Alpebergfuru er ein underart av bergfuru. Han kjem frå fjellstrøk i Mellom-Europa. Underarten vart innført til Noreg i alle fall frå 1870-åra.

Kjenneteikn

Alpebergfuru blir ein stor busk eller oftare eit lite, einstamma eller fleirstamma tre på opptil 6 m, ofte med kongler på greiner langt ned mot grunnen. Greinene er bøygde oppover. Konglene er heilt rette (ikkje skeive), retta framover og held seg opprette lenge. Apofysen på kongleskjelet er konveks med ein umbo som er meir eller mindre høgt konisk.

Kromosomtal

Alpebergfuru er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtal 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Det er litt uvisst når alpebergfuru blei innført til Noreg, men ho har vore her i alle fall frå 1870-åra. Ho vart hovudsakleg innført for leplantning, men òg som prydbusk eller prydtre. Alpebergfuru set små krav, både med omsyn til næring i jordbotnen og til klima, og ho verkar vere i spreiing i store delar av landet. Forvillinga er knytt til nemoral og boreonemoral sone, men alpebergfuru er nok best tilpassa opne naturområde i høgareliggjande strøk. Ho er naturalisert mange stader i skog og hei langsmed kysten frå Østfold til Nordland. Ho er òg funnen talrike stader i innlandet, opp i fjellskogen, og nord til Finnmark.

Som heimleg er alpebergfuru utbreidd frå dei vestlege Alpane til dei nordlege Karpatane, i Frankrike, Sveits, Tyskland og Austerrike. Alpebergfuru er i heimlanda truleg oftast knytt til subalpine myrar i fjellstrøk.

Kommentarar

Alpebergfuru er éin av tre underartar av bergfuru frå fjellstrøka nord for Middelhavet. Alle dei tre underartane er dyrka og funne forvilla i Noreg, men det er uvisst i kor stort omfang kvar av dei finst. Sjølv om underartane har overlappande utbreiing i heimlanda, er dei oftast distinkte. Valet står mellom tre artar, to artar med ein hybridart imellom (rotundata), éin art med tre underartar, som er løysinga vi har valt her, eller éin art med to underartar og ein hybrid-underart.

Forvekslingar

Om ein skal bestemme underartane av bergfuru, så er forma på apofysen på kongleskjela ein viktig skilnad. Hos alpebergfuru subsp. rotundata er apofysen tydeleg konisk, hos fransk bergfuru subsp. uncinata er han høgt pyramideforma, og hos buskfuru subsp. mugo er han låg og ofte om lag flat. Dette gjer òg at konglene ser ulike ut. Hos buskfuru vender apofysen utover, medan han særleg hos fransk bergfuru er bøygd ned som eit breitt nebb. Buskfuru skil seg frå alpebergfuru og fransk bergfuru i at ho alltid er ein fleirstamma busk, medan dei to andre oftast er eitt- eller fleirstamma tre.

Kjelder

Basti M, Burian M, Kucera J, Prach K, Rektoris L og Stech M (2008). Central European pine bogs change along an altitudinal gradient. Preslia 80: 349–363.

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023.

Earle, CJ (1997-2020). The Gymnosperm Database. https://www.conifers.org/pi/Pinus_mugo.php Lasta ned 15/11/2023.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Jørgensen H og Rune F (2015). Træer og buske. Gyldendal, København. 356 s.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Alpebergfuru Pinus mugo subsp. rotundata (Link) Janch. & H.Neumayer. www.artsdatabanken.no/Pages/305051. Lasta ned <dag.månad.år>.