Dei kronbladliknande (petaloide) begerblada hos underarten fjellsoleihov overlappar ikkje.

Fjellsoleihov er den vanlege underarten av soleihov på fuktige stader i fjellskogen og fjellet over det meste av landet. Han er truleg òg utbreidd i låglandet langsmed kysten frå Vestlandet til Finnmark.

Kjenneteikn

Fjellsoleihov er ei 10–20 cm høg, fleirårig urt med saftfull stengel. Greinene er nedliggjande og set ofte røter i bladfesta. Blada er enkle, breitt nyreforma eller avrunda trekanta, tanna og snaue. Kvar stengel har éin eller nokre få blomar som er 1,5–3 cm breie, med fem skinande gule petaloide (kronbladliknande) begerblad som er smalare enn hos subsp. palustris og som ikkje overlappar kvarandre i kantane. Kronblad manglar. Dei 5–15 fruktblada vert til skolmkapslar.

Kromosomtal

Heksa- og oktoploid med grunntal x = 8. 2n = 48, 56, 60, 64. Teljingar på 2n = 56 er mellom anna utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Fjellsoleihov veks i fuktig beitemark, i sumpskog, sump, vasskantar og grøfter, og i våte snøleie i fjellet. Han er vanleg i fjellskogen og snaufjellet over heile landet, og han er funnen opp til ca. 1200 moh. Han er hovudsakleg utbreidd frå mellomboreal til subarktisk sone og går opp i lågalpint høgdebelte. Underarten er elles sirkumpolar.

Forvekslingar

Fjellsoleihov kan verte forveksla med den andre underarten, stor soleihov, men kan skiljast frå han ved at han har nedliggjande greiner som ofte set røter i bladfesta, medan stor soleihov har oppstigande greiner som ikkje set røter. Blomane er dessutan noko mindre hos fjellsoleihov (1,5–3 cm mot 2–4 cm) som òg har smalare blomeblad som ikkje overlappar kvarandre i kantane, medan stor soleihov har breiare blomeblad som ofte overlappar kvarandre.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Elven R, Murray DF, Razzhivin V Yu og Yurtsev BA (red.) (2011). Annotated checklist of the Panarctic Flora (PAF) Vascular plants. http://panarcticflora.org

Piirainen M (2001). Caltha L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 328–331.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Fjellsoleiehov Caltha palustris subsp. radicans (T.F.Forst.) Syme. www.artsdatabanken.no/Pages/286505. Lasta ned <dag/månad/år>.