Av alle artar som reproduserer i Noreg eller på Svalbard står 116 artar på Den globale raudlista. Av desse er 61 artar raudlista også i Noreg, mens 33 er vurderte som livskraftige i Noreg.

Den internasjonale naturvernunionen (IUCN) har gjennom meir enn 50 år vurdert risikoen for at artar skal døy ut på global skala. I samarbeid med eit stort nettverk av forskarar og partnerar frå mange ulike land gjer IUCN heile tida oppdateringar av Den globale raudlista. Det gjer at artane blir vurderte og reviderte på ulike tidspunkt og med ulike intervall.

Norske artar på Den globale raudlista

Per august 2017 inkluderte Den globale raudlista 116 artar som reproduserer i Noreg eller på Svalbard. Av desse er det 33 artar som ikkje tilfredsstiller kriteria for raudlisting i Noreg, men som er vurderte som livskraftige LC. Desse artane står på IUCN si raudliste på grunn av bestandsnedgang i heile utbreiingsområdet sitt. Dei andre 61 artane er raudlista også i Noreg.

Retningslinjer for Den globale raudlista

Den globale raudlista er basert på eit kriteriumsett utvikla av IUCN. Metoden for raudlistevurdering er i all hovudsak den same som blir nytta i utarbeidinga av Norsk raudliste for artar.

I tillegg til truga artar (kategoriane kritisk truga CR, sterkt truga EN og sårbar VU) inneheld den globale raudlista artar som har døydd ut EX, eller er utdøydde i vill tilstand EW. Artar som har ein risiko for å døy ut, men der det er stor uvisse på grunn av manglande kunnskap, blir plasserte i kategorien datamangel DD. Artar som er nær ved å kvalifisere for ein truga kategori blir vurderte som nær truga NT. Artar i kategorien livskraftig LC inngår ikkje i Den globale raudlista.

Artane på dagens globale raudliste er vurderte etter versjon 3.1 av kategoriane og kriteria (IUCN 2001), med unnatak av nokre artar som ikkje er reviderte dei seinare åra. Desse er vurderte etter versjon 2.3 av kategoriane og kriteria (IUCN 1994).

Referansar

IUCN (1994) IUCN Red List Categories and Criteria Version 2.3. IUCN Species Survival Commission. IUCN, Gland, Switzerland and Cambridge, United Kingdom

IUCN (2001) IUCN Red List Categories and Criteria: Version 3.1. IUCN Species Survival Commission. IUCN, Gland, Switzerland and Cambridge, United Kingdom

Sida blir sitert som:

Artsdatabanken (2020) Den globale raudlista. Norsk raudliste for artar 2015. Artsdatabanken <http://www.artsdatabanken.no/Rodliste/GlobalRodliste>. Nedlasta <dag/månad/år>.