Polarreddikslekta
Eutrema
Polarreddikslekta har ein stad mellom 25 og 45 aksepterte artar. I Noreg og Europa har vi berre éin art: polarreddik. Han er heimleg og veks berre på Svalbard.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Plantane i polarreddikslekta er eitt- eller fleirårige (fleirårig i Noreg) og snaue eller med ugreina hår. Grunnblada er enkle og oftast heile eller handflika; stengelblada er heile eller grunt tanna. Blomestanden strekkjer seg oftast sterkt etter bløming. Begerblada har ikkje sekkforma grunn. Kronblada er kvite eller rosa. Frukta er ei kort langskulpe eller ei kortskulpe (fleire artar i grenseområdet med skulpe om lag tre gonger så lang som brei) med frø i éi rekkje i kvart skulperom.
Nokre andre slekter er no slått inn under polarreddikslekta på grunnlag av molekylære analysar. Kjernegruppa (“gamle” Eutrema) utgjer om lag 10 artar, om lag alle saman i og kring Himalaya, med berre éin art utanfor Sentral- og Aust-Asia.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Eutrema R. Brown. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 555–556.
Ball PW (1993). Eutrema R. Br. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 322.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Polarreddikslekta Eutrema R.Br. www.artsdatabanken.no/Pages/313793. Lasta ned <dag.månad.år>.