Det er noko uvisst om vi har sierravrifuru i landet, og kor mykje det eventuelt er av ho. Ho er rapportert frå Lofoten, men det er noko tvil knytt til bestemminga. Ho kjem frå sørvestlege Nord-Amerika.

Kjenneteikn

Sierravrifuru er eit, rettstamma tre som kan bli over 40 m høgt. Nålene blir opptil 8 cm lange. Konglene er rette (ikkje skeive/asymmetriske) og står rett ut på kvisten. Alle konglene opnar seg tidleg og fell av andre året, etter frøspreiinga.

Kromosomtal

Sierravrifuru er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Sierravrifuru er utbreidd i subalpine skogar i vestlege Nord-Amerika, frå Baja California i Mexico i sør, gjennom California, Nevada og Oregon, til Washington i nord. I Noreg er ho rapportert éin gong frå Lofoten, men ho kan vere oversett.

Forvekslingar

Om ein skal bestemme varietetane av vrifuru, så er kongleform og -stilling viktige skilnadar. Sierravrifuru har rette kongler som står rett ut frå kvisten. Ho har kongler som opnar seg og fell av andre året, etter frøspreiinga. Kystvrifuru var. contorta har kongler som er tydeleg skeive og tilbakebøygde på kvisten. Ho har kongler som oftast ikkje opnar seg utan påverknad frå skogbrann, så dei sit på i mange år. Innlandsvrifuru var. latifolia har kongler som er litt skeive og tilbakebøygde på kvisten. Ho har nokre kongler som opnar seg og fell av etter frøspreiinga, medan andre blir sitjande att uopna på kvisten i mange år i påvente av ein skogbrann. Dessutan er sierravrifuru og innlandsvrifuru store, rettstamma tre, medan kystvrifuru ofte er buskforma eller eit kortvokst, krokute tre.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Earle, CJ (1997-2020). The Gymnosperm Database. https://www.conifers.org/pi/Pinus_contorta_murrayana.php Lasta ned 15/11/2023.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Kral R (1993). Pinus Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico. 2: 373–398. Oxford University Press, New York, Oxford.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Sierravrifuru Pinus contorta var. murrayana (Balf.) Engelm. www.artsdatabanken.no/Pages/305226. Lasta ned <dag.månad.år>.