Apeskrekktreet er i ei klasse for seg det mest særprega bartreet som er dyrka utandørs I Noreg. Det er eit mektig tre frå Sør-Amerika. Namnet heng saman med at det er ei myte om at ikkje eingong apar kan klatre i dette kvassnåla treet, men det er ikkje mykje med apar i dei høge grensefjella i Andes mellom midtre Chile og Argentina, der denne arten hovudsakleg veks.

Kjenneteikn

Apeskrekktreet blir eit mellomstort til stort tre, opptil 30–50 m høgt, med ein stammediameter opptil 1,5–2,5 m. Barken er gråbrun. Stammen er ruglete av bladarr, men ellers slett på unge tre, men blir meir ujamn på gamle tre. Krona er eggforma eller breitt konisk på unge tre, men gamle tre mistar dei nedre greinene slik at krona får ein paraply- eller skjermform. Greinene er strikt kransstilte og held seg grøne i mange år. Blada er smalt trekanta og nålforma, 2,5–3,5 cm lange, mørkgrøne og svært kvasse. Dei er skruestilte på kvistane, og dei står litt framover og dekkjer kvisten på alle sider. Spalteopningane sit i talrike, men avbrotne og nokså utydelege striper på begge sidene av nålene. Hokonglene er om lag kuleforma, svært store (10–20 cm i diameter) og sit enkeltvis i greinspissane. Dekkskjel og kongleskjel er samanvaksne og svært talrike, ofte meir enn 100, og skruestilte. Dei er 4–5 cm lange og med ein lang, smal spiss forma av spissen på dekkskjelet. Nedst har dei ein svollen del mellom den smale spissen og den breie delen av kongleskjelet, der det sit eitt frø på kvart kongleskjel. Frøa er 2,5–3,5 cm lange, utan vengje, og er handelsvare som spiselege “nøtter” i Chile og Argentina. Dei blir spreidde av pattedyr og truleg av fuglar. Apeskrekktre spreier pollenet om våren, er vindpollinert, og hokonglene og frøa mognar på 2–3 år.

Borken på stammen hos apeskrekktre er svært ujamn på grunn av dei grove arra etter blad.

Her ser ein dei tettblada greinene og dei grove arra etter blad på stammen.

Konglene sit i toppen av greinene, er kulerunde og piggete. Konglene blir 10-20 cm breie og er kilotunge.

Her ser ein dei tettblada greinene og dei grove arra etter blad på stammen.

Kromosomtal

Apeskrekktre er diploid med grunntal x = 13 og kromosomtal 2n = 26.

Økologi og utbreiing

Apeskrekktreet er ikkje sjeldsynt i hagar og parkar på Sørlandet og Vestlandet, i alle fall nord til Sunnmøre (og sett så langt nord som i Levanger i Nord-Trøndelag). Det set frø i Noreg, og frøa spirer til frøplantar, allereie notert kring 1960 (sjå Nedkvitne 1960). Planten er funnen forvilla i alle fall i Bergen (Hordaland) frå 2022.

Treet kjem frå Andesfjella i midtre Chile og Argentina og såvidt inn i Brasil, der det formar både låglandsskog ned mot kysten og fjellskog opp mot 1500–1800 moh.

Forvekslingar

Apeskrekktreet kan ikkje bli forveksla med nokon annan plante.

Kjelder

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Nedkvitne K (1960). Inførde bartreartar som sår seg på Vestlandet. Tidskrift for skogbruk 68: 29–33.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Apeskrekktre Araucaria araucana (Molina) K.Koch. www.artsdatabanken.no/Pages/285860. Lasta ned <dag.månad.år>.