Steindodreslekta er ei lita slekt med om lag ti artar, utbreidde som heimlege i austlege Mellom- og Søraust-Europa og i Tyrkia. Berre éin art er funnen i Noreg, som ein framand, litt forvilla prydplante: steindodre.

Steindodreslekta omfattar fleirårige arter som er meir eller mindre forveda ved grunnen. Plantane har stjernehår, uregelrett greina hår eller skjoldhår. Grunnblada er tydeleg større enn stengelblada. Artane veks hovudsakleg på kalkberg i austlege Mellom-Europa, austlege Middelhavsområdet og Tyrkia.

Kjelder

Akeroyd JR og Ball PW (1993). Aurinia (L.) Desv. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 369–371.

Al-Shehbaz IA (2010). Aurinia Desvaux. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 253–254.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Steindodreslekta Aurinia Desv. www.artsdatabanken.no/Pages/313768. Lasta ned <dag.månad.år>.