Svinesennepslekta omfattar om lag 14 artar utbreidde som heimlege i Europa, Afrika og Arabia. To artar er funne i Noreg, og berre éin av dei med bufast førekomst: byugraset svinesennep.

Artane er eitt- til fleirårige urter med djupt flika blad og blomar i klase. Blomane nede i klasen har tanna til flika støtteblad, noko som ikkje er vanleg blant krossblomane. Begerblada er opprette til sprikjande og er stundom litt sekkforma ved grunnen. Kronblada er gule eller kvite og med eit smalt skaft. Skulpa er linjeforma, i veggdelen med éin kraftig nerve på kvar vegg og med eit grant nettverk av sidenervar. Frøa sit i éi rekkje i kvart rom i veggdelen. Griffeldelen kan òg ha nokre få frø, men dei to artane som er funne i Noreg, har frølaus griffeldel.

Kjelder

Tutin TG og Akeroyd JR (1993). Erucastrum C. Presl. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 410–411.

Warwick SI (2010). Erucastrum C. Presl. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 435.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Svinesennepslekta Erucastrum C.Presl. www.artsdatabanken.no/Pages/313790. Lasta ned <dag.månad.år>.