Evjesoleie er ei svært lågvaksen, heimleg soleie som veks på fuktige stader og i grunt vatn. Ho er vanleg over det meste av landet. Blomen er liten og gul, og stengelen er krypande og rotslår i bladfesta.

Kjenneteikn

Evjesoleie er ei fleirårig urt som vert om lag 2–5 cm høg. Planten er snau eller grisse håra. Stenglane er bogeforma og krypande og rotslår ved bladfesta. Blada er linjeforma. Blomen er mindre enn 1 cm brei (ned til 0,5 cm) og sit enkeltvis på riflete blomeskaft. Kronblada er gule, og begerblada er ikkje nedbøygde. Fruktfestet er snautt. Smånøttene er ca. 1,5–2 mm lange, glatte og snaue, og med kort og krøkt nebb.

Evjesoleie er ein liten plante med bogeforma og krypande stengel som set røter ved bladfesta.

Dei små blomane er gule og sit enkeltvis.

Kromosomtal

Arten er hovudsakleg tetraploid med grunntal x = 8. 2n = 32 (16, 48). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Evjesoleie veks i evje, på leirete strand og i grunt vatn og går i alt frå nemoral til subarktisk sone og til dels òg i lågalpint høgdebelte. Arten er nokså vanleg frå låglandet til rett over skoggrensa, men han er sjeldsynt i låglandet lengst i sør. Han går til 1390 moh. på Dovrefjell (Dovre, Oppland). Evjesoleie har elles ei sirkumboreal utbreiing.

Evjesoleie veks mellom anna i grunt vatn og fargar denne vika ved Aursunden gul.

Evjesoleie veks óg på leirete elvestrand.

Kommentarar

Hybridar mellom evjesoleie og grøftesoleie R. flammula L. er nokså vanlege i kyststrøk nord til Lofoten. Dei er truleg ikkje heilt sterile; begge artane er tetraploide med same kromosomtal. Tilbakekryssing med foreldra er sannsynleg og er nok årsaka til at ein mange stader ikkje kan dele dei plantane som ein finn, på to klåre grupper.

Forvekslingar

Evjesoleie kan lett verte forveksla med grøftesoleie, og dei to artane er ikkje heilt klårt avgrensa frå kvarandre. Evjesoleie er alltid ei lågvaksen og krypande plante, medan grøftesoleie kan vere oppstigande (eller flytande). Blomen er òg mindre hos evjesoleie (1 cm mot 1–2 cm), og blada hos evjesoleie er trådsmale til smalt lansettforma, medan dei er lansettforma til eggforma hos grøftesoleie.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Evjesoleie Ranunculus reptans L. www.artsdatabanken.no/Pages/286388. Lasta ned <dag/månad/år>.