Hybridbarlind er ein hybridart danna kunstig i USA mellom artane barlind frå Europa og japanbarlind frå Japan. Hybridbarlind er mykje meir hardfør enn barlind, svært mykje i bruk som hekkplante i Noreg, og ho forvillar seg mykje.

Hybridbarlind er ein hagehybridart mellom europeisk barlind og japanbarlind.

Kjenneteikn

Unge kvistar hos hybridbarlind er olivengrøne. Kvistane har utydelege rekkjer av nåler som ikkje står rett ut til sida på kvisten som hos barlind, og nålverket blir difor ikkje flatt. Nålene er mellomgrøne på oversida, meir gulgrøne under, og dei er spisse. Knoppane har knoppskjel med ein ganske utydeleg kjøl på ryggen. Hannkonglene er lysgule og sit i tette klasar. Dei er kuleforma med skjoldforma pollenblad. Hokonglene (hoblomane) er grøne og sit enkeltvis. Dei har nokre få taklagde kongleskjel, det øvste med eitt frøemne med ein ring av samanvaksne kongleskjel ved grunnen. Ringen veks ut til ei raud, saftig frøkappe (arillus) kring nedre delen av frøet. Frøet er ca. 10 mm langt (litt større enn hos heimleg barlind). Med unnatak for frøkappa, er heile busken giftig. Hybridbarlind spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa blir spreidde med fugl på grunn av den saftige frøkappa.

Hybridbarlind har kortare og meir gulgrøne nåler enn heimleg barlind, her ein hannplante med hannkongler.

Frøa og frøkappa er litt større hos hybridbarlind (nedst) enn hos heimleg barlind (øvst).

Vinterknoppane hos hybridbarlind har ein liten kjøl på knoppskjela, noko som gjer knoppane noko meir kantete enn hos heimleg barlind.

Knoppskjela hos hybridbarlind har ein kjøl, medan knoppskjela hos vår heimlege barlind berre har ein nokså rund rygg.

Kromosomtal

Hybridbarlind er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Hybridbarlind er innført som prydplante og blei først rapportert som forvilla i 2012, noko som er mykje seinare enn då vi trur at spreiinga starta. Arten er heilt sikkert oversett, kanskje i fleire tiår, og er no bufast og i rask auke i norsk natur. Han finst oftast på forstyrra stader nær hagar, men blir spreidd med fugl ut i krattskog og skogkantar. Hybridarten er vanskeleg å skilje frå barlind, og utbreiinga er difor ikkje godt kjend. Det er truleg at mykje av det som er rapportert som barlind dei siste par tiåra, både innanfor og utanfor dei tidlegare kjende områda for arten, er hybridbarlind. Slike rapportar kjem frå Austlandet inn til Nes og Nittedal i Akershus, Lunner i Oppland og Tinn i Telemark, og frå kyststrøk nord til Nordmøre og Trondheimsfjorden. Kor utbreidd hybridbarlind er i naturen i dag, er uvisst, men arten er dokumentert frå mange stader på Austlandet. Hybridbarlind er truleg knytt til nemoral til sørboreal sone.

Kommentarar

Dyrka barlind kan vere med eller utan genetiske innslag frå japanbarlind, og dette kan gjere identifiseringa vanskeleg. Hybridbarlind er innført i Noreg og mykje i bruk i hagar og parkar. Det er difor ein risiko for genetisk forureining av heimleg barlind, både ved kryssing med innført barlind og med hybridbarlind. I seinare tid er det funne mykje plantar av barlind (slekta) på stader der slekta ikkje har vore kjend tidlegare, og dette gjeld i særleg grad i byar, tettstader og andre busetnadar på Austlandet og Sørlandet. Det er rimeleg å anta at slike observasjonar gjeld innført barlind og hybridbarlind.

Forvekslingar

Det er vanskeleg å skilje barlind Taxus baccata frå hybridbarlind. Barlind har nåler i to tydelege, sidestilte rekkjer på eldre skott, og har difor nokså avflata nålverk, medan hybridbarlind har nåler i mindre tydelege rekkjer, dei sit meir kring heile kvisten og ikkje i eit avflata nålverk. Barlind har nåler som er grågrøne til klårt grøne på undersida, og unge kvistar er grågrøne. Hybridbarlind har nåler som er gulgrøne på undersida og unge kvistar er gulgrøne. Knoppskjela hos hybridbarlind har ein kjøl på ryggen, medan barlind har knoppskjel med nokså rund rygg. Japanbarlind skil seg mellom anna i at ho har spisse knoppskjel med markert rygg, og nåler som er enno meir gulgrøne på undersida.

Det er ikkje uvanleg å forveksle edelgran Abies alba og barlind. Barlind har spisse nåler med grøne undersider, utan synlege striper eller band av spalteopningar. Dette skil barlind frå alle artar av edelgran. Edelgran har som oftast butte eller utranda nålspissar, med unnatak for gresk edelgran Abies cephalonica. Alle edelgranartar har to gråkvite eller kvite band med spalteopningar på undersida av nålene.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Fægri K (1960). Maps of distribution of Norwegian vascular plants. I. The coast plants. 134 s.

Hils MW (1993). Taxaceae Gray. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico 2: 423–427.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Hybridbarlind Taxus ×media Rehder. www.artsdatabanken.no/Pages/285862. Lasta ned <dag.månad.år>.