Rosekarseslekta
Braya
Slekta inneheld globalt om lag 20 artar. Dei to norske artane av slekta, rosekarse og purpurkarse, er begge heimlege, sjeldsynte og plantegeografisk interessante fjell- og tundraplantar.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Braya-artane er fleirårige rosettplantar, med eller utan stengelblad, og dei er ofte noko raudfarga. Dei er korthåra med både ugreina og greina hår. Blada er om lag heile. Blomestanden er ein kort klase som strekkjer seg lite eller ikkje i fruktstadiet. Kronblada er kvite eller raudlege og tverre i enden. Frukta ligg i grenselandet mellom kortskulpe og langskulpe (skilnaden går på om dei er opptil tre gonger så lange som breie eller meir enn tre gonger så lange som breie). Nokre artar har kortskulpe, andre langskulpe. Skulpa er kortskafta, trinn, litt knudrete og håra, med éin nerve på kvar skulpevegg og ein kort griffel. Frøa sit i éi eller to rekkjer i kvart skulperom (skilnad mellom artar).
Braya-artane er små og nokså konkurransesvake fjell-, berg- og tundraplantar. Dei veks i open tundra, på berg, i rasmark og på elveøyr. Slekta har kring 20 aksepterte artar (22 artar i Plants of the World Online, 17 artar hos Harris 2010), særleg mange i Asia frå Arktis sør til Himalaya og i Nord-Amerika frå Arktis sørover i Rocky Mountains til Colorado. Det er òg 3–4 artar på Grønland. I Europa er det berre tre artar: Braya alpina Sternb. & Hoppe som er ein sjeldsynt plante i Alpane i Italia og Austerrike, rosekarse Braya linearis på Grønland og i Skandinavia, og purpurkarse Braya purpurascens som er spreidd sirkumpolar.
Artsavgrensinga er stundom vanskeleg i Braya, og det er årsaka til dei noko ulike artstala for slekta hos Harris (2010) og i Plants of the World Online (POWO). Harris reknar ei rekkje einingar som rasar (underartar) under breiare artar, der POWO reknar dei som særskilde artar. Her ligg nok Norsk flora (Elven mfl. 2022) og Panarctic Flora (PAF, Elven mfl. 2011) nærare handsaminga i POWO.
Den einaste mogelege forvekslinga er med rublom-artar i Draba, særleg når plantane berre er i bløming. Draba-artane har fruktknute og frukt som er elliptisk (til om lag rund) til eggforma eller lansettforma (eller omvendt eggforma) og alltid ei kortskulpe. Braya-artane har fruktknute og frukt som er linjeforma eller pølseforma og oftast ei langskulpe. Braya-artane har ofte noko raudskjær i kronblad og stundom i stengel og blad, men aldri gult, medan Draba-artane aldri har noko raudskjær i nokon del av planten, og mange av dei er gulbloma.
Kjelder
Ball PW (1993). Braya Sternb. & Hoppe. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 323.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Elven R, Murray DF, Razzhivin V og Yurtsev BA (red.) (2011). Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF). http://panarcticflora.org/
Harris JG (2010). Braya Sternberg & Hoppe. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 546–552.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Rosekarseslekta Braya Sternb. & Hoppe. www.artsdatabanken.no/Pages/313772. Lasta ned <dag.månad.år>.