Behandlet i 2018 av ekspertkomite for Sopper
Fremmed art innenfor avgrensninga som er observert og etablert i Norge. Vurdert for Fastlands-Norge med havområder.
Lav risiko LO
Arten har moderat invasjonspotensiale, og ingen kjent økologisk effekt.
Geografisk variasjon i risiko.
Økologisk effekt | 14 | 24 | 34 | 44 |
13 | 23 | 33 | 43 | |
12 | 22 | 32 | 42 | |
11 | 21 | [31] | 41 | |
Invasjonspotensial |
Kriterier som har vært utslagsgivende for risikokategorien
Invasjonspotensiale: 3B
Økologisk effekt: 1
Kategori og kriterierArten hører til artsgruppen Sopper og er terrestrisk,parasitt.
Guignardia aesculi fører til brune flekkar på blad på hestekastanje (Aesculi hippocastanum). Flekkane kan vera fleire cm2 store, og dei har ei typisk gul sone (halo) mot det grøne vevet på bladplata. I det brune vevet er det tett med bitte små, mørke sporehus (ukjønna). Flekkane oppstår både i kantane av blada og inne på bladplatene. Flekkane ser først ut som vasstrukne, uregelmessige felt. Etter 10-20 dagar eller lengre kjem flekkane meir til syne. Sjukdomen vert kalla ”leaf blotch” på engelsk, men han har ikkje fått noko norsk namn. Ved sterke angrep krøllar bladkantane seg oppover og det vert tidleg bladfall. Opphavet til soppen reknar ein med er i USA. Han vart første gong funnen i Europa i 1950 og finst no i mange europeiske land (Talgø og Stensvand 2011).
Her i landet vart soppen registrert for første gong i Horten, Tønsberg og Sandefjord i august 2006 (Talgø et al. 2006). Materiale frå det første funnet finst i herbariet ved NIBIO, Ås. Byrjande angrep vart også registrert i planteskulen og parken ved Universitetet på Ås (NMBU). Vi fekk også tilsendt blad frå Grimstad med sterke angrep. Der hadde symptom vore observert dei 2-3 siste åra på eit tre som var planta midt på 1960 talet. Seinare fann vi soppen i Oslo og Hordaland. Truleg har soppen spreidd til mange andre område, men sidan det ikkje gjennomført noko kartlegging, kan ikkje dette stadfestast.
G. aesculi har truleg kome til landet via import av hestekastanje. I bladflekkane som soppen fører til, vert det dannar sporehus med konidiesporar (ukjønna) som spreiar soppen med vassprut til blad innan same treet eller til nabotre. Soppen overvintrar i visne blad på bakken og dannar der kjønna sporar som spreiar soppen til nye, grøne blad om våren. Desse sporane er vindbårne og kan spreia seg over større avstandar enn konidiane. Ved å fjerna blada på bakken om hausten reduserar ein smittepresset.
Soppen spreidde seg raskt i Oslofjordområdet etter det første funnet, så han vil truleg spreia seg til alle område der det finst hestekastanje. Invasjonspotensialet er vurdert til kategorien "begrensa" (2).
Hestekastanje er innført, så G. aesculi går ikkje utover naturlege bestand, men denne trearten har forvilla seg frå hagar og anlegg i låglandet heilt til Nordland.
Hestekastanje har dei seinare åra vorte ramma av fleire nye sjukdomar, som bakteriekreft (Pseudomonas syringae pv aesculi) og mjøldogg (Erysiphe flexuosa) og er ikkje lenger ein treart vi kan tilråda å planta (Talgø et al. 2012). Guignardia aesculi er vurdert til "lav risiko" (LO).
Estimert levetid for arten i Norge, med usikkerhet
Delkategori 2 10 - 59 år
Gjennomsnittlig ekspansjonshastighet, med usikkerhet
Delkategori 3 160 - 499 m/år
Andel av forekomstarealet til minst én naturtype som vil være kolonisert etter 50 år, med usikkerhet
Delkategori 1 < 5%
Kan arten påvirke truede arter eller nøkkelarter innen 50 år, med usikkerhet.
Delkategori 1 Ingen kjent effekt
Kan arten påvirke øvrige stedegne arter innen 50 år, med usikkerhet
Delkategori 1 Ingen kjent effekt
Andel av naturtypeareal som gjennomgår tilstandsendring innen 50 år, med usikkerhet
Delkategori 1 = 0%
Andel av naturtypeareal som gjennomgår tilstandsendring innen 50 år, med usikkerhet
Delkategori 1 < 5%
Delkategori 1 Ingen kjent effekt
Delkategori 1 Ingen kjent effekt
Delkategori for invasjonspotensial påvirkes av klimaendringer.
Delkategori for økologisk effekt påvirkes av klimaendringer.
Kjent | Mørketall (faktor) | Estimert totaltall (kjent * mørketall) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Lavt anslag | Beste anslag | Høyt anslag | Lavt anslag | Beste anslag | Høyt anslag | |||
Bestandsstørrelse | ||||||||
Forekomstareal (km2) | 80 | 1 | 2 | 3 | 80 | 160 | 240 | |
Utbredelsesområde (km2) |
Lavt anslag | Beste anslag | Høyt anslag | |
---|---|---|---|
Potensielt forekomstareal (km²) | 300 | 500 | 1000 |
Fylke | Kjent | Antatt | Potensiell | |
---|---|---|---|---|
Øs | Østfold | ✘ | ✘ | |
OsA | Oslo og Akershus | ✘ | ✘ | |
He | Hedmark | ✘ | ||
Op | Oppland | |||
Bu | Buskerud | ✘ | ✘ | |
Ve | Vestfold | ✘ | ✘ | |
Te | Telemark | ✘ | ✘ | |
Aa | Aust-Agder | ✘ | ✘ | ✘ |
Va | Vest-Agder | ✘ | ✘ | |
Ro | Rogaland | ✘ | ✘ | ✘ |
Ho | Hordaland | ✘ | ✘ | ✘ |
Sf | Sogn og Fjordane | ✘ | ✘ | |
Mr | Møre og Romsdal | ✘ | ||
St | Sør-Trøndelag | |||
Nt | Nord-Trøndelag | |||
No | Nordland | |||
Tr | Troms | |||
Fi | Finnmark | |||
Sv | Svalbard med sjøområder | |||
Jm | Jan Mayen |
Fra | Til og med | Sted | Antall individ | Forekomstareal km² |
Utbredelsesområde km² |
Kommentar | Fylker |
---|---|---|---|---|---|---|---|
2006 | 2017 |
80
( 80 * 2) |
Dette er ikkje ein sjukdom det har vore gjort systematisk kartlegging av, men det er rimeleg å anta at soppen også finst i kystområda som grensar til fylke med påviste funn. Går ut frå 20 funn * 4 km2. | Øs,OsA,Ve,Aa,Ho |
DAISIE (Delviering Alien Invasive Species Inventories for Europe) viser at bl. a. Tyskland har G. aesculi på listen over fremmede arter.
Ikke-forplantningsdyktige individ | Forplantningsdyktige individ | Levedyktig avkom | Bestand | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
År | Sted | År | Sted | År | Sted | År | Sted | |
Innendørs | ||||||||
Produksjonsareal (utendørs) | ||||||||
Norsk natur | 2006 | Horten |
Navn | Kategori | Tidshorisont | Kolonisert areal (%) | Tydelig tilstandsendring | Tydelig påvirka areal (%) |
---|
Kode | Navn | Dominans skog | Tidshorisont | Kolonisert areal (%) | Tydelig tilstandsendring | Tydelig påvirka areal (%) |
---|---|---|---|---|---|---|
T43-C-1 | plener, parker og liknende |
|
0.0-1.9 |
|
0.0 | |
TS-T5 | Levende vedaktige planter |
|
|
0.0 |
Kategori | Introduksjon til eller spredning i norsk natur | Hyppighet | Abundans | Tidspunkt | Utdypende informasjon |
---|---|---|---|---|---|
som parasitter på/i planter | Introduksjon | Flere ganger pr. 10. år | Ukjent | Pågående | Importen har gått ned på grunn av at fleire, nye sjukdomar rammar hestekastanje. I tillegg til Guignardia aesculi har vi fått inn mjøldogg (Erysiphe flexuosa) og bakteriekreft (Pseudomonas syringae pv. aesculi). Hestekastanje er difor ikkje lenger ein treart som vert tilrådd i anlegg. |
egenspredning | Spredning | Ukjent | Ukjent | Ukjent | Kan spre seg over større avstander med sporer |
Talgø V, Brandrud TE, Nordén B, Sundheim L og Solheim H (2018, 5. juni). Guignardia aesculi, vurdering av økologisk risiko. Fremmedartslista 2018. Artsdatabanken. Hentet (2024, 25. November) fra http://www.artsdatabanken.no/fab2018/N/2532