Behandlet i 2018 av ekspertkomite for Sopper

Sphaeropsis sapinea

Fremmed art innenfor avgrensninga som er observert og etablert i Norge. Vurdert for Fastlands-Norge med havområder.

Lav risiko LO

Arten har moderat invasjonspotensiale, og liten økologisk effekt.

Utslagsgivende kriterier: 3B,2E

Geografisk variasjon i risiko.

  • SE Svært høy risiko
  • HI Høy risiko
  • PH Potensielt høy risiko
  • LO Lav risiko
  • NK Ingen kjent risiko
  • NR Ikke risikovurdert
Økologisk effekt 14 24 34 44
13 23 33 43
12 22 [32] 42
11 21 31 41
Invasjonspotensial
Forklaring på risikomatrisen

Kriterier som har vært utslagsgivende for risikokategorien

Invasjonspotensiale: 3B

Økologisk effekt: 2E

Kategori og kriterier

Oppsummering

Arten hører til artsgruppen Sopper og er terrestrisk,parasitt.

Mikrosoppen Sphaeropsis sapinea er funne på ulike bartre i alle verdsdelar. Soppen er rapportert på artar innan bartreslektene furu (Pinus), edelgran (Abies), kranstre (Araucaria), seder (Cedrus), sypress (Chamaecyparis), ekte sypress (Cupressus), lerk (Larix), gran (Picea), douglas (Pseudotsuga) og tuja (Thuja). På infiserte småplanter vert siste års nåler fyrst gule, så brune og til slutt askegrå. Angrepne skot vert ofte krølla. Ved basis av nålene eller i kreftsår finn ein ofte sporehus (pyknidar). På større tre finn ein ofte pyknidar på 2 år gamle kongleskjell i tillegg til på brune nåler på årsskota. Soppen er til stades gjennom heile året på daude nåler, gamle konglar, bark og ved på infiserte tre eller på avfall som ligg på bakken. Sphaeropsis sapinea kan vera frøoverført (Talgø & Stensvand 2003, Butin 1995).

I Ås, Akershus vart soppen funnen på einer i grøntanlegg i 2001 (Talgø & Stensvand 2003), på gran i skog i 2015 (Talgø & Thomsen 2015) og på furu i skog i 2017 (Talgø, upubliserte data). I Ås kan det altså ha skjedd ei spreiing av soppen frå einer i grøntanlegg til skog. I tillegg vart soppen funnen på gran i Vestfold i 2012 (Talgø og Thomsen 2015), på ei furukongle i Son, Akershus og ei barkebille i Grue, Hedmark (Solheim, pers. com.).

Soppen kan ha kome til landet med importerte bartre til planting i grøntanlegg, juletrefelt eller skog. Det er også kjent at soppen er frøoverført (Burgess & Wingfield 2002), og det vert importert frø av ei rekkje bartre til Noreg. Når soppen først har kome inn i eit område, spreiar han seg med konidiesporar til nabotre i milde og fuktige periodar. Sidan det er funne sporar på barkebille, kan vi ikkje sjå bort i frå at dette er ein potensiell vektor for spreiing av sporane.

Etter kraftige utbrot av S. sapinea på furu i Sverige (http://www.extrakt.se/skogsfragor/ny-skadegorare-hotar-svensk-tall/), kan vi forventa at soppen også kan koma til å gjera større skade i Noreg enn det som er tilfelle i dag. Soppen er også funnen i Finland (Drenkhan et al. 2017), klima ser altså ikkje ut til å hindra spreiing i Norden. I prinsippet må vi difor kunna forventa at soppen kan spreia seg til bartreområde over heile landet. Invasjonspotensialet er vurdert til moderat (kategori 3).

Det er vanskeleg på nåverande tidspunkt å vita kor alvorleg skade S. sapinea kan koma til å gjera. Det er urovekkjande at soppen har drept yngre furu i Sverige (Jonas Oliver, SLU, pers. com.), altså ikkje berre ført brune skot som er det som er rapportert frå dei fleste land. Sidan soppen ikkje har førekome i Norden så lenge, har truleg våre stadeigne bartre lite motstandskraft (manglar resistens).

Konklusjon

Både klimaendringar og det faktum at soppen gjer relativt stor skade i Sverige, tilseier at dette er ein skadegjerar vi må ha fokus på framover. På grunnlag av data vi har så langt i Noreg er S. sapinea er vurdert til "Lav risiko" (LO).

Vurdering etter alle kriterier

Forklaring på kriteriene

Invasjonspotensial

A-kriteriet: Populasjonens mediane levetid

Estimert levetid for arten i Norge, med usikkerhet

Delkategori 2   10 - 59 år      

Estimeringsmåte c) Rødlistekriterier
Beskrivelse av data
Beste anslag av førekomstareal 48 km2.
Gjeldende rødlistekriterium
B2
Rødlistekategori
EN

B-kriteriet: Ekspansjonshastighet

Gjennomsnittlig ekspansjonshastighet, med usikkerhet

Delkategori 3   160 - 499 m/år      

Estimeringsmåte c) Anslått økning i forekomstareal siste året
Anslått økning i forekomstareal siste år (km²)
4
Beskriv underliggende antakelser og data
Gjort eit funn på furu i 2017
Ekspansjonshastighet i m/år
166.35

C-kriteriet: Kolonisert areal av naturtype

Andel av forekomstarealet til minst én naturtype som vil være kolonisert etter 50 år, med usikkerhet

Delkategori 1   < 5%      

Økologisk effekt

D- og E-kriteriet: Effekter på stedegne arter

D-kriteriet: Truete arter eller nøkkelarter

Kan arten påvirke truede arter eller nøkkelarter innen 50 år, med usikkerhet.

Delkategori 1   Ingen kjent effekt      


E-kriteriet: Øvrige stedegne arter

Kan arten påvirke øvrige stedegne arter innen 50 år, med usikkerhet

Delkategori 2   Liten effekt      

Stedegen art   Nøkkel­art Effekt Lokal skala Type inter­aksjon Dis­tanse­effekt Doku­mentert Gjelder doku­ment­asjonen norske for­hold
Pinus sylvestris LC Nei Moderat Nei Parasittering Nei Ja False
Picea abies LC Nei Moderat Nei Parasittering Nei Ja True
Juniperus communis LC Nei Svak Nei Parasittering Nei Ja True

F-kriteriet: Effekter på truete/sjeldne naturtyper

Andel av naturtypeareal som gjennomgår tilstandsendring innen 50 år, med usikkerhet

Delkategori 1   = 0%       ⇑

G-kriteriet: Effekter på øvrige naturtyper

Andel av naturtypeareal som gjennomgår tilstandsendring innen 50 år, med usikkerhet

Delkategori 1   < 5%       ⇑

H-kriteriet: Overføring av genetisk materiale

Delkategori 1   Ingen kjent effekt      

I-kriteriet: Overføring av parasitter eller patogener

Delkategori 1   Ingen kjent effekt      

Klimaeffekter

Delkategori for invasjonspotensial påvirkes av klimaendringer.

Delkategori for økologisk effekt påvirkes av klimaendringer.

S. sapinea er ein kjent skadegjerar lenger sør i Europa, men spreiing nordover har gjort at soppen i dag vert omtala som ein klimavinnar (Solheim 2013).

Geografisk variasjon i risiko

  • Artens økologiske effekter er begrensa til bestemte naturtyper
Hovudsakeleg avgrensa til naturtypar med vekst av bartre, men nyleg vart også soppen dokumentert på bøk (Fagus sylvatica L.) (Zlatković et al. 2016), så vi veit ikkje om dette også vil kunna skje i Noreg.

Bakgrunnsinformasjon

Utbredelse i Norge

Nåværende utbredelse

Kjent Mørketall (faktor) Estimert totaltall (kjent * mørketall)
Lavt anslag Beste anslag Høyt anslag Lavt anslag Beste anslag Høyt anslag
Bestandsstørrelse 0
Forekomstareal (km2) 24 1 2 5 24 48 120
Utbredelsesområde (km2) 0
Andel av artens nåværende forekomst i sterkt endra natur: 0

Potensiell utbredelse

Soppen er funnen i ulike klimasonar i alle verdsdelar (Butin 1995) og har difor truleg potensiale til å spreia seg til alle bartreområde i Noreg. I Hedmark er soppen funnen på barkebille i Grue (Solheim, upubliserte data) og vi må difor gå ut i frå at soppen fins på bartre der i dag. Det er rimeleg å anta at soppen kan vera spreidd til nabofylke på Austlandet og at soppen innan 50 år er spreidd i heile Sør-Noreg ut i frå rask spreiing observert i Sverige (http://www.extrakt.se/skogsfragor/ny-skadegorare-hotar-svensk-tall/).
Lavt anslag Beste anslag Høyt anslag
Potensielt forekomstareal (km²) 100 500 1000

Kjent og antatt utbredelse i dag, og om 50 år

for Norge
for Norge
for Norge
  Fylke Kjent Antatt Potensiell
Øs Østfold
OsA Oslo og Akershus
He Hedmark
Op Oppland
Bu Buskerud
Ve Vestfold
Te Telemark
Aa Aust-Agder
Va Vest-Agder
Ro Rogaland
Ho Hordaland
Sf Sogn og Fjordane
Mr Møre og Romsdal
St Sør-Trøndelag
Nt Nord-Trøndelag
No Nordland
Tr Troms
Fi Finnmark
Sv Svalbard med sjøområder
Jm Jan Mayen

Utbredelseshistorikk i Norge

I Ås, Akershus vart soppen funnen på einer i grøntanlegg i 2001 (Talgø & Stensvand 2003), på gran i skog i 2015 (Talgø & Thomsen 2015) og på furu i skog i 2017 (Talgø, upubliserte data). I Ås kan det altså ha skjedd ei spreiing av soppen frå einer i grøntanlegg til skog. I tillegg vart soppen funnen på gran i Vestfold i 2012 (Talgø og Thomsen 2015), på ei furukongle i Son, Akershus og ei barkebille i Grue, Hedmark (Solheim, pers. com.).
for Norge
Fra Til og med Sted Antall individ Forekomstareal
km²
Utbredelsesområde
km²
Kommentar Fylker
1950 2017 Akershus, Vestfold 24
( 24   *  2)
Totalt 6 funn a 4 km2: gran i Østfold og Ås, furu i Ås, einer i Ås, furukongle i Son, barkebille i Grue (to sistnemnde: Solheim, upubl. data). OsA,He,Ve

Utbredelseshistorikk i utlandet

I fylgje databladet til CABI (http://www.cabi.org/isc/advanced-data-search-notice/) manglar det detaljerte studiar av korleis soppen har spreidd seg, men på den sørlege halvkule har soppen spreidd seg raskt og gjort stor skade på furu, noko som tydar på at han er introdusert der (ingen koevolusjon med stadeigne planter). Også omfattande skade av soppen i USA tydar på introduksjon der.

Global utbredelse

Naturlig utbredelse

Ukjent -
  • Europa
  • Asia
  • Afrika
  • Oseania
  • Nord- og Mellom-Amerika
  • Sør-Amerika
Opphavsstad ikkje kjent - jfr. linken: https://www.cabi.org/isc/datasheet/19160

Nåværende utbredelse

Temperert - Boreal
  • Nord- og Mellom-Amerika
Temperert - Nemoral
  • Europa
  • Asia
  • Oseania
  • Nord- og Mellom-Amerika
  • Sør-Amerika
Temperert - Tørt
  • Europa
  • Asia
  • Nord- og Mellom-Amerika
  • Sør-Amerika
Subtropisk - Middelhavsklima
  • Europa
  • Asia
  • Afrika
  • Oseania
  • Nord- og Mellom-Amerika
Subtropisk - Fuktig
  • Asia
  • Oseania
  • Nord- og Mellom-Amerika
  • Sør-Amerika
Subtropisk - Tørt
  • Asia
  • Afrika
  • Oseania
  • Nord- og Mellom-Amerika
  • Sør-Amerika
Subtropisk - Kappregionen
  • Afrika
Subtropisk/Tropisk - Høydeklima
  • Afrika
Tropisk -
  • Asia
  • Afrika
  • Oseania
  • Nord- og Mellom-Amerika
  • Sør-Amerika
Sjå denne linken for oppdatert utbreiing: http://www.cabi.org/isc/datasheet/19160

Kom til vurderingsområdet fra

  • Ukjent

Nærmere spesifisering

Soppen kan ha kome via import av frø eller plantmateriale av bartre. På det tidspunktet første funn vart gjort i Noreg (einer 2001), var ikkje soppen registrert i nabolanda våre, så han har truleg ikkje kome inn via naturleg spreiing.

Første observasjon i Norge

Første observasjon - 2000-2009

  Ikke-forplantningsdyktige individ Forplantningsdyktige individ Levedyktig avkom Bestand
  År Sted År Sted År Sted År Sted
Innendørs
Produksjonsareal (utendørs)
Norsk natur 2001 Ås

Naturtyper

Rødlistede naturtyper

Navn Kategori Tidshorisont Kolonisert areal (%) Tydelig tilstandsendring Tydelig påvirka areal (%)  
Kystgranskog EN fremtidig 0.0-1.9
0.0
Temperert kystfuruskog EN fremtidig 0.0-1.9
0.0
Lågurt-grankalkskog VU fremtidig 0.0-1.9
0.0
Kystgranskog EN fremtidig 0.0-1.9
0.0

Øvrige naturtyper

Kode Navn Dominans skog Tidshorisont Kolonisert areal (%) Tydelig tilstandsendring Tydelig påvirka areal (%)
T4 Fastmarksskogsmark
  • 1AR-A-0_B: Bartrær er eneste treslagsgruppe som tilfredsstiller definisjonen av relativ samdominant
  • 1AR-A-0_B2: Bartrær er relative dominanter (ingen med-dominerende treslagsgrupper)
  • 1AR-A-0_B2E: Bartrær er relative dominanter (edellauvtrær er med-dominerende treslagsgruppe)
  • 1AR-A-0_B2L: Bartrær er relative dominanter (boreale lauvtrær er med-dominerende treslagsgruppe)
  • 1AR-A-0_B2V: Bartrær er relative dominanter (pil og vier er med-dominerende treslagsgruppe)
  • 1AR-A-0_BE: Bartrær og edellauvtrær er relative samdominanter
  • 1AR-A-0_BL: Bartrær og boreale lauvtrær er relative samdominanter
  • 1AR-A-0_BV: Bartrær og pil og vier er relative samdominanter
0.0-1.9
0.0
T42 Sterkt endret, hyppig bearbeidet fastmark med intensivt hevdpreg
  • 1AR-A-0_B: Bartrær er eneste treslagsgruppe som tilfredsstiller definisjonen av relativ samdominant
  • 1AR-A-0_B2: Bartrær er relative dominanter (ingen med-dominerende treslagsgrupper)
  • 1AR-A-0_B2E: Bartrær er relative dominanter (edellauvtrær er med-dominerende treslagsgruppe)
  • 1AR-A-0_B2L: Bartrær er relative dominanter (boreale lauvtrær er med-dominerende treslagsgruppe)
  • 1AR-A-0_B2V: Bartrær er relative dominanter (pil og vier er med-dominerende treslagsgruppe)
  • 1AR-A-0_BE: Bartrær og edellauvtrær er relative samdominanter
  • 1AR-A-0_BL: Bartrær og boreale lauvtrær er relative samdominanter
  • 1AR-A-0_BV: Bartrær og pil og vier er relative samdominanter
0.0-1.9
0.0
TS-T4 Levende planter på land
0.0
TS-T5 Levende vedaktige planter
0.0
T4 Fastmarksskogsmark
  • 1AR-A-0_B2: Bartrær er relative dominanter (ingen med-dominerende treslagsgrupper)
0.0-1.9
0.0

Import til Innendørs-Norge eller produksjonsareal

Kategori Introduksjon til eller spredning i norsk natur Hyppighet Abundans Tidspunkt Utdypende informasjon
som parasitter på/i planter Ukjent Ukjent Ukjent Kan vera pågåande sidan soppen finst i våre naboland og det er import av bartreplanter mellom anna frå Danmark til juletre og småplanter til skogsplanting frå Sverige.

Spredningsveier til/i norsk natur

Kategori Introduksjon til eller spredning i norsk natur Hyppighet Abundans Tidspunkt Utdypende informasjon
egenspredning Spredning Ukjent Ukjent Pågående
som parasitter på/i planter Introduksjon Ukjent Ukjent Ukjent Truleg kome inn i landet på infiserte barpl. Første funn var i ein planteskule i Ås, Akershus der det fanst importerte barplanter nær eineren som soppen først vart funnen på i 2001.
av frø Introduksjon Ukjent Ukjent Ukjent Soppen kan vera frøoverført og kan difor ha kome med importert bartrefrø

Reproduksjon

  • Aseksuell reproduksjon
  • Generasjonstid (år): 1

Øvrige effekter

Helseeffekter
Ingen kjent effekt på menneske. Kan føra til kreftsår og daude skot på ulike bartre.
Økonomiske effekter
Så langt er skadane vi har sett på vertplanter i Noreg minimale og difor økonomisk ubetydelege.
Grunnleggende livsprosesser
  • Fotosyntese
  • Primærproduksjon
Forsynende tjenester
  • Pynte- og dekorasjonsmateriale
  • Genetiske ressurser
Regulerende tjenest
  • Naturskadebeskyttelse
Opplevelses - og kunnskapstjenester
  • Rekreasjon, friluftsliv og naturbasert reiseliv
  • Velvære og estetiske verdier
Positive økologiske effekter
Ingen kjente positive økologiske effektar
Effekter på opphavsbestanden
Opphavsbestand ukjent

Datasett

Grunnlag for estimering av forventa levealder, ekspansjonshastighet og/eller forekomstareal

Referanser

Siden siteres som:

Talgø V, Brandrud TE, Nordén B, Sundheim L og Solheim H (2018, 5. juni). Sphaeropsis sapinea, vurdering av økologisk risiko. Fremmedartslista 2018. Artsdatabanken. Hentet (2024, 5. November) fra http://www.artsdatabanken.no/Fab2018/N/3116