Ekspertkomiteane 2023

Vurderingane av økologisk risiko i Fremmedartslista 2023 blir gjorde av 58 ekspertar, fordelte på 12 komitear. Ekspertane, som er oppnemnde av Artsdatabanken, er i hovudsak tilsette ved forskingsinstitusjonar, universitet og naturhistoriske museum. 

Innhold

Slik er ekspertkomiteane sette saman

Artsdatabanken sende i desember 2020 ut ein open invitasjon til norske fagmiljø, universitet og naturhistoriske museum om å bidra i arbeidet med å risikovurdere framande artar.

Med grunnlag i CV og kvalifikasjonskrav fastsette av Artsdatabanken vart 58 personar oppnemnde til å delta i arbeidet.

Rekruttering og kompetanseoverføring

For å sikre rekruttering og kompetanseoverføring i komiteane vart det oppretta ein eigen kvote for kvalifiserte nyutdanna ekspertar. Denne gongen er det difor fleire unge med i arbeidet, i tillegg til medlemmer med lang røynsle i å risikovurdere framande artar.

Ekspertane som risikovurderer framande artar til Fremmedartslista 2023, er fordelte på 12 komitear:

  • Komiteane har ei brei fagleg samansetjing, med kompetanse innan framande artar, taksonomi og økologi.
  • Det er eigne komitear for mellom anna karplantar, pattedyr og fuglar, medan komiteen for terrestriske virvellause dyr dekkjer mange ulike artsgrupper.
  • Alle medlemmene har signert ei habilitetserklæring som sikrar at interessekonfliktar eller private omsyn ikkje påverkar vurderingane.

Arbeidet i komiteane 

Kvar einskild komité har ein leiar som er ansvarleg for at vurderingane blir gjennomførte i tråd med retningslinjene.

Artsdatabanken arrangerer oppstartsmøte og arbeidsmøte for dei einskilde komiteane, der det mellom anna blir lagt vekt på vurderingsmetoden. Vi legg òg til rette for å harmonisere arbeidet på tvers av komiteane. I tillegg blir det halde møte internt i komiteane for å standardisere og samordne bruken av retningslinjene.

Kva vurderingane omfattar

Ekspertane vil revidere vurderingane av artane i Fremmedartslista 2018. I tillegg skal fleire hundre nye artar vurderast.

Desse er eit resultat av ei større satsing enn tidlegare på dørstokkartar. Satsinga på dørstokkartar er forankra i Klima- og miljødepartementet sin tiltaksplan frå 2020, Bekjempelse av skadelige fremmede organismer, tiltaksplan 2020–2025.

Komitear og medlemer 2023

Vurderingane i Fremmedartslista 2023 er gjorde av 12 ekspertkomitear.

Algar
  • Vivian Husa (leiar), Havforskningsinstituttet
  • Barbro Taraldset Haugland, Havforskningsinstituttet
  • Henning Steen, Havforskningsinstituttet
  • Mette Eilertsen, Rådgivende biologer
Amfibium og reptil
  • Børre Kind Dervo (leiar), Norsk institutt for naturforskning
  • Jeroen van der Kooij, Naturformidling van der Kooij
Fiskar (Noreg og Svalbard med havområde)
  • Elisabet Forsgren (leiar), Norsk institutt for naturforskning
  • Anders Finstad (limnisk), NTNU Vitenskapsmuseet
  • Halvor Knutsen (marint), Havforskningsinstituttet
  • Karl Øystein Gjelland (limnisk), Norsk institutt for naturforskning
  • Trygve Hesthagen (marint) Norsk institutt for naturforskning
  • Kim Magnus Bærum (limnisk) Norsk institutt for naturforskning
  • Rupert Wienerroither (marint), Havforskningsinstituttet
Fuglar
  • Bård Gunnar Stokke (leiar), Norsk institutt for naturforskning
  • Jan Ove Gjershaug, Norsk institutt for naturforskning
  • Rune Solvang, Asplan Viak
Planter (Noreg og Svalbard)
  • Olav Skarpaas (leiar), Universitetet i Oslo, Naturhistorisk museum
  • Fride Høistad Schei, Norsk institutt for bioøkonomi
  • Hanne Hegre, FlowerPower
  • Heidi Solstad, Multiconsult
  • Inger Sundheim Fløistad, Norsk institutt for bioøkonomi
  • Julien M. M. Vollering, Høgskulen på Vestlandet og Naturhistorisk museum, UiO
  • Kristine B. Westergaard, Norsk institutt for naturforskning
  • Oddvar Pedersen, Universitetet i Oslo, Naturhistorisk museum
  • Torbjørn Alm, Tromsø museum
  • Vigdis Vandvik, Universitetet i Bergen
Limniske invertebratar
  • Gaute Velle (leiar), Universitetet i Bergen og Norwegian Research Centre
  • Gaute Kjærstad, NTNU Vitenskapsmuseet
  • Stein Ivar Johnsen, Norsk institutt for naturforskning
  • Thomas Jensen, Norsk institutt for naturforskning
Marine invertebratar (Noreg og Svalbard med havområde)
  • Stein Mortensen (leiar), Havforskningsinstituttet
  • Ann-Lisbeth Agnalt, Havforskningsinstituttet
  • Henrik Glenner, Universitetet i Bergen
  • Tone Falkenhaug, Havforskningsinstituttet
  • Vivian Husa, Havforskningsinstituttet
  • Anders Jelmert, Havforskningsinstituttet
Mosar
  • Torbjørn Høitomt (leiar), Biofokus
Pattedyr (Noreg og Svalbard)
  • Katrine Eldegard (leiar), Norges miljø- og biovitenskapelige universitet
  • Christer Rolandsen, Norsk institutt for naturforskning
  • Jeroen van der Kooij, Naturformidling van der Kooij
  • Øystein Holand, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet
Rundormar og flatormar
  • Christer Magnusson (leiar), Norsk institutt for bioøkonomi
  • Egil Karlsbakk, Universitetet i Bergen og Havforskningsinstituttet
  • Inger Hamnes, Veterinærinstituttet
  • Marte Persdatter Tangvik, Norsk institutt for bioøkonomi
Soppar, det gule riket og bakteriar
  • Venche Talgø (leiar), Norsk institutt for bioøkonomi
  • Björn Nordén, Norsk institutt for naturforskning
  • Isabella Børja, Norsk institutt for bioøkonomi
  • Jenni Nordén, Norsk institutt for naturforskning
  • Juliana Irina Spies Perminow, Norsk institutt for bioøkonomi
  • Martin Pettersson, Norsk institutt for bioøkonomi
  • Mathias Andreasen, Norsk institutt for naturforskning
Terrestriske invertebrater
  • Anders Endrestøl (leiar), Norsk institutt for naturforskning
  • Arne Endre Laugsand, Norsk institutt for naturforskning
  • Arnstein Staverløkk, Norsk institutt for naturforskning
  • Bjørn Arild Hatteland, Norsk institutt for bioøkonomi
  • Per Kristian Slagsvold, Universitetet i Oslo, Naturhistorisk museum
  • Sandra Åstrøm, Norsk institutt for naturforskning
  • Stefan Olberg, Biofokus
  • Øivind Gammelmo, Biofokus

Siden siteres som

Fremmede arter i Norge med økologisk risiko, Artsdatabanken, Ekspertkomiteane 2023

Hentet fra https://artsdatabanken.no/arter/fremmedartslista/om-fremmedartslista/ekspertkomiteer-og-panel/ekspertkomiteane-2023