Kjelder
Bean PA (1990). The unusual newly discovered Heliophila ephemera from the southern Cape, and its position in the family Brassicaceae. South African Journal of Botany 56: 670–674.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Marais W (1970). Cruciferae. I LE Codd, R de Winter, DJB Killick og HR Rycroft (red.), Flora of Southern Africa 13: 1–117.
Mummenhoff KM, Al-Shehbaz, IA, Bakker FT, Linder HP og Mühlhausen A (2005). Phylogeny, morphological evolution, and speciation of endemic Brassicaceae genera in the Cape flora of Southern Africa. Annals of Missoury Botanical Garden 92: 400–424.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Himmelblomslekta Heliophila Burm. f. ex L. www.artsdatabanken.no/Pages/313794. Lasta ned <dag.månad.år>.