Kjempesoleie er, som namnet meir enn antydar, ein høgvaksen plante som kan verte over meteren høg. Arten er heimleg, veks typisk i sump og vasskantar, og finst nokre få stader på Austlandet og eit par stader i Rogaland.

Kjenneteikn

Kjempesoleie er ei fleirårig urt som vert om lag 50–120 cm høg. Planten er opprett med innhol og ofte litt håra stengel. Blada er heile, linjeforma til avlange, broddspisse og oftast nokså smale, men dei kan bli opptil 8 cm breie. Dei nedre blada har knutar i kanten. Blomane er store (2,5–5 cm breie) og sit på lange, trinne skaft. Kronblada er gule. Begerblada er ikkje nedbøygde. Fruktfestet er snautt. Smånøttene er håra eller snaue, glatte, og ca. 2,5 mm lange med kort og bøygd nebb.

Kjempesoleie er ein høgvaksen plante med opprett stengel.

Blada er heile, linjeforma til avlange og broddspisse. Dei er oftast nokså smale.

Blomane er store og gule og sit på lange skaft.

Smånøttene er glatte med kort og bøygd nebb.

Kromosomtal

Arten er høgpolyploid (8-ploid og 16-ploid) med grunntal x = 8. 2n = 128 (64). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Kjempesoleie veks i næringsrik sump og på vasskantar, hovudsakleg i boreonemoral sone, men òg i nemoral og sørboreal sone. Arten er sørleg og finst nokre få stader på Austlandet frå Halden og Hvaler (Østfold) og Tvedestrand (Aust-Agder) inn til Stange (Hedmark), i tillegg til nokre få stader i Rogaland. Arten har gått ut mange stader i nyare tid. Økologi og utbreiing vert diskutert av Jørgensen og Fægri (1996). Kjempesoleie er utbreidd i Europa og Vest-Asia.

Forvekslingar

Kjempesoleie har ingen opplagde forvekslingsartar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Jørgensen PM og Fægri K (1996). Ranunculus lingua. I: Fægri K og Danielsen A, Maps of distribution of Norwegian vascular plants. III. The southeastern element: 90–91 + pl. 31.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Kjempesoleie Ranunculus lingua L. www.artsdatabanken.no/Pages/286386. Lasta ned <dag/månad/år>.