Ballblom er ein kjend og kjær, heimleg plante som veks over det meste av landet, særleg på enger og beitemark på noko næringsrik grunn. Beitande dyr vik unna denne giftige planten. Arten er særleg vanleg nordpå, og han var, og er kanskje snart att, fylkesblome for Troms. Ballblom har mange namn, som det samiske mánorásse, "måneplante", som truleg siktar til at blomen er rund som ein fullmåne. Andre vanlege norsk namn er "dobbeltsoleie" og “knappsoleie”.

Ballblom frå Røros i Sør-Trøndelag.

Kjenneteikn

Ballblom er ei 20–80 cm høg, fleirårig urt med rak og snau, ugreina eller fågreina stengel. Blada er snaue, blanke og djupt handflika. Blomen er ca. 3 cm brei og bolleforma eller halvvegs open med om lag ti skruestilte, gule og petaloide (kronbladliknande) begerblad som dekkjer kvarandre som blada i eit kålhovud. Innanfor desse sit 5–15 små, smale kronblad (nektarium) som er om lag jamlange med pollenberarane. Dei mange fruktblada vert til skolmkapslar. Ballblom vert pollinert av ei lita flue som legg egg på fruktblada.

Ballblom har snaue, blanke og djupt handflika blad.

Blomen hos ballblom er bolleforma eller halvveges open, og dei gule, kronbladliknande begerblada dekkjer kvarandre som blada i eit kålhovud.

Fruktblada vert til mange skolmkapslar.

Kromosomtal

Diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar på 2n = 16 er mellom anna utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Ballblom veks på slåtteeng og beitemark, i høgstaudeskog og høgstaudeeng til opp i lågfjellet, frå boreonemoral til subarktisk vegetasjonssone og i lågalpint høgdebelte. Han er knytt til noko næringsrik grunn. Arten er noko austleg og er vanleg på Austlandet nordover frå sørlege Østfold og Tvedestrand (Aust-Agder) og frå indre Trøndelag til Aust-Finnmark. På Vestlandet er han berre heimleg i Voss (Hordaland) og Lærdal (Sogn og Fjordane), men han er forvilla frå hagar fleire stader elles på Vestlandet. Ballblom er funnen opp til 1310 moh. i Narvik (Nordland). Økologi og utbreiing vert diskutert nokså omfattande hos Fremstad (2013). Arten er utbreidd i Europa og Vest-Sibir.

Ballblom veks på slåtteeng og beitemark og, som her, i høgstaudeskog på Røros.

Kommentarar

Hybriden mellom vår heimlege ballblom (i forgrunnen) og hageballblom Trollius asiaticus er oppstått spontant ein stad i Sør-Trøndelag, Røros. Blomane er litt meir opne og litt mørkare gule enn hos ballblom.

Hybriden mellom vår heimlege ballblom og ein nokså ofte dyrka, men berre sjeldan forvilla art, hageballblom T. asiaticus, er oppstått spontant ein stad i Sør-Trøndelag (Røros). I Russland har denne hybriden ei stor utbreiing kring nordlege Ural. Her veks han i møtesona mellom dei to foreldreartane, men er nokså uavhengig av dei og er rekna som ein sjølvstendig hybridart: T. ×apertus Perfil. ex Igoschina (sjå Elven mfl. 2011).

Forvekslingar

Ballblom skil seg frå hageballblom i reint gule (ikkje oransje) og meir lukka blomar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Elven R, Murray DF, Razzhivin V Yu og Yurtsev BA (red.) 2011. Annotated checklist of the Panarctic Flora (PAF) Vascular plants. http://panarcticflora.org

Fremstad E (2013). Trollius europaeus L. I: Elven R, Fremstad E og Pedersen O (red.), Distribution maps of Norwegian vascular plants. IV. The eastern and northeastern elements: 430–432.

Høeg OA (1976). Planter og tradisjon. Universitetsforlaget, Oslo. 751 s.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R (2021). Ballblom Trollius europaeus L. www.artsdatabanken.no/Pages/286507. Lasta ned <dag/månad/år>.