Laukurtslekta
Alliaria
Laukurtslekta er ei lita slekt med berre to artar: den eurasiatiske og vidt utbreidde arten laukurt, og ein art som berre veks i (er endemisk for) Kaukasus. Slektsnamnet Alliaria syfter på at plantane luktar lauk når dei blir knuste eller gnidde på.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Laukurt-artane er eitt- eller toårige, meir sjeldan fleirårige, og dei har ugreina hår. Grunnblada er enkle og tanna. Begerblada har ikkje pose ved grunnen, og kronblada er kvite. Skulpeveggane har tre nervar, og griffelen er tydeleg. Frøa er relativt store, det vil seie 2,5–4,5 mm. Slekta er utbreidd frå Europa og Nordvest-Afrika aust til Sentral- og Sørvest-Asia (til nordlege Myanmar). Laukurt Alliaria petiolata er utbreidd i heile dette området, medan Alliaria taurica (Adam) V.I.Dorof. er endemisk for Kaukasus. Den vidt utbreidde arten er introdusert og naturalisert mellom anna i Nord-Amerika (der han vert aktivt bekjempa), Argentina, New Zealand og Korea.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Alliaria Heister ex Fabricius. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 744–745.
Ball PW (1993). Alliaria Scop. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 322.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Laukurtslekta Alliaria Heist. ex Fabr. www.artsdatabanken.no/Pages/313763. Lasta ned <dag.månad.år>.