Behandlet i 2018 av ekspertkomite for Sopper

Godronia multispora

Fremmed art innenfor avgrensninga som er observert og etablert i Norge. Vurdert for Fastlands-Norge med havområder.

Lav risiko LO

Arten har moderat invasjonspotensiale, og ingen kjent økologisk effekt.

Utslagsgivende kriterier: 3B,1

Geografisk variasjon i risiko.

  • SE Svært høy risiko
  • HI Høy risiko
  • PH Potensielt høy risiko
  • LO Lav risiko
  • NK Ingen kjent risiko
  • NR Ikke risikovurdert
Økologisk effekt 14 24 34 44
13 23 33 43
12 22 (32) 42
11 21 [31] 41
Invasjonspotensial
Forklaring på risikomatrisen

Kriterier som har vært utslagsgivende for risikokategorien

Invasjonspotensiale: 3B

Økologisk effekt: 1 , med usikkerhet opp.

Kategori og kriterier

Oppsummering

Arten hører til artsgruppen Sopper og er terrestrisk,parasitt.

Godronia multispora drep knoppar og skot på bjørk og fører dermed til glisne kroner. Soppen har gitt skade på bjørk i Akershus dei seinaste åra, og han er kjent som ein skadegjerar på bjørk mellom anna i Finland (Lilja et al. 1997). Angrepsgraden varierar både med art og individ. Hengebjørk (Betula pendula) ser ut til å vera mest utsett, men vi har også sett kraftige angrep på vanleg bjørk (B. pubescens), B. costata og papirbjørk (B. papyrifera). Vi har også funne soppen på tidleg gulna bjørkeblad som framleis hang på trea. Når endeknoppen vert øydelagt av soppen, overtek ein sideknopp. Ved årvisse angrep fører dette til at greinene får nærast ein sikksakk-forma vekst. På nokre tre vert denne unormale forgreininga nærast sjåande ut som ein kost, men ikkje så tett som det vi kjenner frå heksekost på bjørk (Taphrina betulina). Det er typisk at det ligg tett med daude skot på bakken under større, infiserte bjørketre, særleg etter sterk vind (Talgø et al. 2015).

Soppen er berre kjent frå Ås, Akershus (Talgø et al. 2015), men det rimeleg å anta at han er utbreidd i eit større område, sjølv om det ikkje er utført noko kartlegging.

G. multispora har truleg kome inn i landet med infisert plantemateriale. Lokalt spreiar soppen seg med sporar som vert forma i brunsvarte sporehus på skadde knoppar og skot. Desse sporane er ukjønna (konidiar). Dei er avhengige av fuktige periodar for å spreia seg og infisera. Når regndråpar treff mogne sporehus, vert sporane frigitt og kan spruta over på nye skot/nabotre.

Vi har berre funne ukjønna sporar av G. multispora, noko som tilseier at soppen berre vert spreidd lokalt med vassprut . Soppar med luftbårne, kjønna sporar kan raskare spreia seg over store område. Invasjonspotensialet er vurdert som moderat.

Bjørk er viktig både i naturområde, skogplantingar og grøntanlegg. Sterke angrep av soppen vil ikkje ta livet av trea, men tynn krone vil gå utover fotosyntesen og dermed tilveksten. Svekka tre vert dessutan meir utsette for andre skadegjerarar, så det kan verta ein del indirekte økologiske effektar ved angrep av G. multispora.

Konklusjon

Truleg vil ikkje denne soppen få store konsekvensar for skogbruket, men i grøntanlegg vert mykje av den estetiske verdien borte ved sterke angrep. Godronia multispora er vurdert til kategorien låg risiko (LO).

Vurdering etter alle kriterier

Forklaring på kriteriene

Invasjonspotensial

A-kriteriet: Populasjonens mediane levetid

Estimert levetid for arten i Norge, med usikkerhet

Delkategori 2   10 - 59 år      

Estimeringsmåte c) Rødlistekriterier
Beskrivelse av data
Beste anslag av førekomstareal 40 km2
Gjeldende rødlistekriterium
B2
Rødlistekategori
EN

B-kriteriet: Ekspansjonshastighet

Gjennomsnittlig ekspansjonshastighet, med usikkerhet

Delkategori 3   160 - 499 m/år      

Estimeringsmåte c) Anslått økning i forekomstareal siste året
Anslått økning i forekomstareal siste år (km²)
4
Beskriv underliggende antakelser og data
Eit nytt tilfelle i 2017
Ekspansjonshastighet i m/år
183.05

C-kriteriet: Kolonisert areal av naturtype

Andel av forekomstarealet til minst én naturtype som vil være kolonisert etter 50 år, med usikkerhet

Delkategori 1   < 5%      

Økologisk effekt

D- og E-kriteriet: Effekter på stedegne arter

D-kriteriet: Truete arter eller nøkkelarter

Kan arten påvirke truede arter eller nøkkelarter innen 50 år, med usikkerhet.

Delkategori 1   Ingen kjent effekt      


E-kriteriet: Øvrige stedegne arter

Kan arten påvirke øvrige stedegne arter innen 50 år, med usikkerhet

Delkategori 1   Ingen kjent effekt       ⇑

Stedegen art   Nøkkel­art Effekt Lokal skala Type inter­aksjon Dis­tanse­effekt Doku­mentert Gjelder doku­ment­asjonen norske for­hold
Betula pubescens LC Nei Svak Nei Parasittering Nei Ja True
Betula pendula LC Nei Svak Nei Parasittering Nei Ja True

F-kriteriet: Effekter på truete/sjeldne naturtyper

Andel av naturtypeareal som gjennomgår tilstandsendring innen 50 år, med usikkerhet

Delkategori 1   = 0%      

G-kriteriet: Effekter på øvrige naturtyper

Andel av naturtypeareal som gjennomgår tilstandsendring innen 50 år, med usikkerhet

Delkategori 1   < 5%      

H-kriteriet: Overføring av genetisk materiale

Delkategori 1   Ingen kjent effekt      

I-kriteriet: Overføring av parasitter eller patogener

Delkategori 1   Ingen kjent effekt      

Klimaeffekter

Delkategori for invasjonspotensial påvirkes av klimaendringer.

Delkategori for økologisk effekt påvirkes av klimaendringer.

Fuktigare og varmare klima vil gjera spreiing til og etablering i nye område lettare for soppen

Geografisk variasjon i risiko

  • Artens økologiske effekter er begrensa til bestemte naturtyper
Avgrensa til skogsbestand av bjørk eller solitære bjørketre i grøntanlegg (hagar, parkar, anlegg)

Bakgrunnsinformasjon

Utbredelse i Norge

Nåværende utbredelse

Kjent Mørketall (faktor) Estimert totaltall (kjent * mørketall)
Lavt anslag Beste anslag Høyt anslag Lavt anslag Beste anslag Høyt anslag
Bestandsstørrelse
Forekomstareal (km2) 8 1 5 10 8 40 80
Utbredelsesområde (km2)
Andel av artens nåværende forekomst i sterkt endra natur: 0

Potensiell utbredelse

Sidan bjørk fins i alle fylke i Noreg, mellom anna i fleire som grensar mot naboland som har Godronia multispora pluss nemoral og boreal klimtype, kan soppen potensielt spreia seg til bjørkebestand i heile landet. Ukjønna formeiring tilseier sakte sporespreiing (vassprut), men det kan vera fleire introduksjonspunkt både frå naboland og med infisert plantemateriale.
Lavt anslag Beste anslag Høyt anslag
Potensielt forekomstareal (km²) 100 200 300

Kjent og antatt utbredelse i dag, og om 50 år

for Norge
for Norge
for Norge
  Fylke Kjent Antatt Potensiell
Øs Østfold
OsA Oslo og Akershus
He Hedmark
Op Oppland
Bu Buskerud
Ve Vestfold
Te Telemark
Aa Aust-Agder
Va Vest-Agder
Ro Rogaland
Ho Hordaland
Sf Sogn og Fjordane
Mr Møre og Romsdal
St Sør-Trøndelag
Nt Nord-Trøndelag
No Nordland
Tr Troms
Fi Finnmark
Sv Svalbard med sjøområder
Jm Jan Mayen

Utbredelseshistorikk i Norge

Soppen er berre kjent frå Ås, Akershus (Talgø et al. 2015), men det rimeleg å anta at han er utbreidd i eit større område, sjølv om det ikkje er utført noko kartlegging.
for Norge
Fra Til og med Sted Antall individ Forekomstareal
km²
Utbredelsesområde
km²
Kommentar Fylker
1950 2017 Ås Soppen er truleg spreidd til mange andre område enn Ås, men dette er ikkje undersøkt. Det er likevel grunn til å anta at soppen finst i delar av nabofylke med liknande klima. OsA

Utbredelseshistorikk i utlandet

Lite kjent. Rapportert frå Canada (Groves 1965) og Finland ( mellom anna Lilja 1997)

Global utbredelse

Naturlig utbredelse

Ukjent -
  • Europa
  • Asia
  • Afrika
  • Oseania
  • Nord- og Mellom-Amerika
  • Sør-Amerika
Groves (1965) omtalar Godronia multispora frå Canada, men vi veit ikkje om soppen har sitt opphav der.

Nåværende utbredelse

Temperert - Boreal
  • Europa
Temperert - Nemoral
  • Europa
  • Nord- og Mellom-Amerika

Kom til vurderingsområdet fra

  • Ukjent

Nærmere spesifisering

Mellom anna er det planta klonmateriale av bjørk frå Finland i skog i Hedmark. Soppen er påvist i Finland (Lilja et al. 1997), så han kan potensielt ha kome hit via slik import. Eventuelt via import til grøntanlegg.

Første observasjon i Norge

Første observasjon - 2000-2009

  Ikke-forplantningsdyktige individ Forplantningsdyktige individ Levedyktig avkom Bestand
  År Sted År Sted År Sted År Sted
Innendørs
Produksjonsareal (utendørs)
Norsk natur 2007 Ås

Naturtyper

Rødlistede naturtyper

Navn Kategori Tidshorisont Kolonisert areal (%) Tydelig tilstandsendring Tydelig påvirka areal (%)  

Øvrige naturtyper

Kode Navn Dominans skog Tidshorisont Kolonisert areal (%) Tydelig tilstandsendring Tydelig påvirka areal (%)
T4 Fastmarksskogsmark
0.0-1.9
0.0
TS-T5_4 bladverk og reproduktive deler av bjørk
0.1-1.9
T43 Sterkt endret, varig fastmark med intensivt hevdpreg
0.0-1.9
0.0

Spredningsveier til/i norsk natur

Kategori Introduksjon til eller spredning i norsk natur Hyppighet Abundans Tidspunkt Utdypende informasjon
som parasitter på/i planter Introduksjon Ukjent Ukjent Pågående Bjørk (Betula spp.) har vorte importerte til planting både i grøntanlegg og skog, så soppen kan ha blitt introdusert til naturen via bjørk
som parasitter på/i planter Spredning Ukjent Ukjent Ukjent Lokalt spreiar soppen seg med sporar som vert forma i brunsvarte sporehus på skadde knoppar og skot. Desse sporane er ukjønna (konidiar). Dei er avhengige av fuktige periodar for å spreia seg og infisera.

Reproduksjon

  • Aseksuell reproduksjon
  • Generasjonstid (år): 1

Øvrige effekter

Helseeffekter
Ingen kjent effekt på menneske. Fører til visne skot på bjørk.
Økonomiske effekter
Redusertst tilvekst
Grunnleggende livsprosesser
  • Primærproduksjon
  • Fotosyntese
Forsynende tjenester
  • Bioenergi
  • Genetiske ressurser
  • Pynte- og dekorasjonsmateriale
Regulerende tjenest
Opplevelses - og kunnskapstjenester
  • Rekreasjon, friluftsliv og naturbasert reiseliv
Positive økologiske effekter
Ingen kjent effekt
Effekter på opphavsbestanden
Ingen kjent effekt

Datasett

Grunnlag for estimering av forventa levealder, ekspansjonshastighet og/eller forekomstareal
  • Sirococcus v A3.pdf (409363 kB)
    I ein artikkel av Hopkins & Funk (1986) fann vi at morfologien til ein sopp frå bjørk i Canada, som dei omtala som ein Sirococcus sp., var identisk med våre funn på bjørk i grøntanlegg på Ås. Basert på denne artikkele trudde vi difor i starten at vi hadde med Sirococcus å gjera (jfr. plakat som er lasta opp her), men vi fann seinare ut at det var Godronia multispora. Etter funna som er omtala på plakaten, har det ikkje vorte undersøkt i andre område, men i Ås er det også i 2017 bjørk med visne skot, og soppen vart konstatert i ein stikkprøve som vart tatt våren 2017.

Referanser

Siden siteres som:

Talgø V, Brandrud TE, Nordén B, Sundheim L og Solheim H (2018, 5. juni). Godronia multispora, vurdering av økologisk risiko. Fremmedartslista 2018. Artsdatabanken. Hentet (2024, 22. November) fra http://www.artsdatabanken.no/Fab2018/N/3115