Mjølrublom er ein heimleg og nokså vanleg plante på Svalbard, mest på Spitsbergen, men med nokre få funn på Nordaustlandet og Edgeøya. Fram til 1980-talet blei arten inkludert i grårublom, men genetiske undersøkingar har synt at vi har å gjere med to distinkte artar.

Kjenneteikn

Mjølrublom er ei fleirårig urt som veks i grisne eller tette tuver, oftast med store rosettar. Blad, stengel og frukter er tett gråhåra med små kortskafta og fleirgreina stjernehår. Rosettblada er heile eller stundom fåtanna, og blomestengelen har ofte 1–2 blad. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Blomane er store med sprikjande kronblad (blomen er heilt open). Kronblada er kvite og 3,5–6 mm lange. Frukta er ei 7–12 mm lang, oftast elliptisk kortskulpe som er noko tilspissa i begge endane. Ho sit på eit skaft som er jamlangt med skulpa eller lengre, og griffelen er nokså lang, dvs. 0,8–1 mm.

Kromosomtal

Mjølrublom er dekaploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 80. Teljingar er utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Mjølrublom er heimleg og veks på tørr grus, rabbar og i fuglefjell, oftast på baserik grunn. Utbreiinga strekkjer seg frå mellomarktisk sone til nordarktisk sone og litt inn i polarørkensona. Arten er vanleg over store delar av Spitsbergen og er funnen nokre få stader på Nordaustlandet og Edgeøya.

Den globale utbreiinga er litt uklår på grunn av at arten ikkje har vore skilt ut frå grårublom Draba cinerea i nokre område. Han er prova frå Nordaust-Canada, Grønland og Svalbard. Førebels er han ikkje dokumentert frå arktisk Russland.

Kommentarar

Mjølrublom er relativt nyleg akseptert som ein særskild art. I Svalbardfloraen gjekk han lenge som Draba cinerea (Rønning 1963, 1979), blei ikkje akseptert som ein særskilt art hos Walters og Akeroyd (1993), men kom inn som Draba arctica hos Lid og Lid (1994) og Rønning (1996). Han er distinkt ulik Draba cinerea og Draba hirta og fortener artsrang. Al-Shehbaz mfl. (2010) kommenterer at han inneheld to ulike element som ofte blir aksepterte som to underartar: subsp. arctica og subsp. ostenfeldii E.Ekman (eller Draba ovibovina (E.Ekman) E.Ekman), den sistnemnde avgrensa til Grønland ifølgje Plants of the World Online (POWO).

Nokre plantar ved Wijdefjorden nord på Spitsbergen har tette tuver med nokså små rosettar, korte stenglar med oftast berre eitt stengelblad, og blad og stenglar er tett håra med ugreina hår og store, dendroide hår og stjernehår. Desse samsvarar i fleire trekk med Draba oblongata R.Br. ex DC. (Draba groenlandica E.Ekman), grønlandsrublom, som har kromosomtalet 2n = 64, men dei er ikkje endeleg bekrefta som høyrande til denne arten. Grønlandsrublom er elles utbreidd på Grønland og i arktisk Nord-Amerika.

Nokre få stader på Spitsbergen er det funne plantar som kan vere hybridar med puterublom: Draba arctica × Draba corymbosa. Begge foreldreartane er høgpolyploide, og desse hybridane kan vere noko frøfertile. Dei kan vere meir utbreidde enn det som er kjent til no.

Forvekslingar

Dei regelrette og nokså store stjernehåra hos mjølrublom gjer at det berre er to artar han kan bli forveksla med: grårublom Draba cinerea og storrublom Draba hirta. Det er forvekslingar òg med bergrublom Draba rupestris, men desse forvekslingane kjem av at ein ikkje har sett godt nok på håra; bergrublom har ikkje regelrette stjernehår men heller uregelrette fleirgreina (dendroide) hår. Snørublom Draba nivalis er òg stjernehåra, men er ein mykje mindre plante med knøttsmå stjernehår.

Storrublom skil seg frå både mjølrublom og grårublom i at griffelen er tydeleg kortare, 0,4–0,5 mm mot 0,8–1,0 mm hos begge dei andre. Dette er den første karakteren ein må sjå etter. Grårublom har dessutan ei svært kort og breitt elliptisk skulpe, mindre enn to gonger så lang som brei, og ho sit på eit svært kort skaft, ofte kortare enn skulpa. Dei to andre har skulper som er meir enn to gonger så lange som breie og smalt elliptiske, smalt eggforma eller oftare lansettforma, og dei sit på skaft som er jamlange med eller lengre enn skulpa. Storrublom har skulpe som anten er snau eller stjernehåra, medan dei to andre alltid har stjernehåra skulpe. Mjølrublom har ei nokså smal, oftast lansettforma skulpe som er tilspissa i begge endane og meir enn to gonger så lang som brei, medan grårublom har ei kort, elliptisk skulpe som er avrunda i begge endane og mindre enn to gonger så lang som brei. I Noreg er dessutan mjølrublom berre funnen på Svalbard, medan grårublom berre er sikkert funnen i Finnmark.

Kjelder

Al-Shehbaz IA, Windham MD og Elven R (2010). Draba Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 269–347.

Brochmann C, Borgen L og Stedje B (1993). Crossing relationships and chromosome numbers of Nordic populations of Draba (Brassicaceae), with emphasis on the D. alpina complex. Nordic Journal of Botany 13: 121–147.

Brochmann C, Soltis DE og Soltis PA (1992). Electrophoretic relationships and phylogeny of Nordic polyploids in Draba (Brassicaceae). Plant Systematics and Evolution 182: 35–70.

Brochmann C, Soltis PS og Soltis DE (1992). Recurrent formation and polyphyly of Nordic polyploids in Draba (Brassicaceae). American Journal of Botany 79: 673–688.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora. https://svalbardflora.no.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Elven R, Murray DF, Razzhivin V og Yurtsev BA (red.) (2011). Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF). http://panarcticflora.org/

Lid J og Lid DT (1994). Norsk flora. 6. utg. ved R Elven. Det Norske Samlaget, Oslo. 1114 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 19/12/2022

Rønning OI (1963). Svalbards flora. Norsk Polarinstitutt, Polarhåndbok nr. 1. 125 s.

Rønning OI (1979). Svalbards flora. 2. utg. Norsk Polarinstitutt, Oslo. 128 s.

Rønning OI (1996). Svalbards flora. 3. utg. Norsk Polarinstitutt, Oslo. 182 s.

Walters SM og Akeroyd JR (1993). Draba L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 372–377.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Mjølrublom Draba arctica J.Vahl. www.artsdatabanken.no/Pages/345573. Lasta ned <dag.månad.år>.