Hundesennepslekta omfattar i underkant av 50 artar som er vidt utbreidde på heile den nordlege halvkula og i Sør-Amerika. Artane har nokså små, gule eller gulkvite blomar, langskulper og ofte svært findelte blad. Tre artar er kjende frå Noreg, alle truleg framande.

Artane er eittårige til fleirårige urter, halvbuskar eller buskar. Dei kan vere snaue eller håra, og då oftast med uregelrett fleirgreina (dendroide) hår. Blada er djupt 1–3 gonger finna, ofte med smale, tanna flikar. Blomestanden er ein klase som hos nokre artar strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Kronblada er gule eller gulkvite. Fruktene varierer mykje, men er oftast trinne langskulper der veggane har ein tydeleg midtnerve. Dei er utan nebb og med svært kort eller utydeleg griffel. Frøa sit i éi eller to rekkjer i kvart skulperom.

Artane har grunntal x = 7. Storparten av dei er diploide (2n = 14), men fleire òg tetraploide (2n = 28) eller heksaploide (2n = 42).

Slekta er vidt utbreidd, men har tre sentera med mange artar: Nord- og Mellom-Amerika (17 artar), Sør-Amerika (om lag 20 artar) og Kanariøyane (7 artar, alle buskar). Utanfor desse områda er det berre 3–4 artar i heile Europa, Asia og Nord-Afrika. I Noreg er éin art gammal og nokså vidt utbreidd og truleg framand art, medan to andre er amerikanske, komne inn med korn og berre med tilfeldige førekomstar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Goodson BE og Al-Shehbaz IA (2010). Descurainia Webb & Berthelot. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 518–529.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Hundesennepslekta Descurainia Webb & Berthel. www.artsdatabanken.no/Pages/313785. Lasta ned <dag.månad.år>.