Dvergvassoleie er ein liten, flytande eller krypande, heimleg (vass)plante med små kvite blomar. Han kan danne store matter med ei mengd små, kvite blomar på tørrlagte strender utpå sommaren. Arten tilhøyrer vassoleie-gruppa (underslekt Batrachium).

Kjenneteikn

Dvergvassoleie er ein oftast fleirårig vassplante med korte stenglar som anten flyt eller kryp og rotslår. Undervassblada er mørkgrøne og hårfint delte, og skaftet stikk tydeleg ut av bladslira. Dei er tettflika og mykje mindre enn hos stor-, kyst- og småvassoleie, mindre enn 4 cm lange, frå noko kortare enn til jamlange med ledda på stengelen. Dei fell penselforma saman når dei kjem opp frå vatnet. Flyteblad manglar. Blome- og fruktskaft er korte, frå 1 til 2,5 cm, rette eller noko bøygde. Blomane er små (0,7–1,5 cm breie). Kronblada er kvite og ligg ikkje inntil kvarandre. Nedst har dei ei halvmåneforma nektargrop. Talet på pollenberarar er 4–8, sjeldan opptil 10. Fruktfestet er håra. Smånøttene har tverr-ribber, er om lag snaue, eggforma og med eit kort nebb som er bøygd inn under den runde toppen.

Undervassblada hos dvergvassoleie er meir tettgreina og mindre enn hos dei andre vassoleiene. Dei er hårfint delte, og skaftet stikk tydeleg ut av bladslira. Flyteblad manglar.

Kromosomtal

Arten er oftast tetraploid med grunntal x = 8. 2n = 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale. Mange rapportar for kromosomtal i Batrachium er upålitelege av di taksonomien og artsavgrensinga er vrien.

Rapportar om diploide tal (2n = 16) gjeld oftast ein snarlik nordamerikansk og amfi-beringisk art, R. subrigidus W.B.Drew, som har vore konstant forveksla med dvergvassoleie på Grønland og i nordlege Nord-Amerika. Ranunculus subrigidus er ein nær slektning og ein subarktisk til arktisk parallell til hjulvassoleie R. circinatus Sibth. Av di han er utbreidd og den einaste arten av Batrachium nordover på Grønland, skulle ein kanskje sjå etter han i Nord-Noreg.

Økologi og utbreiing

Dvergvassoleie veks på sjøbotn, i vasspyttar og på ferskvasstrand, heilt opp i snaufjellet. Arten går frå sørboreal til subarktisk sone (dels òg i boreonemoral sone) og opp i lågalpint høgdebelte. Han er funnen opp til 1320 moh. på Dovrefjell.  Arten er spreidd til vanleg på Austlandet, i Midt-Noreg og Nord-Noreg og i fjellet. Han har ei amfi-atlantisk utbreiing i Nordaust-Canada, på Sør-Grønland og i Europa og Nordvest-Asia.

Kommentarar

Mange forfattarar fører dvergvassoleie som ein underart av småvassoleie. Vi finn at dei to skil seg konsistent i fleire karakterar og reknar dei difor som to distinkte artar.

Hybridar mellom storvassoleie og dvergvassoleie (R. confervoides) er sjeldsynte, men skil seg ut ved å ha små, tettflika undervassblad som dvergvassoleie, men òg nokre smalflika flyteblad. Dei er funne nokre få stader i fjellstrøk, men både i Sør- og Nord-Noreg. Fruktsetjinga er svært dårleg eller manglar.

Forvekslingar

Dvergvassoleie kan verte forveksla med dei andre vassoleiene; artane er vanskeleg å skilje, og plantar utan blome eller frukt let seg ofte ikkje namnfeste. Dvergvassoleie liknar mest på former av kystvassoleie R. aquatilis utan flyteblad og på småvassoleie R. trichophyllus. Både dvergvassoleie og småvassoleie har halvmåneforma nektargrop, men dvergvassoleie skil seg frå både kystvassoleie og småvassoleie ved oftast mindre blomar (0,7–1,5 cm mot 1–2 cm) og ved mykje mindre og meir tettflika blad. Dvergvassoleie har dessutan oftast snaue smånøtter med kort nebb som er bøygd inn under den runde toppen, medan dei to andre har oftast håra smånøtter med tydeleg, litt skeive nebb.

Kjelder

Dahlgren G og Jonsell B (2001). Ranunculus L. (p.p.) I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 259–269.

Elven R (2013). Ranunculus confervoides (Fr.) Fr. I: Elven R, Fremstad E og Pedersen O (red.), Distribution maps of Norwegian vascular plants. IV. The eastern and northeastern elements: 328–331.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Elven R, Murray DF, Razzhivin V Yu og Yurtsev BA (Red.) 2011. Annotated checklist of the Panarctic Flora (PAF) Vascular plants. http://panarcticflora.org

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Dvergvassoleie Ranunculus confervoides (Fr.) Fr. www.artsdatabanken.no/Pages/286393. Lasta ned <dag/månad/år>.