Lita kystfrøstjerne ein heimleg plante som tilhøyrer arten kystfrøstjerne. Underarten veks spreidd i kyststrøk frå Østfold og Akershus til Hordaland.

Kjenneteikn

Lita kystfrøstjerne er ei 10–40 cm høg, fleirårig og noko dunhåra urt med sikksakkbøygd, liggjande til opprett stengel som er greina i øvre halvdelen. Blada er store og breie, fint oppdelte, 3–4 gonger finna med 5–15 mm breie småblad. Blomane er samla i ein vid og open, riktblømande topp med gule, lutande blomar. Blomane er små og firetalige utan kronblad og med begerblad som tidleg fell av, og med talrike pollenberarar i tett dusk i kvar blome. Pollentrådane er granne og gule eller bleikraude. Pollenknappane er gule og kort broddspisse. Arra har svært korte papillar. Blomane er vindpollinerte. Smånøttene er små, 3–5 mm lange, og grøne med langsgåande ribber.

Kromosomtal

Underarten er heksaploid med grunntal x = 7. 2n = 42. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Lita kystfrøstjerne veks på tørr sandmark, berg og i ur i nemoral til boreonemoral sone (dels òg i sørboreal sone). Underarten er sørleg og veks spreidde stader i kyststrøk frå Østfold og Akershus vestover til Hordaland (Ulvik, Voss og Fusa). Han er særleg vanleg på etablert sanddynemark kring ytre Oslofjorden i Østfold og Vestfold, på Lista (Farsund, Vest-Agder) og på Jæren og Karmøy (Rogaland). Han er funnen opp til 850 moh. i Voss (Hordaland). Underarten er utbreidd i Vest- og Sør-Europa.

Forvekslingar

Lita kystfrøstjerne kan verte forveksla med den innførte underarten stor kystfrøstjerne (subsp. minus), men dei skil seg mellom anna i storleik på planten (lita kystfrøstjerne er 10–40 cm høg, medan stor kystfrøstjerne er 40–60 cm høg), stengel (noko sikksakk-bøygd og med greiner langt ned hos lita kystfrøstjerne, rett og berre med greiner øvst hos stor kystfrøstjerne), småblad (lita kystfrøstjerne har 5–15 mm breie småblad, medan stor kystfrøstjerne har småblad som er 15–30 mm breie) og smånøtter (lita kystfrøstjerne har 3–5 mm lange smånøtter, medan stor kystfrøstjerne har 2–3 mm lange smånøtter). Stenglane er dessutan oftast litt dunhåra hos lita kystfrøstjerne, medan dei er snaue hos stor kystfrøstjerne. Til sist, lita kystfrøstjerne har kort broddspisse pollenknappar, medan stor kystfrøstjerne har langt broddspisse pollenknappar. Sjå elles arten kystfrøstjerne for skilnadar mot russefrøstjerne T. kemense.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Jonsell B (2001). Thalictrum L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 312–321.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Lita kystfrøstjerne Thalictrum minus subsp. arenarium (Butcher) Clapham. www.artsdatabanken.no/Pages/286511. Lasta ned <dag/månad/år>.