I samarbeid med BioCEED har er en student fra Universitetet i Bergen hatt praksis i tilknytning til kartleggingsprosjektet i Sognefjorden.

Soger frå tokt

Eit lite innblikk i Sognefjordprosjektet frå ein bachelorstudent sitt perspektiv

Mitt namn er Susanne Tonheim, er 21 år gamal og er no på 3. året av ei bachelorgrad i biologi ved Universitet i Bergen. Haustsemesteret 2015 tok eg emnet BIO298 – Yrkespraksis i biologi II og jobba med Sognefjordprosjektet via UiB. I denne praksisperioden var eg mellom anna ei veke på tokt i Sognefjorden der det skulle takast opptak frå botnen av Sognefjorden for å kartlegge botnfaunaen der. Dette var med andre ord ikkje eit 'typisk' tokt der ein hentar inn fysisk materiale som må jobbast med på lab, men tokt er tokt og det gjorde godt å kome seg litt vekk frå Bergen der eksamensperioden var i sin anmarsj. Videoane som blei filma, blei samstundes vist live oppe i videorommet på båten medan kameraet blei ført rett over botnen, under båten, langs eit transekt. Vi som var med på toktet, forskarar og studentar, sat å logga det som blei observert på filmane medan transektet gjekk.   

Det blei filma ved fleire ulike stadar i fjorden for å finne ut om det finnast gradientar i artsmangfald og -samansetnad. Ein slik gradient fann vi av orden Brisingida (klasse Asteroidea (sjøstjerner)). Ute i Sognesjøen, innlaupet til Sognefjorden, vart det t.d. filma store førekomstar av denne sjøstjerna. Etterkvart som vi kom lenger inn i fjorden kunne vi observere at det blei færre av desse skapningane. Ei anna organismegruppe som blei observert var slekta Parastichopus, ei sjøpølse som lev på over 1000 meters djupne i Sognefjorden og med det lev sitt liv under eit trykk på heile 100 atm! Det blei også observert artar som eg aldri har sett i live før, t.d. fisken skolest og havmus, så du kan tru at eg hadde det kjekt. For ei ung marinbiologspire som meg, var det som å dykke djupt ned i ein biologisk godtepose!

Bilete frå over 1000 meter ned i den djupe Sognefjorden blir live sendt i videorommet på forskingsfartøyet ''Håkon Mosby''. Der sit toktdeltakarane og loggar det som blir observert medan kameraet filmar botnen.

Som nemnt over, var vår oppgåve å logge dei artane som blei observert på filmen. Eg kunne m.a. skilje ei reke frå ein kreps og ei sjøstjerne frå ein svamp, men som bachelorstudent følte eg at min artskunnskap var langt ifrå så god som den kunnskapen forskarane sat på. Dette ligg nok i at eg enno ikkje har spesialisert meg i noko emne. Ei gruppe som eg derimot så vidt har byrja å spesialisere meg litt i er fisk, og eg følte eg hadde meir å bidra med på den fronten enn t.d. fleirbørstemark. Ein av fiskeartane som blei observert under toktet var svarthå (Etmopterus spinax), som i Sognefjorden visar seg å vere ein biologisk og evolusjonistisk godbit. På svarthåar teke med trål i Sognefjorden har det blitt oppdaga parasittiske andeskjell (Anelasma squalicola) som i staden for å filtrere vatn, tek næringa den treng frå svarthåen. Dette har fått mykje merksemd, då denne arten er sjeldan og har 'nyleg' har gått frå å ha eit fastsitjande og filtrerande levevis til eit parasittisk levevis som får næringa si frå verten.

Alt i alt vil heile opplevinga rundt det å vere på tokt med Sognefjordprosjektet stå som eit høgdepunkt frå mi studietid som bachelorstudent. Å kome litt vekk frå den ellers så teoretiske kvardagen på universitet gjorde god for både kropp og sjel. Også Sognefjorden i seg sjølv gjorde nesten toktet verdt turen etter mi meining. Det slår aldri feil å vere omkransa av høge fjell som møter Noregs lengste og djupaste fjord i fin harmoni med sjarmerande små vestlandsbygder.