Skogsoleie er ei mellomstor soleie som er nærskyld med bakkesoleie. Det er to eller tre underartar i Noreg, og alle er heimlege. Desse er dei velkjende «smørblomane» i store delar av Noreg i vest, nord og i fjellstrøk.

Kjenneteikn

Arten skogsoleie, her representert ved underarten kystsoleie.

Skogsoleie er ei fleirårig urt som vert om lag 5–50 cm høg. Jordstengelen er kort og opprett, og planten veks ikkje i matter. Stengel og bladskaft er snaue eller med sprikjande hår. Grunnblada har kantete omriss og er delte meir enn halvvegs inn, men ikkje heilt til grunnen, i tre (sjeldan fem) hovudflikar (den grunnleggjande tredelinga er ein viktig skilnad mot R. acris som har grunnleggjande femdelte blad). Hovudflikane er eggforma eller avlange i omriss. Den midtre hovudfliken er delt mindre enn halvvegs inn til grunnen, med spisse eller butte flikar og tenner. Dei nedste støtteblada i blomestanden er enklare og mindre oppdelte enn grunnblada, oftast i tre hovudflikar. Blomeskafta er trinne. Blomestanden har frå ein til mange blomar som er frå 2 til 3,5 cm breie. Kronblada er glinsande gule. Begerblada er ikkje nedbøygde. Fruktfestet er snautt. Smånøttene er 2–4 mm lange, glatte, snaue og med kort og tydeleg bøygd til krøkt nebb.

Kromosomtal

Arten er diploid med grunntal 7. 2n = 14. Teljingar er utførte mellom anna på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Sjå dei einskilde underartane.

Kommentarar

«Engsoleie» var fram til og med 5. utgåva av Norsk Flora (Lid 1985) rekna som éin art med ein subsp. pumilus som ein fjellrase. I 6. utgåva (Lid & Lid 1994) blei ein tredje rase antyda, som «skogsoleie», men utan vitskapleg namn. I Flora Nordica skilde Nurmi (2001) ut tre underartar av R. acris som subspp. acrisborealis og friesianus, og subsp. borealis med tre varietetar (der to av desse gjekk inn i «skogsoleie»). I 7. utgåva av Norsk flora (Lid & Lid 2005) godtok ein fem underartar: subspp. acris, villosus, borealis, pumilus og friesianus. Namnet «borealis» høyrer til ein sibirsk art som ikkje finst i Noreg. I 8. utgåva av Norsk flora (Elven m.fl. 2022) er den tradisjonelle engsoleia delt på to artar: R. acris, bakkesoleie, der engsoleie er éin av to underartar, og R. subborealis, skogsoleie, med tre underartar. Årsaka til at vi no reknar med to artar er at det ikkje er dokumentert mellomformer mellom dei to, men fleire overgangar innanfor R. subborealis.

Forvekslingar

Skogsoleie med underartar kan verte forveksla med bakkesoleie; ikkje så rart sidan førstnemnde har vore handsama som underartar av R. acris. Skogsoleie veks ikkje i vide matter som den innførte underarten av bakkesoleie, parksoleie subsp. friesianus. Den heimlege underarten av bakkesoleie, engsoleie subsp. acris, veks heller ikkje i matter, men han skil seg frå skogsoleie i  at blada oftast er grunnleggjande femdelte, mot oftast grunnleggjande tredelte hos skogsoleie. Han skil seg òg i hårklednad på bladskaft og stengel (sprikjande hår eller snaue hos skogsoleie og oftast med tiltrykte hår hos engsoleie), omriss av bladflikar (eggforma eller avlange hos skogsoleie og omvendt lansettforma eller omvendt eggforma hos engsoleie), og deling av midtre hovudflik (delt mindre enn halvvegs inn hos skogsoleie og meir enn halvvegs inn hos engsoleie).

Skogsoleie liknar òg noko på nyresoleie, R. auricomus-gruppa, men skil seg ved at stengelblada ikkje har mange, om lag linjeforma flikar som hos nyresoleie, og i at grunnblada har kantete omriss hos skogsoleie, medan dei er rundare i omriss hos nyresoleie. Reduserte kronblad er dessutan sjeldsynte hos skogsoleie og vanlege hos nyresoleie.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Lid J (1985). Norsk, svensk, finsk flora. 5. utgåva, red. Gjærevoll O. Det Norske Samlaget, Oslo.

Lid J og Lid DT (1994). Norsk flora. 6. utgåva, red. Elven R. Det Norske Samlaget, Oslo.

Lid J & Lid DT (2005). Norsk flora. 7. utgåva, red. Elven R. Det Norske Samlaget, Oslo.

Nurmi J (2001). Ranunculus acris L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 281–285.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Skogsoleie Ranunculus subborealis Tzvelev www.artsdatabanken.no/Pages/286609. Lasta ned <dag/månad/år>.