Barlindfamilien er noko isolert frå dei andre familiane av bartre. Familien vart tidlegare ofte rekna til ein særskild orden, Taxales, men blir no oftare inkludert i den store ordenen Cupressales, som søstergruppe til sypressfamilien. Hovudskilnaden ligg i korleis frøet ligg. I Noreg finst berre slekta barlind som heimleg og som forvilla.

Eit felles trekk for familien er at hokongla berre har eitt frøemne og frø, og at dette er meir eller mindre omslutta av ei frøkappe, ein arillus, danna av eitt eller fleire samanvaksne kongleskjel. Hos sjølve slekta barlind er denne frøkappa raud og rekk om lag halvveges opp på frøet. Hos andre slekter, særleg Torreya i Aust-Asia og Nord-Amerika, omsluttar ho heile frøet. Uansett, seier dette at frøa blir spreidde med dyr, særleg fugl.

Familien har seks slekter, fire av desse begrensa til Søraust-Asia og Stillehavsområdet: Amentotaxus i Søraust-Asia, Austrotaxus på Ny-Caledonia, Cephalotaxus i Aust-Asia, Pseudotaxus i Kina, Torreya med fire artar i Aust-Asia og to i Nord-Amerika, og altså vår slekt: barlind Taxus, med 6–10 svært like og truleg nært beslekta artar.

Kjelder

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Hils MH (1993). Taxaceae Gray, Yew family. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico. 2: 423–427. Oxford University Press, New York, Oxford.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 15/11/2023

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Barlindfamilien Taxaceae Bercht. & J.Presl. www.artsdatabanken.no/Pages/305098. Lasta ned <dag.månad.år>.