Behandlet i 2018 av ekspertkomite for Alger
Fremmed art innenfor avgrensninga som er observert og etablert i Norge. Vurdert for Fastlands-Norge med havområder.
Svært høy risiko SE
Arten har stort invasjonspotensiale, og høy økologisk effekt.
Geografisk variasjon i risiko.
Økologisk effekt | 14 | 24 | 34 | [44] |
13 | 23 | 33 | 43 | |
12 | 22 | 32 | 42 | |
11 | 21 | 31 | 41 | |
Invasjonspotensial |
Kriterier som har vært utslagsgivende for risikokategorien
Invasjonspotensiale: 4A
Økologisk effekt: 4D
Kategori og kriterierArten hører til artsgruppen Alger og er marin.
Sargassum muticum er ei stor forgreina brunalge i samme orden som tang (t.d. Fucus, Ascophyllum). I Norge har arta etablert seg i infralitoralen og i øvre del av sjøsona, og kan også veksa i litoralbasseng. I Sør-Europa veks arta også i fjøresona. Japansk drivtang veks oftast på fjell og stein, men kan også vera festa på småstein og skjel og kan enkelte stader vera talrik i blautbotnhabitat, t.d. i ålegrasenger. Arta har ein livssyklus der det inngår eitt stadium, som reproduserer med kjønnsceller. Arta er fleirårig men varierar sterkt i storleik gjennom året i tempererte strok. Om våren er arta i rask vekst, og kan under gode tilhøve nå opp i ei lengde på over to meter. I juli-august dannast reseptaklar med kjønnsceller. Arta er hermafrodittisk og oftast sjølvbefruktande. Dei små kimplantene sit festa på reseptakla til dei er nokre celler store, og deretter losnar dei og festar seg til bunnen nær morplanta. Greiner med modne reseptaklar losnar imidlertid ofte frå planta, og sidan arta har flytebærer kan desse greinene driva langt av stad. På ettersommaren og hausten misstar greinene flyteevna, dei blir ofte sterkt overvaksne med t.d. mosdyr. Imidlertid vil som oftast basispartiet og ein kort del av hovudstilken overleva vinteren, og nye greiner vil vaksa opp frå denne delen neste vår. Japansk drivtang er mest vanleg i sjøsona til 2 m djup, men kan finnast djupare. Den er ofte flekkvis førekommande, men kan vera dominerande i bukter og sund.
Det er sannsynlegvis temperaturtilhøva, og kor lang tid reseptakla har å bli modne på, som er kritisk for spreiinga av S. muticum nordover. Det er ikkje truleg at S. muticum vil spreia seg lenger nordover enn til Helgelandskysten. Ei forskyvning av den reproduktive perioden til ut på ettersommaren og hausten fører til ugunstigare tilhøve for oppvekst av småplanter, og sannsynlegvis redusert rekruttering. Ugunstige miljøtilhøve for rekruttering er sannsynlegvis årsaka til ein relativt sein bestandsutvikling på Vestlandet. Det er venta at lokal utbreiing og lokal bestandsstorleik vil auka, men relativt sakte. Arta krev marine tilhøve og er ikkje funnen innover i fjordar som har sesongmessige brakkvasslag. Lokalt er arta elles vanleg til svært vanleg på beskytta eller semi-eksponerte lokalitetar innan utbreiingsområdet.
Arta spreier seg effektivt ved at greiner med modne reseptaklar losnar frå planter om sommaren og hausten, og sidan arta har flyteblærer kan desse kan driva langt av stad. Arta er hermafroditt med sjølvbefruktning, og dersom slike greiner med modne reseptaklar driv til land vil dei kunna etablera nye bestandar. Dette er den viktigaste måten arta spreier seg på.
Arta har spreidd seg svært raskt etter den vart oppdaga i Europa. Det er gjort estimat av spreiingsraten til arta under den ekspanderande fasen, og berekna at den maksimale spreiingsraten er ca 69 km per år (Mineur et al. 2010), I Norge vart arta funnen fastsitjande i Austagder 1988, og i 1991 hadde den spreidd seg til eit område rett sør for Bergen (Steen 1992). Dette tilsvarar ei spreingsrate på ca 116 km pr år, under forutsetnad av at arta ikkje også var etablert vest for den første funnstaden. I Norge er den nordlagaste registreringa no rett nord for Runde i Møre og Romsdal.
Det er funne at dei tette greinene husar ei mengde små dyr, der mesteparten er gastropodar og amfipodar. Arta kan etablera seg i svært tette bestandar, og vil på den måten fortrenga eller skygga ut andre algar som elles veks i infralittoralen eller øvre del i subluttoralen. Den vil spesielt kunna fortrenga sukkertare i infralitoralen og øvre del av sublitoralen. Om hausten legg mesteparten av biomassen seg flatt på botnen der den rotnar. Dette vil skapa oksygenmangel, noko som kan påverka samfunnet lokalt ved at algar og dyr døyr. Det er også vist at arta kan etablera seg i ålegrassamfunn, og ha ein negativ innverknad på dette samfunnet. Det er imidlertid usikkert i kva grad dette er tilfelle i Norge.
Observasjonar av lokale førekomstar av S. muticum viser store år-til-år variasjonar, men også at arta jevnt over blir vanlegare og lokalt meir utbreidd. Arta kan lokalt fortrengja viktige artar som t.d. sukkertare (Saccharina latissima) i den øvre del av sjøsona. Etablering av japansk drivtang vil kunna endra lokal samansetnad av fauna assosiert med makrofyttar, ved å husa spesielle artar i ulike mengder. Om hausten blir plantebiomassen broten ned og går i oppløysing, og denne prosessen kan føra til lokal oksygenmangen og reduksjon av dyreliv. Arta har også eit stort invasjonspotensiale og er difor vurdert til svært høg risiko SE.
Estimert levetid for arten i Norge, med usikkerhet
Delkategori 4 >= 650 år
Gjennomsnittlig ekspansjonshastighet, med usikkerhet
Delkategori 3 160 - 499 m/år
Andel av forekomstarealet til minst én naturtype som vil være kolonisert etter 50 år, med usikkerhet
Delkategori 1 < 5%
Kan arten påvirke truede arter eller nøkkelarter innen 50 år, med usikkerhet.
Delkategori 4 Stor effekt
Kan arten påvirke øvrige stedegne arter innen 50 år, med usikkerhet
Delkategori 1 Ingen kjent effekt
Stedegen art | Nøkkelart | Effekt | Lokal skala | Type interaksjon | Distanseeffekt | Dokumentert | Gjelder dokumentasjonen norske forhold | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Saccharina latissima | LC | Ja | Fortrengning | Ja | Konkurranse om plass | Nei | Ja |
Artene i naturtypen | Blir trua arter eller nøkkelarter i naturtypen påvirket | Effekt | Lokal skala | Type interaksjon | Distanseeffekt | Dokumentert | Gjelder dokumentasjonen norske forhold | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M1-3 | Nei | Moderat | Ja | Konkurranse om plass | Nei | Nei | ||
M9 | Nei | Moderat | Ja | Konkurranse om plass | Nei | Nei | ||
M1-4 | Nei | Moderat | Ja | Konkurranse om plass | Nei | Nei |
Andel av naturtypeareal som gjennomgår tilstandsendring innen 50 år, med usikkerhet
Delkategori 2 > 0%
Andel av naturtypeareal som gjennomgår tilstandsendring innen 50 år, med usikkerhet
Delkategori 1 < 5%
Delkategori 1 Ingen kjent effekt
Delkategori 1 Ingen kjent effekt
Kjent | Mørketall (faktor) | Estimert totaltall (kjent * mørketall) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Lavt anslag | Beste anslag | Høyt anslag | Lavt anslag | Beste anslag | Høyt anslag | |||
Bestandsstørrelse | 5916 | 500 | 1000 | 5000 | 2958000 | 5916000 | 29580000 | |
Forekomstareal (km2) | 1208 | 1 | 2 | 3 | 1208 | 2416 | 3624 | |
Utbredelsesområde (km2) | 129768 |
Lavt anslag | Beste anslag | Høyt anslag | |
---|---|---|---|
Potensielt forekomstareal (km²) | 3000 | 6000 | 8000 |
Fylke | Kjent | Antatt | Potensiell | |
---|---|---|---|---|
Øs | Østfold | ✘ | ✘ | ✘ |
OsA | Oslo og Akershus | ✘ | ✘ | ✘ |
He | Hedmark | |||
Op | Oppland | |||
Bu | Buskerud | ✘ | ✘ | ✘ |
Ve | Vestfold | ✘ | ✘ | ✘ |
Te | Telemark | ✘ | ✘ | ✘ |
Aa | Aust-Agder | ✘ | ✘ | ✘ |
Va | Vest-Agder | ✘ | ✘ | ✘ |
Ro | Rogaland | ✘ | ✘ | ✘ |
Ho | Hordaland | ✘ | ✘ | ✘ |
Sf | Sogn og Fjordane | ✘ | ✘ | ✘ |
Mr | Møre og Romsdal | ✘ | ✘ | ✘ |
St | Sør-Trøndelag | ✘ | ||
Nt | Nord-Trøndelag | ✘ | ||
No | Nordland | |||
Tr | Troms | |||
Fi | Finnmark | |||
Sv | Svalbard med sjøområder | |||
Jm | Jan Mayen |
Det er sannsynlegvis temperaturtilhøva, og kor lang tid reseptakla har å bli modne på, som er kritisk for spreiinga av S. muticum nordover. Det er ikkje truleg at S. muticum vil spreia seg lenger nordover enn til Helgelandskysten. Ei forskyvning av den reproduktive perioden til ut på ettersommaren og hausten fører til ugunstigare tilhøve for oppvekst av småplanter, og sannsynlegvis redusert rekruttering. Ugunstige miljøtilhøve for rekruttering er sannsynlegvis årsaka til ein relativt sein bestandsutvikling på Vestlandet. Det er venta at lokal utbreiing og lokal bestandsstorleik vil auka, men relativt sakte. Arta krev marine tilhøve og er ikkje funnen innover i fjordar som har sesongmessige brakkvasslag. Lokalt er arta elles vanleg til svært vanleg på beskytta eller semi-eksponerte lokalitetar innan utbreiingsområdet.
Fra | Til og med | Sted | Antall individ | Forekomstareal km² |
Utbredelsesområde km² |
Kommentar | Fylker |
---|---|---|---|---|---|---|---|
1988 | 1990 |
64
( 64 * 1) |
Brattegard & Holthe 1997 | Øs,OsA,Ve,Te,Aa,Va | |||
1990 | 1992 | Brattegard & Holthe 1997 | Øs,OsA,Ve,Te,Aa,Va,Ho | ||||
1950 | 2017 |
5916
( 5916 * 1) |
1208
( 1208 * 1) |
Øs,OsA,Bu,Ve,Te,Aa,Va,Ro,Ho,Sf,Mr |
Sargassum muticum vart første gong registrert i Europa i Sør-England (1973), og spreidde seg deretter svært raskt nordover og sørover. Arta har no streidd seg til litt nord for Runde i Møre og Romsdal, og dette er nordgrensa for Sargassum muticum i Europa. Sørover i Europa finst S. muticum til Marokko, og innover i Middelhavet.
Ikke-forplantningsdyktige individ | Forplantningsdyktige individ | Levedyktig avkom | Bestand | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
År | Sted | År | Sted | År | Sted | År | Sted | |
Innendørs | ||||||||
Produksjonsareal (utendørs) | ||||||||
Norsk natur | 1988 | Austagder |
Navn | Kategori | Tidshorisont | Kolonisert areal (%) | Tydelig tilstandsendring | Tydelig påvirka areal (%) | |
---|---|---|---|---|---|---|
Sukkertareskog Nordsjøen | VU | nå | 2.0-4.9 |
|
0.1-1.9 | |
Sukkertareskog Skagerrak | EN | nå | 2.0-4.9 |
|
0.1-1.9 |
Kode | Navn | Dominans skog | Tidshorisont | Kolonisert areal (%) | Tydelig tilstandsendring | Tydelig påvirka areal (%) |
---|---|---|---|---|---|---|
M1-3 | beskyttet infralitoral fastbunn |
|
0.0-1.9 |
|
0.1-1.9 | |
M9 | Litoralbasseng-bunn |
|
0.0-1.9 |
|
0.1-1.9 | |
M1-3 | beskyttet infralitoral fastbunn |
|
2.0-4.9 |
|
2.0-4.9 | |
M1-4 | beskyttet øvre circalitoral fastbunn |
|
0.0-1.9 |
|
0.1-1.9 |
Kategori | Introduksjon til eller spredning i norsk natur | Hyppighet | Abundans | Tidspunkt | Utdypende informasjon |
---|---|---|---|---|---|
med fiske/akvakulturutstyr | Introduksjon | Ukjent | Ukjent | Pågående | |
øvrige blindpassasjerer | Introduksjon | Ukjent | Ukjent | Pågående | |
egenspredning | Introduksjon | Ukjent | Ukjent | Pågående | |
egenspredning | Spredning | Ca. årlig | Ukjent | Pågående |
Husa V, Fredriksen S og Sjøtun K (2018, 5. juni). Sargassum muticum, vurdering av økologisk risiko. Fremmedartslista 2018. Artsdatabanken. Hentet (2024, 14. November) fra http://www.artsdatabanken.no/fab2018/N/701