Ein del av artane som lever i Noreg eller på Svalbard står på den globale raudlista. Dei fleste av desse er vurdert som livskraftige i Noreg, medan ein del er truga eller raudlista. Nokre er òg vurdert til ein risikokategori på Framandartslista.

Den internasjonale naturvernunionen (IUCN) utarbeider raudlister både globalt og regionalt. Listene vert laga av ei rekkje ekspertar som jobbar med ulike artsgrupper, og oppdatert med ujamne mellomrom.

Les meir om metoden IUCN nyttar i sine raudlistevurderingar:

Per februar 2020 er følgjande artsgrupper som har artar i Noreg ein del av den globale raudlista: algar, amfibium og reptil, biller, blautdyr, fiskar, fuglar, karplanter, mosar, pattedyr, pigghudingar, rettvingar, sommarfuglar, soppar, vepsar og augenstikkarar.

Norske artar på den globale raudlista

På den globale raudlista er 1457 artar som finst i Noreg eller på Svalbard vurdert. 1278 av desse har ei vurdering anten i Norsk raudliste for arter 2015 eller i Framandartslista 2018. Du finn med andre ord både raudlista og framande artar i denne oversikta.

Forklaring på forkortingane for norsk kategori

Forklaring på forkortingane for europeisk og norsk kategori.

Forklaring på forkortingane for norsk kategori i framandartslista.

I tillegg kan raudlistekategorien vere merkt med °-teikn, noko som betyr at raudlistekategorien er nedgradert på grunn av positiv påverknad frå populasjonar i naboland, for eksempel NT°.

Her kan du søke etter norske artar i den globale raudlista

Sida blir sitert som:

Artsdatabanken (2020) Den globale raudlista. Norsk raudliste for artar 2015. Artsdatabanken <http://www.artsdatabanken.no/Rodliste/GlobalRodliste>. Nedlasta <dag/månad/år>.