Fleire artar som lever i Noreg eller på Svalbard står på den europeiske raudlista. Ein del av desse er vurdert som livskraftige i Noreg, andre er raudlista, mens nokre er vurdert til ein risikokategori på Framandartslista.

Den internasjonalen naturvernunionen (IUCN) utarbeider raudlister både globalt og regionalt. Den europeiske raudlista blir utarbeidd av ei rekkje ekspertar som jobbar med ulike artsgrupper, og den blir oppdatert med ujamne mellomrom.

Per august 2021 er følgjande artsgrupper som har artar i Noreg blitt inkludert i den europeiske raudlista: augnestikkarar, amfibium og reptil, biller, blautdyr, døgnfluger, fiskar, fuglar, karplanter, kakerlakkar, mosar, pattedyr, rettvingar, saksedyr, sommarfuglar, soppar, steinfluger, vepsar og vårfluger.

Norske artar på den europeiske raudlista

På den europeiske raudlista er 3014 artar som finst i Noreg eller på Svalbard vurdert. 2855 av desse har ei vurdering anten i Norsk raudliste for artar 2015 eller i Framandartslista 2018. Du finn med andre ord både raudlista og framande artar i denne oversikta. I tillegg er det nokre artar som finnes i Noreg, og som er vurdert i europeisk samanheng, som ikkje er vurdert til nokre av listene her til lands. Desse 159 artane ligg i oversikta utan norsk kategori.

Søk i norske artar på den europeiske raudlista i tabellen under

Kilde: IUCN Red List of Threatened Species

Sida blir sitert som:

Artsdatabanken (2020) Den europeiske raudlista. Norsk raudliste for artar 2015. Artsdatabanken <https://artsdatabanken.no/Rodliste/EuropeiskRodliste>. Nedlasta <dag/månad/år>.