Argentinakarse er ein framand, svært sjeldsynt plante som er komen inn på fleire ulike vis, men som ikkje er funnen i Noreg på om lag 20 år. Alle tidlegare funn har vore som tilfeldig.

Kjenneteikn

Argentinakarse er eitt- til toårig med opprett, ugreina stengel opptil 60 cm høg, med lange, ugreina hår. Alle blada er meir eller mindre håra. Grunnblada er fjørdelte med ein liten endeflik og sit på lenge; stengelblada er fjørdelte med linjeforma, utanna flikar. Blomestanden er ein kort klase som strekkjer seg noko. Kronblada er svært små eller manglar. Blomane har oftast to pollenberarar. Frukta er ei rund kortskulpe som er 2–3,5(–4) mm lang. Ho har ein smal vengjekant, eit grunt innhakk og ein kort griffel.

Kromosomtal

Argentinakarse er tetra- og oktoploid med grunntal x = 8 og kromosomtala 2n = 32 og 64. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Argentinakarse er framand og komen inn på fleire ulike vis. Det første funnet er på ballastjord i Arendal (Aust-Agder) i 1889. Arten kom inn med søramerikansk korn i Odda i 1925 og i Bergen i 1943 (begge i Hordaland) og i Kristiansand (Vest-Agder) i 1957 og 1967. I Larvik (Vestfold) kom han inn med soyabønner i 1994 og i Hurum (Buskerud) med tømmer (truleg søramerikansk Eucalyptus) i 2004. Det er òg eit noko usikkert funn frå Sognsvatn i Oslo i 1969 der materialet ikkje er trygt namnfesta.

Som heimleg er arten utbreidd i tropiske og sørlege Sør-Amerika (‘bonariense’ = frå Buenos Aires), men han har vorte spreidd på fleire ulike vis til mange stader i Europa, austlege og sørlege Afrika, Australia og New Zealand.

Kommentarar

Arten er berre funnen som tilfeldig i Noreg, og innførselsmåtane har stort sett stoppa opp. Det er slutt på innførsel med soyabønner i Larvik og tømmer på Södra Cell på Tofte i Hurum, og reinsing av kornet har stoppa innførsel med søramerikansk korn. Det er lite truleg at denne arten kjem til Noreg att med det første.

Forvekslingar

Argentinakarse skil seg frå dei andre eitt- og toårige artane i matkarseslekta i at alle blada, òg dei øvre, er fjørdelte.

Kjelder

Carvalho e Vasconcellos J de, Akeroyd JR og Rich TCG (1993). Lepidium L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 398–402.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Lid J og Lid DT (1994). Norsk flora. 6. utg. ved R Elven. Det Norske Samlaget, Oslo. 1014 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Argentinakarse Lepidium bonariense L. www.artsdatabanken.no/Pages/345621. Lasta ned <dag.månad.år>.