Behandlet i 2018 av ekspertkomite for Alger

Codium fragile pollpryd

Fremmed art innenfor avgrensninga som er observert og etablert i Norge. Vurdert for Fastlands-Norge med havområder.

Svært høy risiko SE

Arten har stort invasjonspotensiale, og høy økologisk effekt.

Utslagsgivende kriterier: 4AB,4F

Geografisk variasjon i risiko.

  • SE Svært høy risiko
  • HI Høy risiko
  • PH Potensielt høy risiko
  • LO Lav risiko
  • NK Ingen kjent risiko
  • NR Ikke risikovurdert
Økologisk effekt 14 24 34 [44]
13 23 33 43
12 22 32 42
11 21 31 41
Invasjonspotensial
Forklaring på risikomatrisen

Kriterier som har vært utslagsgivende for risikokategorien

Invasjonspotensiale: 4AB

Økologisk effekt: 4F

Kategori og kriterier

Oppsummering

Arten hører til artsgruppen Alger og er marin.

Pollpryd Codium fragile subsp. fragile er ei stor greinforma grønalge (30-50 cm) og kjem opprinneleg frå det nordlege Stillehavet, og saman med fleire andre underartar er dette rekna som ei underart av Codium fragile. Sjølv om dette no er rekna som ei underart er det påvist ein klar genetisk skilnad mellom denne underarta og dei andre, og det er i tillegg ein del morfologiske ulikskapar som gjer at C. fragile subsp. fragile skil seg frå dei andre underartane. Det er difor mogleg at denne underarta kjem til å bli foreslått som ein eigen art, men dette er framleis ikkje avklart (Verbruggen et al. 2016).

Gjennom ei nyare molekylærbiologisk undersøking av arta i Norge vart det samla inn prøvar frå store delar av det noverande utbreiingsområdet, og i tillegg vart det ekstrahert DNA frå herbariumeksemplar utlånt frå ei rekkje museum i Norge. Resultata viste at arta har vore i Norge (Hordaland) sidan 1932 (Armitage & Sjøtun 2016). I tillegg vart underarta C. fragile subsp. atlanticum påvist i Norge, men denne vart berre funnen ved Frøya samt som eit herbarium-eksemplar frå Sogn og Fjordane i 1948. I gamle kjelder er det nevnt at det var ei stor auke i Codium langs kysten på 1930-talet, og det er mulig at dette reflekterte den ekspanderande fasen av C. fragile subsp. fragile langs kysten. Undersøkinga av herbarie-eksemplara viste at alt i 1949 hadde arta spreidd seg til Nordland.

Pollpryd spreier seg ved hjelp av sporer og ved fragmentering. Om sommaren vil arrivne planter eller greinar ha stor flyteevne, og arta vil kunna spre seg langt ved flytande greiner (Armitage & Sjøtun 2017).

Lyons & Scheibling (2009) konstruerte spreiingsrater for ei rekkje invasive algar basert på observasjonar, og fann at pollpryd hadde spreiingsrater mellom 44-85 km per år. Då er ikkje den innleiande oppbyggingsfasen teke med, slik at spreiingaraten under ekspanderande spreiing vil kunna vera ein del høgare. Arta har ein høg estimert ekspansjonshastighet og ei høg forventa levetid og såleis eit høgt invasjonspotensial.

Pollpryd er vanlegast i øvre del av sjøsona, og kan her etablera seg i tette bestandar, spesielt der stein og ur dannar substratet. I Hordaland er det observert at nedre grense til sagtang-sona blir heva der pollpryd er etablert i størst mengder (Armitage et al. 2014). Arta vil også i ein viss grad kunna endra den assosierte faunaen i denne sona. I ei undersøking der faunaen assosiert med pollpryd vart samanlikna med den assosiert med sagtang, hadde arta relativt låge forekomstar av fastsitjande dyr som hydroidar, mosdyr og posthornsmakk, samt den delen av faunaen som er spesialisert for Fucus (Armitage & Sjøtun 2016).

Konklusjon

Pollpryd kan flekkvis dominera i øvre del av sjøsona, ei sone som normalt er okkupert av sagtang og/eller sukkertare. Arta vil dermed ha samfunnseffekt ved å påverka samansetnad av assosiert flora og fauna. Forekomst av arta varierer mykje frå år til år. Dette har muligvis mellom anna med variasjonar i vintertemperatur å gjera. Dersom frekvensen av milde vintrar og varme somrar aukar framover, vil aukande lokale førekomstar kunna forventast. Ei vidare spreiing nordover vil då også forventast. Med bakgrunn i høgt invasjonspotensial og stor økologisk effekt på samfunn i øvre del av sjøsona er arta vurdert til svært høg risiko SE.


Vurdering etter alle kriterier

Forklaring på kriteriene

Invasjonspotensial

A-kriteriet: Populasjonens mediane levetid

Estimert levetid for arten i Norge, med usikkerhet

Delkategori 4   >= 650 år      

Estimeringsmåte c) Rødlistekriterier
Beskrivelse av data
Utbredelsesområdet av arten langs Norskekysten er lagt til grunn for vurderingen av median levetid
Gjeldende rødlistekriterium
B1
Rødlistekategori
LC

B-kriteriet: Ekspansjonshastighet

Gjennomsnittlig ekspansjonshastighet, med usikkerhet

Delkategori 4   >= 500 m/år      

Estimeringsmåte c) Anslått økning i forekomstareal siste året
Anslått økning i forekomstareal siste år (km²)
126
Beskriv underliggende antakelser og data
Basert på kolonisert areal/ tid for kolonisering
Ekspansjonshastighet i m/år
1015.54

C-kriteriet: Kolonisert areal av naturtype

Andel av forekomstarealet til minst én naturtype som vil være kolonisert etter 50 år, med usikkerhet

Delkategori 2   >= 5%      

Økologisk effekt

D- og E-kriteriet: Effekter på stedegne arter

D-kriteriet: Truete arter eller nøkkelarter

Kan arten påvirke truede arter eller nøkkelarter innen 50 år, med usikkerhet.

Delkategori 1   Ingen kjent effekt      


E-kriteriet: Øvrige stedegne arter

Kan arten påvirke øvrige stedegne arter innen 50 år, med usikkerhet

Delkategori 3   Middels effekt      

Stedegen art   Nøkkel­art Effekt Lokal skala Type inter­aksjon Dis­tanse­effekt Doku­mentert Gjelder doku­ment­asjonen norske for­hold
Fucus serratus LC Nei Fortrengning Ja Konkurranse om plass Nei Ja True
Saccharina latissima LC Nei Fortrengning Ja Konkurranse om plass Nei Ja
Artene i naturtypen   Blir trua arter eller nøkkel­arter i natur­typen på­virket Effekt Lokal skala Type inter­aksjon Dis­tanse­effekt Doku­mentert Gjelder doku­ment­asjonen norske for­hold
M1-1 Nei Fortrengning Ja Konkurranse om plass Nei Ja
M1-2 Nei Fortrengning Ja Konkurranse om plass Nei Ja
M1-3 Nei Fortrengning Ja Konkurranse om plass Nei Ja

F-kriteriet: Effekter på truete/sjeldne naturtyper

Andel av naturtypeareal som gjennomgår tilstandsendring innen 50 år, med usikkerhet

Delkategori 4   ≥ 5%      

G-kriteriet: Effekter på øvrige naturtyper

Andel av naturtypeareal som gjennomgår tilstandsendring innen 50 år, med usikkerhet

Delkategori 1   < 5%      

H-kriteriet: Overføring av genetisk materiale

Delkategori 1   Ingen kjent effekt      

I-kriteriet: Overføring av parasitter eller patogener

Delkategori 1   Ingen kjent effekt      

Klimaeffekter

Delkategori for invasjonspotensial påvirkes av klimaendringer.

Delkategori for økologisk effekt påvirkes av klimaendringer.

Det er vist gjennom laboratorieforsøk at ei temperaturauke frå 5 til 7 grader C førte til ein signifikant vekstauke for Codium fragile subsp. fragile (Armitage & Sjøtun 2017). Feltregistreringar på ca 50 stasjonar gjennom ein periode med varierande vintertemperaturar viste størst etablering og overleving til arta gjennom år med vintrar med relativt høg vintertemperaturar. Det er difor truleg at høgare vintertemperaturar vil føra til større utbreiing og tettare bestandar av arta i Sør-Norge.

Geografisk variasjon i risiko

  • Artens økologiske effekter er begrensa til bestemte naturtyper
  • Artens evne til reproduksjon/spredning er begrensa til visse klimasoner eller -seksjoner
  • Artens økologiske effekter er begrensa til visse klimasoner eller -seksjoner
Artas økologiske påverknad er avgrensa til del delene av Norge der den er etablert (til Troms), og arta har no vore her så lenge at den sannsynlegvis ikkje vil kunna kolonisera resten av kysten dersom ikkje det blir ein betydleg høgare sjøtemperatur i Nord-Norge. Arta veks rikelegaste i øvre del av sjøsona, er også vanlegaste der stein og ur dannar substratet. Den økologiske effekta til arta der difor avgrensa til bestemte naturtypar, og effekten er dermed størst på den eller dei artane som veks i denne sona. Der C. fragile subsp. fragile finst i størst mengder er det observert at den kan den i ei viss grad kan fortrenga sagtang i den nedre delen av sag-tangsona i Norge (Armitage et al. 2014).

Bakgrunnsinformasjon

Utbredelse i Norge

Nåværende utbredelse

Kjent Mørketall (faktor) Estimert totaltall (kjent * mørketall)
Lavt anslag Beste anslag Høyt anslag Lavt anslag Beste anslag Høyt anslag
Bestandsstørrelse 1135 50 100 500 56750 113500 567500
Forekomstareal (km2) 644 1 2 3 644 1288 1932
Utbredelsesområde (km2) 266433
Andel av artens nåværende forekomst i sterkt endra natur: 5

Potensiell utbredelse

Arta er vanleg langs heile kysten, men alle registreringar er ikkje lagt inn i artskart difor blir mørketala store.
Lavt anslag Beste anslag Høyt anslag
Potensielt forekomstareal (km²) 644 1288 1932

Kjent og antatt utbredelse i dag, og om 50 år

for Norge
for Norge
for Norge
  Fylke Kjent Antatt Potensiell
Øs Østfold
OsA Oslo og Akershus
He Hedmark
Op Oppland
Bu Buskerud
Ve Vestfold
Te Telemark
Aa Aust-Agder
Va Vest-Agder
Ro Rogaland
Ho Hordaland
Sf Sogn og Fjordane
Mr Møre og Romsdal
St Sør-Trøndelag
Nt Nord-Trøndelag
No Nordland
Tr Troms
Fi Finnmark
Sv Svalbard med sjøområder
Jm Jan Mayen

Utbredelseshistorikk i Norge

Gjennom ei nyare molekylærbiologisk undersøking av arta i Norge vart det samla inn prøvar frå store delar av det noverande utbreiingsområdet, og i tillegg vart det ekstrahert DNA frå herbariumeksemplar utlånt frå ei rekkje museum i Norge. Resultata viste at arta har vore i Norge (Hordaland) sidan 1932 (Armitage & Sjøtun 2016). I tillegg vart underarta C. fragile subsp. atlanticum påvist i Norge, men denne vart berre funnen ved Frøya samt som eit herbarium-eksemplar frå Sogn og Fjordane i 1948. I gamle kjelder er det nevnt at det var ei stor auke i Codium langs kysten på 1930-talet, og det er mulig at dette reflekterte den ekspanderande fasen av C. fragile subsp. fragile langs kysten. Undersøkinga av herbarie-eksemplara viste at alt i 1949 hadde arta spreidd seg til Nordland.
for Norge
Fra Til og med Sted Antall individ Forekomstareal
km²
Utbredelsesområde
km²
Kommentar Fylker
1932 1950 Brattegard & Holte 1997 Øs,OsA,Ve,Te,Aa,Va,Ro,Ho,Sf,Mr,St,No
1950 2017 1135
( 1135   *  100)
644
( 644   *  1)
Det anses som sannsynlig at ikke alle registreringer i Norge er lagt inn i Artskart. Vi har derfor satt et stort mørketall på antall individer. Forekomstarealet er også høyst usikkert. Øs,OsA,Ve,Te,Aa,Va,Ro,Ho,Sf,Mr,St,No,Tr

Utbredelseshistorikk i utlandet

Den første sikre registreringa av C. fragile subsp. fragile i Europa er frå Irland i 1845. Arten har sidan spreid seg til store delar av Europa inkludert Middelhavet. Arten er også introdusert til vest (1957) og austkysten av Nordamerika, Australia (1985) og New Zealand (1935) (Lyons & Scheibling 2009).

Global utbredelse

Naturlig utbredelse

  • Stillehavet nordlig
Genetiske undersøkingar viser at det har vore minst to introduksjonar av Codium fragile subsp. fragile frå det nordlige Stillehavet (Provan et al. 2005).

Nåværende utbredelse

  • Atlanterhavet nordvest
  • Atlanterhavet nordøst
  • Atlanterhavet sørlig
  • Stillehavet nordlig
  • Middelhavet
  • Stillehavet sørlig

Kom til vurderingsområdet fra

  • Annet sted (utlandet)

Nærmere spesifisering

Ved hjelp av molekylærbiologiske metodar har herbariumeksemplar av Codium fragile blitt sjekka, og den første sikre registreringa av C. fragile subsp. fragile er frå 1845 i Irland. Den første sikre registreringa av C. fragile subsp. fragile i Norge er frå Hordaland i 1932. Og det er svært sannsynleg at arta har spreidd seg frå sørlegare deler av Europa til Norge.

Første observasjon i Norge

Første observasjon - 1900-1949

  Ikke-forplantningsdyktige individ Forplantningsdyktige individ Levedyktig avkom Bestand
  År Sted År Sted År Sted År Sted
Innendørs
Produksjonsareal (utendørs)
Norsk natur 1932 Herdla, Hordaland

Naturtyper

Rødlistede naturtyper

Navn Kategori Tidshorisont Kolonisert areal (%) Tydelig tilstandsendring Tydelig påvirka areal (%)  
Sukkertareskog Skagerrak EN 0.0-1.9
  • Artsgruppe-sammensetning
0.1-1.9
Sukkertareskog Nordsjøen VU 5.0-9.9
  • Artsgruppe-sammensetning
5.0-9.9
Sukkertareskog Skagerrak EN 0.0-1.9
  • Artsgruppe-sammensetning
0.1-1.9

Øvrige naturtyper

Kode Navn Dominans skog Tidshorisont Kolonisert areal (%) Tydelig tilstandsendring Tydelig påvirka areal (%)
M1-1 stille til temmelig beskyttet fast algebunn
2.0-4.9
  • Artsgruppe-sammensetning
0.1-1.9
M1-2 litt beskyttet-svakt eksponert sublitoral fastbunn
2.0-4.9
  • Artsgruppe-sammensetning
2.0-4.9
M1-3 beskyttet infralitoral fastbunn
2.0-4.9
  • Artsgruppe-sammensetning
0.1-1.9
M1-25 beskyttet-eksponert blokkdominert bunn i sublitoral
5.0-9.9
  • Artsgruppe-sammensetning
2.0-4.9

Spredningsveier til/i norsk natur

Kategori Introduksjon til eller spredning i norsk natur Hyppighet Abundans Tidspunkt Utdypende informasjon
med skip Introduksjon Tallrike ganger pr. år Ukjent Pågående
egenspredning Introduksjon Tallrike ganger pr. år > 1000 Pågående
med ballastvann/sand Introduksjon Ukjent Ukjent Opphørt, men kan inntreffe igjen
egenspredning Spredning Ca. årlig > 1000 Pågående

Reproduksjon

  • Aseksuell reproduksjon
  • Generasjonstid (år): 0.1

Øvrige effekter

Helseeffekter
Ingen kjent effekt
Økonomiske effekter
Ingen kjent effekt
Grunnleggende livsprosesser
Forsynende tjenester
Regulerende tjenest
Opplevelses - og kunnskapstjenester
Positive økologiske effekter
Ingen kjent effekt
Effekter på opphavsbestanden
Ingen kjent effekt

Datasett

Grunnlag for estimering av forventa levealder, ekspansjonshastighet og/eller forekomstareal

Referanser

  • Watanabe, S. & Scheibling, R.E. 2009. Contrasting patterns of spread in interacting invasive species: Membranipora membranacea and Codium fragile off Nova Scotia Biological Invations
  • Drouin, A., McKindsey, C.W. & Johnson, E.L. 2011. Detecting the impacts of notorious invaders: experiments versus observations in the invasion of eelgrass meadows by the green seaweed Codium fragile Oecologia
  • Nyberg, C.D. & Wallentinus, I. 2005. Can species traits be used to predict marine macroalgal introductions? Biological Invasions 7: 265-279
  • Stellander, O. 1969. Nytt funn av Codium fragile (Sur.) Hariot i Nord-Norge Blyttia 174-177
  • Trowbridge, C.D 1998. Ecology of the green macroalga Codium fragile (Suringar) Hariot 1889: invasive and non-invasive subspecies Oceanography and Marine Biology Annual Review 36: 1-64
  • Rueness J, Brattegard T, Lein TE, Kufner Lein R, Pedersen A, Sørlie AC 1997. Class Rhodophyceae (Divisjon Rhodophyta), i Brattegard T & Holthe T (red) Utredning fra DN Research Report for DN Nr. 1997-1
  • Provan, J., Booth, D., Todd, N.P., Beatty, G.E. & Maggs, C.A 2008. Tracking biological invasions in space and time: elucidating the invasive history of the green alga Codium fragile using old DNA. Diversity and Distrubutions 14: 343-354
  • Silva, P. 1957. Codium in Scandinavian waters. Svensk botanisk Tidsskrift 51: 117-134
  • Fægri, K. & Moss, E. 1952. On the occurrence of the genus Codium along Scandinavian coasts Blyttia 10: 108-113
  • Provan, J., Murphy, S. & Maggs C.A. 2005. Tracking the invasive history of the green alga Codium fragile ssp. tomentosoides. Molecular Ecology 14: 189-194.
  • Armitage CS, Sjøtun K 2017. Can an old alien benefit from rising ocean temperatures? An experimental and field study on the growth and local distribution of Codium fragile subsp. fragile (Chlorophyta) Marine Biology 164: 142-162
  • Armitage CS, Sjøtun K 2016. Epiphytic macroalgae mediate the impact of a non-native alga on associated fauna Hydrobiologia 776: 35-49
  • Armitage CS, Sjøtun K 2016. Codium fragile in Norway: subspecies identity and morphology Botanica Marina 59: 439–450
  • Armitage CS, Sjøtun K, Jensen KH 2014. Correlative evidence for competition between Fucus serratus and the introduced chlorophyte Codium fragile subsp. fragile on the southwest coast of Norway Botanica Marina 57: 85-97
  • Lyons DA, Scheibling RE 2009. Range expansion by invasive marine algae: rates and patterns of spread at a regional scale Diversity and Distributions 15: 762–775
  • Garbary DJ, Fraser SJ, Hubbard C, Kim KY 2004. Codium fragile: rhizoatous growth in the Zostera thief of eastern Canada Helgol Mar Res 58: 141-146
  • Watanabe S, Scheiblin RE, Metaxas A 2010. Contrasting patterns of spread in interacting invasive species: Membranipora membranacea and Codium fragile off Nova Scotia Biological Invasions 12: 2329-2342

Siden siteres som:

Husa V, Fredriksen S og Sjøtun K (2018, 5. juni). Codium fragile, vurdering av økologisk risiko. Fremmedartslista 2018. Artsdatabanken. Hentet (2024, 27. December) fra http://www.artsdatabanken.no/fab2018/N/738