Polarsoleie er ein nokså lågvaksen, heimleg plante som veks i snøleie i fjellet nordpå og i fuktig tundra på Bjørnøya og Svalbard. Beger og stengel er karakteristisk rustbrunt håra.

Den nordlege fjellplanta polarsoleie frå Båtsfjord i Finnmark.

Kjenneteikn

Polarsoleie er ei fleirårig urt som vert om lag 5–25 cm høg. Stengelen er ugreina og rustbrunt håra. Grunnblada er tjukke og kjøtfulle, breitt spadeforma til runde med breitt kileforma eller tverr grunn og djupt grovtanna i toppen. Blada er grisse håra både på skaft og underside. Blomeskafta er trinne. Blomane er 1,5–3,5 cm breie med glinsande gule kronblad. Begerblada er tett brunhåra og ikkje nedbøygde. Fruktsamlinga vert høg og smal. Fruktfestet har stive, brune hår. Smånøttene er glatte, med eller utan hår, og med nebb om lag halvparten så langt som smånøtta.

Stengelen er ugreina og opp til 25 cm høg.

Grunnblada er tjukke og kjøtfulle, runde (eller breitt spadeforma) og med breitt kileforma eller tverr grunn. Dei er grovtanna i toppen.

Begerblada er tett brunhåra og ikkje nedbøygde.

Smånøttene er glatte og med nebb som er om lag halvparten så langt som smånøtta.

Kromosomtal

Arten er høgpolyploid (oktoploid, dekaploid og dodekaploid) med grunntal x = 8. 2n = 64, 80, 96. Teljingar på 2n = 96 er mellom anna utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Polarsoleie veks i snøleie, kjelder og i fuktig tundra, i Arktis oftast på baserik grunn i sørarktisk til polarørkensone, på fastlandet ofte på noko mindre baserik grunn og i subarktisk sone og lågalpint til mellomalpint høgdebelte. Økologi og utbreiing i fastlands-Noreg vert diskutert av Gjærevoll (1990). Arten har ei sirkumpolar utbreiing.

Kommentarar

Hybriden mellom polarsoleie og dvergsoleie R. pygmaeus er sjeldsynt på Svalbard, funnen saman med foreldra nokre frå stader kring Isfjorden.

Stundom finn ein på Svalbard dvergplantar med svært små blomar heilt nede i bladrosetten, men med same bladform som polarsoleie. Desse liknar på den arktiske arten sabinesoleie R. sabinei R.Br. som er kjend frå dei nordlegaste delane av Asia, Nord-Amerika og Grønland. Sabinesoleie er tetraploid, 2n = 32. Sabinesoleie er òg rapportert nokre gonger frå Svalbard, m.a. hos Hultén & Fries (1986: kart 853), men vi har enno ikkje sett noko overtydande materiale og tolkar dvergplantane nemnde ovanfor, som ein modifikasjon innanfor polarsoleie.

Forvekslingar

Polarsoleie liknar på snøsoleie; båe har brunhåra stengel og beger. Dei skil seg i formen på grunnblada: polarsoleie sine er runde eller breitt spadeforma i omriss, grovt tanna i enden og med kileforma eller tverr grunn, medan snøsoleie sine er kantete i omriss, nokså djupt delte i flikar og med hjarteforma grunn. Fruktfestet er håra hos polarsoleie, medan det er snautt hos snøsoleie.

Kjelder

Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora https://svalbardflora.no

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Gjærevoll O (1990). Ranunculus sulphureus. I: Gjærevoll O, Maps of distribution of Norwegian vascular plants. II. Alpine plants: 97 + pl. XXIX.

Hulten E og Fries M (1986). Atlas of North European Vascular Plants North of the Tropic of Cancer I-III. Koeltz Scientific Books, Königstein.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Polarsoleie Ranunculus sulphureus Sol. www.artsdatabanken.no/Pages/286379. Lasta ned <dag/månad/år>.