Framande artar kjem ikkje nødvendigvis langvegs frå. I Artsdatabanken si nye risikovurdering blir også 12 stadeigne artar rekna som framande, men berre i visse delar av landet.

– Regionalt framande artar er artar som høyrer naturleg heime i delar av Noreg, men som har blitt flytta til nye stader i landet der dei ikkje naturleg høyrer til. I desse områda blir slike artar rekna som framande, forklarer Olga Hilmo, seniorrådgivar i Artsdatabanken.

I likskap med framande artar, kan regionalt framande artar utgjere ein risiko for det biologiske mangfaldet i område der dei etablerer seg. I Artsdatabanken si Framandartsliste, den tredje oversikta som er utarbeidd over framande artar i Noreg, er regionalt framande artar med for fyrste gong. Ei vurdering av den økologiske risikoen til dei regionalt framande artane er eit viktig bidrag til det kunnskapsgrunnlaget forvaltningsstyresmaktene treng for å setje i gang eventuelle tiltak og prioriteringar.

Til saman er elleve artar vurderte til ein kategori frå låg risiko til svært høg risiko. Fisk og krepsdyr dominerer blant dei regionalt framande artane som er vurderte, i tillegg har mørk jordhumle Bombus terrestris kome med på framandartslista. Felles for alle desse artane er at dei har blitt spreidde utanfor dei naturlege leveområda sine ved hjelp av menneske.

Regionalt framand ferskvassfisk

Gjedde Esox lucius, ørekyt Phoxinus phoxinus og sørv Scardinius erythrophthalmus, er blant fiskane som er vurderte til kategorien svært høg risiko. Mort Rutilus rutilus følgjer tett etter, i kategorien høg risiko.

Mort og sørv har populært vore brukt som levande agn, og dermed blitt spreidde til nye område. Gjedde har blitt sett ut i nye vatn for å etablere eit fiske etter storgjedde. I dei nye omgivnadene sine kan fisk som har blitt sette ut fortrengje stadeigne/heimehøyrande artar og forstyrre lokale økosystem.

– Desse artane representerer faktisk ein større trugsel enn artar vi tradisjonelt tenkjer på som framande, seier Trygve Hesthagen, seniorforskar i Norsk institutt for naturforskning og ein av ekspertane som har vurdert gruppa ferskvassfisk.

Hesthagen kjenner til fleire vatn der utsett gjedde har utrydja naturlege fiskebestandar. Gjedda er nemleg ein svært effektiv rovfisk, som kan gjere store innhogg i blant anna lokale aurebestandar.

Desse regionalt framande fiskeartane har blitt spreidde til stadig nye vatn over heile landet. Aktiviteten har gått føre seg sidan 1800-talet, og fortset den dag i dag – trass i at flytting av fisk er miljøkriminalitet.

Morten er naturleg utbreidd i Østfold, Akershus og sørlege delar av Hedmark og Oppland, i nedre delar av Buskerud og på nokre lokalitetar i Vestfold. Arten har bl.a. blitt sett ut i fleire innsjøar i Trøndelag. Alle bestandar av mort i dette fylket er no truleg utrydja med rotenon.

Leppefisk på rømmen - ein risiko?

Grasgylt Centrolabrus exoletus er ein av dei regionalt framande artane som er vurderte til å ha låg risiko.

Marine fiskeartar kan i motsetning til ferskvassfisk spreie seg sjølv over store avstandar. Aukande havtemperaturar kan bidra til å forskyve naturlege utbreiingsområde for artar stadig lenger nord. Nokre artar får likevel meir hjelp på vegen enn andre.

Villfanga leppefisk, som grøngylt og grasgylt, blir frakta i store mengder frå Sørlandet og Sverige til blant anna Nordland. Her blir leppefisk nytta for å kjempe mot lakselus i oppdrettsanlegg. Men sidan både grasgylt og grøngylt har den naturlege nordgrensa si ved kysten av Midt-Noreg, er begge regionalt framande i fylket. Kva effekt har oppdrettsrømlingar av desse artane på dei lokale økosystema langs nordlandskysten?

– Leppefiskane kan konkurrere med stadeigne artar om mat og plass, og potensielt spreie sjukdomar, men blir likevel vurderte til å ha liten effekt, seier Elisabet Forsgren, som har leia arbeidet i ekspertgruppa for fisk.

– Samtidig er det viktig å følgje med på utviklinga og innhente meir kunnskap, også om slike lågrisikoartar. Dersom ein skal gjere tiltak er det ein fordel å starte så tidleg som mogeleg. Når ein framand art fyrst har etablert seg i eit område er det ofte både vanskelegare og dyrare å handtere den, seier Forsgren.

Mørk jordhumle på frammarsj

Hann av mørk jordhumle Bombus terrestris, Ås i Akershus.

Frå det fyrste individet blei registrert i Oslo i 1951, har mørk jordhumle Bombus terrestris blitt ein av dei vanlegaste humleartane Noreg. Det er skulda ein kombinasjon av naturleg spreiing og oppdrettshumler som har rømt frå drivhus.

Ekspertgruppa har definert mørk jordhumle som regionalt framand i Rogaland og fylka langs kysten til Troms, der den er vurdert til kategorien svært høg risiko.

– Mørk jordhumle er svært konkurransedyktig og vinn over andre humleartar i konkurransen om blomster og bolplassar. Den er også veldig tilpassingsdyktig og har dessutan få naturlege fiendar, seier Frode Ødegaard, som har leia ekspertkomitéen for insekt.

Regionalt framande artar som er risikovurderte

Dette er dei regionalt framande artane som er risikovurderte på Framandartslista:

 Norsk namn Vitskapeleg namn Risikokategori
Gjedde Esox lucius Svært høg risiko
Ørekyt Phoxinus phoxinus Svært høg risiko
Mort Rutilus rutilus Høg risiko
Karuss Carassius carassius Låg risiko
Sørv Scardinius erythrophthalmus Svært høg risiko
Lagesild Coregonus albula Låg risiko
Grasgylt Centrolabrus exoletus Låg risiko
Grøngylt Symphodus melops Låg risiko
Mørk jordhumle Bombus terrestris Svært høg risiko
Pungreke (marin) Mysis relicta Høg risiko
Firetorna istidskreps Pallasiola quadrispinosa Låg risiko
 Finnmarkshops Heterocope borealis Låg risiko