Fleire artar som lever i Noreg eller på Svalbard står óg på den globale raudlista. Ein del av desse er vurdert som livskraftige i Noreg, andre er raudlista, mens nokre er vurdert til ein risikokategori på Framandartslista.

Den internasjonale naturvernunionen (IUCN) utarbeider raudlister både globalt og regionalt. Listene vert laga av ei rekkje ekspertar som jobbar med ulike artsgrupper, og oppdatert med ujamne mellomrom.

Per august 2021 er følgjande artsgrupper som har artar i Noreg ein del av den globale raudlista: algar, amfibium og reptil, biller, blautdyr, fiskar, fuglar, karplanter, krepsdyr, lavar, leddormar, mosar, pattedyr, pigghudingar, rettvingar, sommarfuglar, soppar, vepsar og augenstikkarar.

Norske artar på den globale raudlista

På den globale raudlista er 1464 artar som finst i Noreg eller på Svalbard vurdert. 1284 av desse har ei vurdering anten i Norsk raudliste for arter 2015 eller i Framandartslista 2018. Du finn med andre ord både raudlista og framande artar i denne oversikta. I tillegg er det nokre artar som finst i Noreg, og som er vurdert i global samanheng, som ikkje er vurdert i nokre av listene her til lands. Desse 180 artane ligg i oversikta utan norsk kategori.

Her kan du søke etter norske artar i den globale raudlista

Kilde: IUCN Red List of Threatened Species

Sida blir sitert som:

Artsdatabanken (2020) Den europeiske raudlista. Norsk raudliste for artar 2015. Artsdatabanken <https://artsdatabanken.no/Rodliste/EuropeiskRodliste>. Nedlasta <dag/månad/år>.