Behandlet i 2018 av ekspertkomite for Semi-naturlig

Kystlynghei

Kystlynghei

Vurderingsenhet av Type 1.1.
NiN-kode: T34
CO
CR
EN
VU
NT
DD
LC
NE

Sterkt truet EN

Utslagsgivende kritier D2a+D2b:

  • Arealet er forringet på grunn av biotiske faktorer

Dokumentasjon

Kystlynghei (T34) er definert som ein open, heiprega naturtype der vegetasjonen er utvikla gjennom tradisjonell skjøtsel med sviing og beiting. Kystlyngheiene er semi-naturlege, og er avhengige av skjøtsel for ikkje å gro igjen til skog. Ein nøkkelart i kystlynghei er røsslyng, men naturtypen kan ha sterkt innslag av andre lyngartar som klokkelyng, blokkebær og krekling, og graminidar som engkvein, gulaks og slåttestorr. Langs kysten av Vestlandet nordover til Sunnmøre finn ein kystlynghei der purpurlyng inngår blant lyngartane.

Tradisjonane med bruken av kystlyngheiane som beiteressurs går tilbake til det første husdyrhaldet langs kysten. Sviing av lyng, eller lyngbrenning, har vore og er framleis ein viktig del av skjøtselen, og ei hevdform ein nyttar for å skape gode beiteforhold for husdyr (Kaland 1986). Lyngsviing fjernar gammal røsslyng på ein effektiv måte til fordel for ung og meir vital røsslyng. Etter sviing kjem det i tillegg fram ein rekkje næringsrike urter og gras i brannflatene (Velle et al. 2017).  Kombinasjonen av milde vintrar med lite snø, samt røsslyng med beiteverdi gjennom heile året, legg grunnlaget for heilårsbeiting som driftsform. I dag er gammalnorsk sau det vanlegaste husdyrslaget på heilårsbeite i kystlynghei (Thorvaldsen et al. 2017). Tidlegare var det vanleg å slå lyng til vinterfôr, men dette er ikkje er vanleg i dag.

Den tradisjonelle bruken av kystlyngheiane gjekk kraftig tilbake frå rundt 1900 og spesielt i perioden etter 1950 (Kaland & Kvamme 2013). Fordi suksesjon i kystlynghei inkluderer stadium med moden og aldrande røsslyng som kan strekke seg over fleire tiår, vil det vere ei betydeleg forsinking mellom endring i skjøtsel og tap av kystlynghei som følgje av gjengroing.  Nærheita til frøkilder frå gjengroingsartar og lokalklimatiske forhold er med på å bestemme kor fort gjengroinga skjer.   Lynghei langs kysten som er sterkt eksponert for vêr og vind, er mindre utsett for gjengroing enn kystlynghei som er mindre eksponert. Ein del areal med kystlynghei er planta til med skog, mellom anna sitkagran og andre framande bartre, for produksjon av tømmer og for å gi le for vind. I ein del område med kystlynghei kan spreiing av framande treslag frå tidligare skogplanting, vere ein betydeleg trussel for naturtypen i eit lengre tidsperspektiv.

I Norge har vi ikkje overvakingsdata som er arealrepresentativ for naturtypen kystlynghei. Det finst heller ikkje data som er representative for naturtypen og som kan gi informasjon om areal av kystlynghei med skjøtsel eller gjengroingstilstand for naturtypen. Naturtypekartlegging i regi av Miljødirektoratet i perioden 2014-2017 gir likevel nyttig informasjon om gjengroingstilstand for arealet som er kartlagt etter denne metoden.

 

A-kriteriet:

Det er tidligare estimert at Norge har mindre enn ti prosent igjen av arealet med kystlynghei (Hjeltnes 1997), men denne nedgangen refererer til ein lenger tidsperiode enn femtiårsperioden som ligg til grunn for raudlistevurderingane. I løpet av dei siste femti åra er særleg gjengroing som følgje av for låg bruksintensitet eller opphøyr i bruk,  oppdyrking, nedbygging og skogplanting viktige årsaker til at kystlyngheihar gått over til ein annan naturtype. I løpet av dei neste femti åra fram i tid, kan vi forvente at tapet av kystlynghei som følgje av gjengroing vil auke ytterlegare.

 

B-kriteriet:

Kystlynghei finst langs heile kysten nord til Lofoten, og B-kriteriet har derfor ikkje betydning for vurdering av naturtypen.

 

C-kriteriet:

Kystlynghei er ein naturtype der det er lite nitrogen tilgjengelig for plantene, og tilførsel av nitrogen og andre næringsstoff gjennom luftforureining er ein trussel mot naturtypen (Aarrestad & Stabbetorp 2010). Tålegrensa for atmosfærisk nitrogentilførsel i kystlynghei er sett til 10-20 kg N/ha per år (Bobbink & Hetteling 2011). Det er særleg langs kysten i Sør-Norge det er rapportert om nitrogenavsetting over den foreslåtte tolegrensa (Austnes et al 2018). Langtransportert luftforureining frå kontinentet og Storbritannia er ei viktig årsak her (Tørseth & Semb 1995, Aas et al. 2017). Ein auke i tilførsel av nitrogen frå luftforureining vil føre til ei rekke endringar i naturtypen. Ein viktig konsekvens er at graminidar og enkelte urter aukar i omfang mens røsslyng og andre lyngartar vil gå tilbake (Aarrestad & Stabbetorp 2010).

Eit varmare klima vil påskynde gjengroing i alle semi-naturlege naturtypar der det er opphøyr i skjøtselen. I tillegg vil klimaendringar gjere at innslag av problemartar og framande arter aukar (Forsgren et al 2015). Klimaendringar er venta å føre til endringar i temperatur og nedbør framover (Hanssen-Bauer et al. 2015). I kystlynghei er det dei siste åra registrert fleire episodar med vintertørke som igjen har ført til tørkeskader på røsslyng. Skadeomfanget er størst i gammal lynghei som er utan skjøtsel eller har svak skjøtsel. Røsslyng er ein konkurransesterk art i sitt miljø, og ein kan vente at gjengroingsartar og framande artar lettare etablerer seg der røsslyngen er svekka eller død som følgje av tørkeepisodar. Effektane av klimaendringar, endringar i skjøtsel og framande artar kan forsterke kvarandre, og det er viktig å skaffe fram kunnskap på dette område.    

Under C-kriteriet vert effekten av langtransportert nitrogen og klimaendringar vurdert samla.

 

D-kriteriet

Ettersom skjøtsel med lyngsviing kombinert med beiting eller slått er med på å definere naturtypen kystlynghei, og skjøtsel er eit vilkår for å oppretthalde naturtypen, vil bortfall av skjøtsel i seg sjølv representere ein reduksjon i tilstand og funksjon for denne naturtypen. Ein har ikkje sikre tal på areal av kystlynghei i Norge som er i bruk og har skjøtsel i dag, men oppfølginga av handlingsplanen for kystlynghei inkluderte i 2014 totalt 74 lokalitetar med kystlynghei. Arealet som har skjøtsel i dag, utgjer sannsynligvis under 20 % av det totale arealet med kystlynghei i Norge (ekspertgruppa vurderer det som sannsynleg at det reelle arealet med skjøtsel utgjer vesentlig mindre enn 20 % av totalarealet). Overvaking av kystlyngheilokalitetar basert på tolking av flyfoto viser at 32,5 % av det totale arealet (173 km2) undersøkt var under gjengroing med tresjikt (Johansen et al. 2015).  Indikatorane «tilstand kystlynghei» i Naturindeks for Noreg har en verdi på 0,31 for 2014, noko som òg syner at store delar av kystlyngheiene i Norge manglar skjøtsel (Johansen et al. 2015).

Data frå naturtypekartlegging i perioden 2014-2017 (NiN database mottatt frå Miljødirektoratet 18 april 2018) syner at ca 74 % av det kartlagde arealet er i ein brakkleggingsfase, i tidleg eller sein gjenvekstsuksesjonsfase. Vidare viser data frå naturtypekartlegging at ca 70 % av kartlagde førekomstar har busksjikt som dekkjer minimum ein tidel av arealet og 47 % av dei kartlagde førekomstane har busksjikt som dekkjer ein fjerdedel av arealet eller meir. Naturtypekartlegginga viser også at 33 % av dei kartlagde lokalitetane har tresjikt på minimum ein tidel av arealet og 23 % av lokalitetane har tresjikt på minst ein fjerdedel av arealet. Ekspertgruppa vurderer det som at områder med aktiv skjøtsel sannsynlegvis er overrepresenterte i utvalet av områder som blir naturtypekartlagt, ettersom dei kartlagde områda ikkje er valt ut tilfeldig. Kystlyngheiområde som allereie er sterkt prega av gjengroing, har i liten grad blitt prioritert for slik kartlegging. Data frå naturtypekartlegginga vil derfor truleg overestimere arealet med kystlynghei som er i bruk, og underestimere arealet som er i ein sein suksesjonsfase. Naturtypekartlegginga gir likevel klare indikasjonar på at ein stor del av arealet manglar skjøtsel og er i ein gjengroingsprosess.

Sitkagran og andre framande treslag er ein alvorleg trussel mot naturtypen kystlynghei. Kunnskapen om spreiing og etablering av sitkagran, buskfuru og andre framande treslag i kystlynghei i Norge er mangelfull, men fleire enkeltstudiar dei siste åra syner at spesielt sitkagran og bergfuru er i ferd med å etablere seg i store deler av kystlyngheia (Saure et al. 2013, Thorvaldsen 2016). For eksempel viste ei kartlegging av sitkagran og bergfuru i Vikna kommune at dei to artane hadde etablert seg i respektive 96 % og 60 % av lokalitetane med  kystlynghei som vart undersøkte i prosjektet (Johansen et al. 2017).

Ei samla vurdering av abiotiske endringar i kystlynghei dei siste 50 åra, er at minimum halvparten av arealet har ein tilstandsreduksjon på minst 50 % og/eller 80 % av arealet har ein tilstandsreduksjon på minst 30 %. Kystlynghei bør derfor minimum vurderast som sårbar (VU) etter D1-kriteriet, men det kan vere at betre datagrunnlag kunne gi grunnlag for å vurdere typen som sterkt trua (EN).

Ettersom ein stor del av kystlyngheia i Norge har hatt ein lang periode med svak eller manglande skjøtsel, ein stor del av lyngen er gammal, samt at tre og busker allereie har etablert seg, kan vi forvente at gjengroinga i kystlynghei vil akselerere dei neste tiåra (sjå for eksempel Moen et al. 2006). Klimaendringar, næringstilførsel gjennom nedbør og spreiing av framande artar kan òg bidra til å auke farten i gjengroinga. Ekspertgruppa si vurdering er derfor at i løpet av dei neste femti åra vil minst 80 % av arealet med kystlynghei ha ein betydelig redusert tilstand. Ein stor del av arealet vil mangle skjøtsel og den regelmessige forstyrringa i form av beiting og lyngsviing vil ikkje lenger vere ein del av økosystemet i desse kystlyngheiane. Det betyr òg at økologiske prosessar og funksjonar som er karakteristiske for naturtypen vil verte reduserte eller gå tapt. I neste omgang vil dette få følgjer for artar og populasjonar knytt til naturtypen. Kystlynghei er derfor vurdert som sterkt trua (EN) etter kriteria D2 og D3.  

Areal i Norge

Totalareal er naturtypens kjente areal per i dag. Utbredelsesarealet er et minimum konvekst polygon som omslutter alle forekomstene av typen. Antall forekomster er antall 10 x 10 km ruter der naturtypen forekommer. Forklaring til areal.

Kjent areal km² Mørketall Beregnet areal km²
(kjent * mørketall)
Totalareal 924 5,0 4620
Utbredelsesareal 0 1,0 0
Antall forekomster 337 1,5 506

Arealstatistikken er basert på areal av naturtypen kystlynghei registrert i Naturbase, og dette er derfor minimumsestimat. Det reelle arealet ligg sannsynligvis langt over dette minimumsestimatet. 

Påvirkningsfaktorer

Ulike faktorer som påvirker vurderingsenheten med omfang, alvorlighetsgrad og tidspunkt

Faktor Omfang Alvorlighetsgrad Tidspunkt
Påvirkning på habitat
Landbruk ↴
Skogreising/treplantasjer
Minoriteten av arealet påvirkes (<50%) Langsom, men signifikant, reduksjon (< 20% over 10 år) Pågående
Landbruk ↴
Opphørt/redusert drift
Majoriteten av arealet påvirkes (50-90%) Langsom, men signifikant, reduksjon (< 20% over 10 år) Pågående
Forurensing
Atmosfærisk Minoriteten av arealet påvirkes (<50%) Langsom, men signifikant, reduksjon (< 20% over 10 år) Pågående
Fremmede arter
Fremmede arter Majoriteten av arealet påvirkes (50-90%) Langsom, men signifikant, reduksjon (< 20% over 10 år) Pågående
Klimatiske endringer
Klimatiske endringer Ukjent Ukjent Pågående

Forurensing: Kystlynghei er en naturtype der det er lite nitrogen tilgjengelig for plantene, og tilførsel av nitrogen og andre næringsstoff gjennom luftforureining er ein trussel mot naturtypen (Aarrestad & Stabbetorp 2010). Tålegrensa for atmosfærisk nitrogentilførsel i kystlynghei er sett til 10-20 kg N/ha per år (Bobbink & Hetteling 2011). Det er særleg langs kysten i Sør-Norge det er rapportert om  nitrogenavsetning over den foreslåtte tålegrensa (Austnes et al 2018). Langtransportert luftforureining frå kontinentet og Storbritannia er ei viktig årsak her (Tørseth & Semb 1995, Aas et al. 2017).

Ei auke i tilførsel av nitrogen frå luftforureining vil føre til ei rekke endringar i naturtypen. Ein viktig konsekvens er at grass, andre graminoider og nokre artar av urter og staudar aukar i dekning mens røsslyng vil gå tilbake (Aarrestad & Stabbetorp 2010).

Klimaendringar: Klimaendringar er forventa å føre til endringar i temperatur og nedbør fremover (Hanssen-Bauer et al. 2009). I kystlynghei er det dei siste åra registrert fleire episodar med vintertørke som igjen har ført til tørkeskader på røsslyng. Skadeomfanget er størst i gammal lynghei som er utan skjøtsel eller har svak skjøtsel. Røsslyng er ein konkurransesterk art i sit miljø, og ein kan vente at gjengroingsartar og framande artar lettare etablerer seg der røsslyngen er svekka eller død som følgje av tørkeepisodar. Effektane av klimaendringar, endringar i skjøtsel og framande artar kan forsterke kvarandre, men dette er eit område der det i dag er manglar kunnskap.    

Framande artar: Sitkagran og andre framande treslag er ein viktig trussel mot naturtypen kystlynghei. Kunnskapen om spreiing og etablering av sitkagran, buskfuru og andre framande treslag i kystlynghei i Norge er mangelfull, men fleire enkeltstudiar dei siste åra indikerer at spesielt sitkagran og bergfuru er i ferd med å etablere seg i store deler av kystlyngheia (Saure et al. 2013, Thorvaldsen 2016) For eksempel viste ei kartlegging av sitkagran og bergfuru i Vikna kommune at sitkagran hadde etablert seg i 96% og bergfuru i 60% av lokalitetane med  kystlynghei som vart undersøkte i prosjektet (Johansen et al. 2017).

Regioner

RegionForekomst
Østfold X
Oslo og Akershus
Hedmark
Oppland
Buskerud
Vestfold
Telemark X
Aust-Agder X
Vest-Agder X
Rogaland X
Hordaland X
Sogn og Fjordane X
Møre og Romsdal X
Trøndelag X
Nordland X
Troms
Finnmark
Svalbard med sjøområder
Jan Mayen med kystnære øyer
Polhavet
Barentshavet
Norskehavet
Nordsjøen
Skagerrak

Vurdering mot hvert kriterium A-E

Utslagsgivende kriterium er uthevet. Forklaring på kriteriene.

A - Reduksjon i totalarealet

Reduksjon av naturtypens totalareal i løpet av en 50-årsperiode

A1Reduksjon siste 50 år≥ 30 % - < 50 %   VU
A2aReduksjon neste 50 år≥ 20 % - < 30 %   NT
A2bReduksjon i en 50 årsperiode (fortid, nåtid, fremtid)≥ 20 % - < 30 %   NT

B - Begrenset geografisk utbredelse

Utbredelsesareal i dag (B1) eller antall 10 × 10 km ruter hvor naturtypen finnes i dag (B2). Minst ett av underkriteriene a-c må være angitt for at kategorien B1 og/eller B2 skal gjelde.

C - Abiotisk forringelse

Andel av totalarealet som er forringet av abiotisk faktorer, og graden av forringelse, innenfor en vurderingsperiode på 50 år

C1 Andel av totalareal forringet siste 50 år ≥ 30 % - < 50 %
C1 Grad av abiotisk forringelse siste 50 år ≥ 50 % - < 80 %
Tilsvarer NT
C2a Andel av totalareal forringet kommende 50 år ≥ 30 % - < 50 %
C2a Grad av abiotisk forringelse kommende 50 år ≥ 50 % - < 80 %
Tilsvarer NT
C2b Andel av totalareal forringet 50 år (for-, nå- og framtid) ≥ 30 % - < 50 %
C2b Grad av abiotisk forringelse 50 år (for-, nå- og framtid) ≥ 50 % - < 80 %
Tilsvarer NT

D - Biotisk forringelse

Andel av totalarealet som er forringet av biotiske faktorer, og graden av forringelse, innenfor en vurderingsperiode på 50 år.

D1 Andel av totalareal forringet siste 50 år ≥ 80 %
D1 Grad av biotisk forringelse siste 50 år ≥ 30 % - < 50 %
Tilsvarer VU
D2a Andel av totalareal forringet kommende 50 år ≥ 80 %
D2a Grad av biotisk forringelse kommende 50 år ≥ 50 % - < 80 %
Tilsvarer EN
D2b Andel av totalareal forringet 50 år (for-, nå- og framtid) ≥ 80 %
D2b Grad av biotisk forringelse 50 år (for-, nå- og framtid) ≥ 50 % - < 80 %
Tilsvarer EN

E - Kvantitativ risikoanalyse

Angir den estimerte sannsynligheten for at økosystemet går tapt

NE

Referanser

  • Hjeltnes, A. 1997. Overvåking av kystlynghei. Sluttrapport. Delprosjekt av: ”Kartlegging av skader og skadeårsaker på røsslyng og forandringer i vegetasjonen i kystlyngheia på Sør-Vestlandet”. Telemarkforsking Rapport 129. Telemarksforsking, Bø i Telemark.
  • Forsgren, E., Aarrestad P.A, Gundersen, H., Christie, H., Friberg, N., Jonsson, B., Kaste, Ø., Lindholm, M., Nilsen, E.B., Systad, G., Veiberg, V., Ødegaard, F. 2015. Klimaendringenes påvirkning på naturmangfoldet i Norge. NINA Rapport 1210: 133
  • Austnes, K., Lund, E., Sample, J. E., Aarrestad, P. A., Bakkestuen, V. & Aas, W. 2018. Overskridelser av tålegrenser for forsuring og nitrogen for Norge. Oppdatering med perioden 2012-2016 Rapport M-966|2018. Miljødirektoratet
  • Johansen, L., Hovstad, K.A. & Åström, J. 2015. Åpent lavland. -I: Framstad, E. (red.) Naturindeks for Norge 2015. Tilstand og utvikling for biologisk mangfold. Miljødirektoratet Rapport M-441. Miljødirektoratet, Trondheim, s. 92-102.
  • Aarrestad, P.A. & Stabbetorp O.E. 2010. Bruk av bioindikatorer til overvåking av effekter av atmosfærisk nitrogen i naturtyper med lav nitrogentålegrense. Pilotprosjekt for Naturindeks for Norge NINA Rapport 567: 47 s
  • Aas, W., A. Hjellbrekke, A., Hole, L. & Tørseth, K. 2017. Deposition of major inorganic compounds in Norway, 2007–2011 NILU Report 41/2017. Norwegian Institute for Air Research, Kjeller, Norway.
  • Bobbink, B. & Hettelingh, J.P. 2011. Review and revision of empirical critical loads and dose-response relationships. National Institute for public Health and the Environment (RIVM), www.rivm.nl.cce.
  • Hanssen-Bauer, I., Førland, E. J., Haddeland, I., Hisdal, H., Mayer, S., Nesje, A., ... & Ådlandsvik, B 2015. Klima i Norge 2100 Kunnskapsgrunnlag for klimatilpasning oppdatert i 2015. NCCS report
  • Moen, A., Nilsen, L., Aasmundsen, A. & Oterholm, A.I. 2006. Woodland regeneration in a coastal heathland area in central Norway Norsk Geografisk Tidsskrift 60: 277-294
  • Velle, L.G., Thorvaldsen, P.T., Vandvik, V., Nilsen, L.S., Norderhaug, A., Øpstad, S. 2017. Gammalnorsk sau og skjøtsel av kystlynghei – revegetering etter lyngsviing NIBIO POP 3(32)
  • Kaland, P. E. 1986.
  • Thorvaldsen, P.T., Velle, L.G., Norderhaug, A., Øpstad, S 2017. Gammalnorsk sau og skjøtsel av kystlynghei – beitepreferansar, beitetrykk og dyrevelferd NIBIO POP 3(34)
  • Saure,H.I.,Vandvik,V.,Hassel,K. & Vetaas, O.R. 2013. Effects of invasion by introduced versus native conifers on costal heathland vegetation. J.Veg.Science 24: 744-754
  • Thorvaldsen, P 2016. Sitkagran Picea sitchensis i stor spredning i det norske kystlandskapet. Eksempel fra Stadtlandet, Selje kommune. Blyttia 74: 160-171
  • Tørseth, K. & Semb, A. 1995. Sulphur and nitrogen deposition in Norway, status and trends Water, Air, and Soil Pollution 85: 623-628
  • Johansen, L., Vesterbukt, P., & Grenne, S. 2017. Kartlegging av kystlynghei og sitkagran i Vikna kommune, Nord-Trøndelag. Oppfølging av trua naturtyper og fremmede arter i Vikna kommune. NIBIO Rapport 3(82).
  • Kaland, P. & Kvamme, M. 2013. Kystlyngheiene i Norge- kunnskapsstatus og beskrivelse av 23 referanseområder. Miljødirektoratet Rapport M23-2013. Miljødirektoratet, Trondheim.

Vurderingen siteres som:

Hovstad, K. A., Johansen L., Arnesen, A., Svalheim, E. og Velle, L. G. (2018). Kystlynghei, Semi-naturlig. Norsk rødliste for naturtyper 2018. Artsdatabanken, Trondheim. Hentet (dato) fra: https://artsdatabanken.no/RLN2018/74