Behandlet i 2018 av ekspertkomite for Alger

Sargassum muticum japansk drivtang

Fremmed art innenfor avgrensninga som er observert og etablert i Norge. Vurdert for Fastlands-Norge med havområder.

Svært høy risiko SE

Arten har stort invasjonspotensiale, og høy økologisk effekt.

Utslagsgivende kriterier: 4A,4D

Geografisk variasjon i risiko.

  • SE Svært høy risiko
  • HI Høy risiko
  • PH Potensielt høy risiko
  • LO Lav risiko
  • NK Ingen kjent risiko
  • NR Ikke risikovurdert
Økologisk effekt 14 24 34 [44]
13 23 33 43
12 22 32 42
11 21 31 41
Invasjonspotensial
Forklaring på risikomatrisen

Kriterier som har vært utslagsgivende for risikokategorien

Invasjonspotensiale: 4A

Økologisk effekt: 4D

Kategori og kriterier

Oppsummering

Arten hører til artsgruppen Alger og er marin.

Sargassum muticum er ei stor forgreina brunalge i samme orden som tang (t.d. Fucus, Ascophyllum). I Norge har arta etablert seg i infralitoralen og i øvre del av sjøsona, og kan også veksa i litoralbasseng. I Sør-Europa veks arta også i fjøresona. Japansk drivtang veks oftast på fjell og stein, men kan også vera festa på småstein og skjel og kan enkelte stader vera talrik i blautbotnhabitat, t.d. i ålegrasenger. Arta har ein livssyklus der det inngår eitt stadium, som reproduserer med kjønnsceller. Arta er fleirårig men varierar sterkt i storleik gjennom året i tempererte strok. Om våren er arta i rask vekst, og kan under gode tilhøve nå opp i ei lengde på over to meter. I juli-august dannast reseptaklar med kjønnsceller. Arta er hermafrodittisk og oftast sjølvbefruktande. Dei små kimplantene sit festa på reseptakla til dei er nokre celler store, og deretter losnar dei og festar seg til bunnen nær morplanta. Greiner med modne reseptaklar losnar imidlertid ofte frå planta, og sidan arta har flytebærer kan desse greinene driva langt av stad. På ettersommaren og hausten misstar greinene flyteevna, dei blir ofte sterkt overvaksne med t.d. mosdyr. Imidlertid vil som oftast basispartiet og ein kort del av hovudstilken overleva vinteren, og nye greiner vil vaksa opp frå denne delen neste vår. Japansk drivtang er mest vanleg i sjøsona til 2 m djup, men kan finnast djupare. Den er ofte flekkvis førekommande, men kan vera dominerande i bukter og sund.

Det er sannsynlegvis temperaturtilhøva, og kor lang tid reseptakla har å bli modne på, som er kritisk for spreiinga av S. muticum nordover. Det er ikkje truleg at S. muticum vil spreia seg lenger nordover enn til Helgelandskysten. Ei forskyvning av den reproduktive perioden til ut på ettersommaren og hausten fører til ugunstigare tilhøve for oppvekst av småplanter, og sannsynlegvis redusert rekruttering. Ugunstige miljøtilhøve for rekruttering er sannsynlegvis årsaka til ein relativt sein bestandsutvikling på Vestlandet. Det er venta at lokal utbreiing og lokal bestandsstorleik vil auka, men relativt sakte. Arta krev marine tilhøve og er ikkje funnen innover i fjordar som har sesongmessige brakkvasslag. Lokalt er arta elles vanleg til svært vanleg på beskytta eller semi-eksponerte lokalitetar innan utbreiingsområdet.


Arta spreier seg effektivt ved at greiner med modne reseptaklar losnar frå planter om sommaren og hausten, og sidan arta har flyteblærer kan desse kan driva langt av stad. Arta er hermafroditt med sjølvbefruktning, og dersom slike greiner med modne reseptaklar driv til land vil dei kunna etablera nye bestandar. Dette er den viktigaste måten arta spreier seg på.

Arta har spreidd seg svært raskt etter den vart oppdaga i Europa. Det er gjort estimat av spreiingsraten til arta under den ekspanderande fasen, og berekna at den maksimale spreiingsraten er ca 69 km per år (Mineur et al. 2010), I Norge vart arta funnen fastsitjande i Austagder 1988, og i 1991 hadde den spreidd seg til eit område rett sør for Bergen (Steen 1992). Dette tilsvarar ei spreingsrate på ca 116 km pr år, under forutsetnad av at arta ikkje også var etablert vest for den første funnstaden. I Norge er den nordlagaste registreringa no rett nord for Runde i Møre og Romsdal.

Det er funne at dei tette greinene husar ei mengde små dyr, der mesteparten er gastropodar og amfipodar. Arta kan etablera seg i svært tette bestandar, og vil på den måten fortrenga eller skygga ut andre algar som elles veks i infralittoralen eller øvre del i subluttoralen. Den vil spesielt kunna fortrenga sukkertare i infralitoralen og øvre del av sublitoralen. Om hausten legg mesteparten av biomassen seg flatt på botnen der den rotnar. Dette vil skapa oksygenmangel, noko som kan påverka samfunnet lokalt ved at algar og dyr døyr. Det er også vist at arta kan etablera seg i ålegrassamfunn, og ha ein negativ innverknad på dette samfunnet. Det er imidlertid usikkert i kva grad dette er tilfelle i Norge.

Konklusjon

Observasjonar av lokale førekomstar av S. muticum viser store år-til-år variasjonar, men også at arta jevnt over blir vanlegare og lokalt meir utbreidd. Arta kan lokalt fortrengja viktige artar som t.d. sukkertare (Saccharina latissima) i den øvre del av sjøsona. Etablering av japansk drivtang vil kunna endra lokal samansetnad av fauna assosiert med makrofyttar, ved å husa spesielle artar i ulike mengder. Om hausten blir plantebiomassen broten ned og går i oppløysing, og denne prosessen kan føra til lokal oksygenmangen og reduksjon av dyreliv. Arta har også eit stort invasjonspotensiale og er difor vurdert til svært høg risiko SE.

Vurdering etter alle kriterier

Forklaring på kriteriene

Invasjonspotensial

A-kriteriet: Populasjonens mediane levetid

Estimert levetid for arten i Norge, med usikkerhet

Delkategori 4   >= 650 år      

Estimeringsmåte c) Rødlistekriterier
Gjeldende rødlistekriterium
B1
Rødlistekategori
LC

B-kriteriet: Ekspansjonshastighet

Gjennomsnittlig ekspansjonshastighet, med usikkerhet

Delkategori 3   160 - 499 m/år      

Estimeringsmåte c) Anslått økning i forekomstareal siste året
Anslått økning i forekomstareal siste år (km²)
60
Ekspansjonshastighet i m/år
346.4

C-kriteriet: Kolonisert areal av naturtype

Andel av forekomstarealet til minst én naturtype som vil være kolonisert etter 50 år, med usikkerhet

Delkategori 1   < 5%      

Økologisk effekt

D- og E-kriteriet: Effekter på stedegne arter

D-kriteriet: Truete arter eller nøkkelarter

Kan arten påvirke truede arter eller nøkkelarter innen 50 år, med usikkerhet.

Delkategori 4   Stor effekt      


E-kriteriet: Øvrige stedegne arter

Kan arten påvirke øvrige stedegne arter innen 50 år, med usikkerhet

Delkategori 1   Ingen kjent effekt      

Stedegen art   Nøkkel­art Effekt Lokal skala Type inter­aksjon Dis­tanse­effekt Doku­mentert Gjelder doku­ment­asjonen norske for­hold
Saccharina latissima LC Ja Fortrengning Ja Konkurranse om plass Nei Ja
Artene i naturtypen   Blir trua arter eller nøkkel­arter i natur­typen på­virket Effekt Lokal skala Type inter­aksjon Dis­tanse­effekt Doku­mentert Gjelder doku­ment­asjonen norske for­hold
M1-3 Nei Moderat Ja Konkurranse om plass Nei Nei
M9 Nei Moderat Ja Konkurranse om plass Nei Nei
M1-4 Nei Moderat Ja Konkurranse om plass Nei Nei

F-kriteriet: Effekter på truete/sjeldne naturtyper

Andel av naturtypeareal som gjennomgår tilstandsendring innen 50 år, med usikkerhet

Delkategori 2   > 0%      

G-kriteriet: Effekter på øvrige naturtyper

Andel av naturtypeareal som gjennomgår tilstandsendring innen 50 år, med usikkerhet

Delkategori 1   < 5%      

H-kriteriet: Overføring av genetisk materiale

Delkategori 1   Ingen kjent effekt      

I-kriteriet: Overføring av parasitter eller patogener

Delkategori 1   Ingen kjent effekt      

Klimaeffekter

Det er uklart kva betydning klimaendringar vil få for artar økologiske effekt. Arta har t.d. høg toleransegrense for temperatur og best vekst i relativt høge temperaturar, likevel har ikkje somrar med høge sjøtemperaturar i dei øvre delane ført til stor vekst av S. muticum. Eit feltforsøk med konkurranse mellom store brunalgar som gjekk over to somrar og der sjøtemperaturane var over 20 grader ein lang periode den eine av desse, resulterte ikkje i betre vekst av S. muticum, sjølv om sukkertaren i forsøket viste sterkt resusert vekst og dødeligheit enne sommaren. Sargassum muticum viste imidlertid noko betre overleving den varmaste sommaren (Armitage et al. 2017).

Geografisk variasjon i risiko

  • Artens evne til reproduksjon/spredning er begrensa til visse klimasoner eller -seksjoner
  • Artens økologiske effekter er begrensa til visse klimasoner eller -seksjoner
  • Artens økologiske effekter er begrensa til bestemte naturtyper
Spreiinga av arta vidare nordover er sannsynlegvis avgrensa av at arta ikkje vil kunna reprodusera der. Artas økologiske effekt er sannsynlegvis avgrensa av ulike miljøtilhøve som verkar inn på veksten. Sidan arta ikkje veks i alle marine naturtypar er dei økologiske effektane avgrensa til dei naturtypane der arta har best vekstvilkår.

Bakgrunnsinformasjon

Utbredelse i Norge

Nåværende utbredelse

Kjent Mørketall (faktor) Estimert totaltall (kjent * mørketall)
Lavt anslag Beste anslag Høyt anslag Lavt anslag Beste anslag Høyt anslag
Bestandsstørrelse 5916 500 1000 5000 2958000 5916000 29580000
Forekomstareal (km2) 1208 1 2 3 1208 2416 3624
Utbredelsesområde (km2) 129768
Andel av artens nåværende forekomst i sterkt endra natur: 5

Potensiell utbredelse

Med forventede høyere temperaturer i de neste tiårene vil arten trolig etablere seg nordover langs kysten.
Lavt anslag Beste anslag Høyt anslag
Potensielt forekomstareal (km²) 3000 6000 8000

Kjent og antatt utbredelse i dag, og om 50 år

for Norge
for Norge
for Norge
  Fylke Kjent Antatt Potensiell
Øs Østfold
OsA Oslo og Akershus
He Hedmark
Op Oppland
Bu Buskerud
Ve Vestfold
Te Telemark
Aa Aust-Agder
Va Vest-Agder
Ro Rogaland
Ho Hordaland
Sf Sogn og Fjordane
Mr Møre og Romsdal
St Sør-Trøndelag
Nt Nord-Trøndelag
No Nordland
Tr Troms
Fi Finnmark
Sv Svalbard med sjøområder
Jm Jan Mayen

Utbredelseshistorikk i Norge

Det er sannsynlegvis temperaturtilhøva, og kor lang tid reseptakla har å bli modne på, som er kritisk for spreiinga av S. muticum nordover. Det er ikkje truleg at S. muticum vil spreia seg lenger nordover enn til Helgelandskysten. Ei forskyvning av den reproduktive perioden til ut på ettersommaren og hausten fører til ugunstigare tilhøve for oppvekst av småplanter, og sannsynlegvis redusert rekruttering. Ugunstige miljøtilhøve for rekruttering er sannsynlegvis årsaka til ein relativt sein bestandsutvikling på Vestlandet. Det er venta at lokal utbreiing og lokal bestandsstorleik vil auka, men relativt sakte. Arta krev marine tilhøve og er ikkje funnen innover i fjordar som har sesongmessige brakkvasslag. Lokalt er arta elles vanleg til svært vanleg på beskytta eller semi-eksponerte lokalitetar innan utbreiingsområdet.


for Norge
Fra Til og med Sted Antall individ Forekomstareal
km²
Utbredelsesområde
km²
Kommentar Fylker
1988 1990 64
( 64   *  1)
Brattegard & Holthe 1997 Øs,OsA,Ve,Te,Aa,Va
1990 1992 Brattegard & Holthe 1997 Øs,OsA,Ve,Te,Aa,Va,Ho
1950 2017 5916
( 5916   *  1)
1208
( 1208   *  1)
Øs,OsA,Bu,Ve,Te,Aa,Va,Ro,Ho,Sf,Mr

Utbredelseshistorikk i utlandet

Sargassum muticum vart første gong registrert i Europa i Sør-England (1973), og spreidde seg deretter svært raskt nordover og sørover. Arta har no streidd seg til litt nord for Runde i Møre og Romsdal, og dette er nordgrensa for Sargassum muticum i Europa. Sørover i Europa finst S. muticum til Marokko, og innover i Middelhavet.

Global utbredelse

Naturlig utbredelse

  • Stillehavet nordlig
Det er sannsynleg at Sargassum muticum opprinneleg kom til Europa som påvekst på importert Stillehavsøsters på 1960-1970-talet. Imidlertid viser nyare molekylærbiologiske analyser at det sannsynlegvis har funne stad to uavhengige introduksjonar til Europa, ein frå Japan og ein frå den Nord-Amerikanske vestkysten (F. Viard upublisert, sluttrapport til INVASIVES).

Nåværende utbredelse

  • Atlanterhavet nordøst
  • Middelhavet
  • Stillehavet nordlig

Kom til vurderingsområdet fra

  • Annet sted (utlandet)

Nærmere spesifisering

Nyare molekylærbiologiske analyser at det sannsynlegvis har funne stad to uavhengige introduksjonar til Eoropa, ein frå Japan og ein frå den Nord-Amerikanske vestkysten (F. Viard upublisert, sluttrapport til INVASIVES). Arta spreidde seg til sørkysten av Norge sannsynlegvis frå Danmark.

Første observasjon i Norge

Første observasjon - 1984

  Ikke-forplantningsdyktige individ Forplantningsdyktige individ Levedyktig avkom Bestand
  År Sted År Sted År Sted År Sted
Innendørs
Produksjonsareal (utendørs)
Norsk natur 1988 Austagder

Naturtyper

Rødlistede naturtyper

Navn Kategori Tidshorisont Kolonisert areal (%) Tydelig tilstandsendring Tydelig påvirka areal (%)  
Sukkertareskog Nordsjøen VU 2.0-4.9
  • Enkeltarts-sammensetning
0.1-1.9
Sukkertareskog Skagerrak EN 2.0-4.9
  • Enkeltarts-sammensetning
0.1-1.9

Øvrige naturtyper

Kode Navn Dominans skog Tidshorisont Kolonisert areal (%) Tydelig tilstandsendring Tydelig påvirka areal (%)
M1-3 beskyttet infralitoral fastbunn
0.0-1.9
  • Enkeltarts-sammensetning
0.1-1.9
M9 Litoralbasseng-bunn
0.0-1.9
  • Enkeltarts-sammensetning
0.1-1.9
M1-3 beskyttet infralitoral fastbunn
2.0-4.9
  • Enkeltarts-sammensetning
2.0-4.9
M1-4 beskyttet øvre circalitoral fastbunn
0.0-1.9
  • Enkeltarts-sammensetning
0.1-1.9

Spredningsveier til/i norsk natur

Kategori Introduksjon til eller spredning i norsk natur Hyppighet Abundans Tidspunkt Utdypende informasjon
med fiske/akvakulturutstyr Introduksjon Ukjent Ukjent Pågående
øvrige blindpassasjerer Introduksjon Ukjent Ukjent Pågående
egenspredning Introduksjon Ukjent Ukjent Pågående
egenspredning Spredning Ca. årlig Ukjent Pågående

Reproduksjon

  • Seksuell reproduksjon
  • Generasjonstid (år): 6

Øvrige effekter

Helseeffekter
Ingen kjent effekt
Økonomiske effekter
Ingen kjent effekt
Grunnleggende livsprosesser
Forsynende tjenester
Regulerende tjenest
Opplevelses - og kunnskapstjenester
Positive økologiske effekter
Ingen kjent effekt
Effekter på opphavsbestanden
Ingen kjent effekt

Datasett

Grunnlag for estimering av forventa levealder, ekspansjonshastighet og/eller forekomstareal

Referanser

  • Stæhr PA, Pedersen MF, Thomsen MS, Wernberg T, Krause-Jensen D 2000. Invasion of Sargassum muticum in Limfjorden (Denmark) and its possible impact on the indigenous macroalgal community. Marine Ecology Progress Series 207: 79-88
  • Steen H 2003. Intraspecific competition in Sargassum muticum (Phaeophyceae) germlings under various density, nutrient and temperature regimes. Botanica Marina 46: 36-43
  • Sjøtun K, Eggereide SF, Høisæter T 2007. Grazer-controlled recruitment of the introduced Sargassum muticum (Phaeophyceae, Fucales) in northern Europe. Marine Ecology Progress Series 342: 127-138
  • Engelen A, Santos R 2009. Which demographic traits determine population growth in the invasive brown seaweed Sargassum muticum? Journal of Ecology 97: 675-684
  • Strong JA, Dring MJ, Maggs CA 2006. Colonisation and modification of soft substratum habitats by the invasive macroalga Sargassum muticum Marine Ecology Progress Series 321: 87-97
  • Steen H 1992. Sargassum muticum i Norge: årssyklus og utbredelse i relasjon til toleranse overfor regulerende miljøfaktorer Hovedfagsoppgave, Biologisk institutt, Universitetet i Oslo
  • Rueness J 1989. Sargassum muticum and other introduced Japanese macroalgae: Biological pollution of European coasts. Marine Pollution Bulletin 20: 173-176
  • Armitage CS, Husa V, Petelenz-Kurdziel EA, Sjøtun K 2017. Growth and competition in a warmer ocean: a field experiment with a non-native and two native habitat-building seaweeds Marine Ecology - Progress Series 573: 85–99
  • Mineur F, Davies AJ, Maggs CA, Verlaque M, Johnson MP 2010. Fronts, jumps and secondary introductions suggested as different invasion patterns in marine species, with an increase in spread rates over time Proceedings of the Royal Society B 277: 2693–2701
  • EASIN 2017. European Alien species Information Network, species mapper DATABASE

Siden siteres som:

Husa V, Fredriksen S og Sjøtun K (2018, 5. juni). Sargassum muticum, vurdering av økologisk risiko. Fremmedartslista 2018. Artsdatabanken. Hentet (2024, 23. November) fra http://www.artsdatabanken.no/fab2018/N/701