Fleire artar som lever i Noreg eller på Svalbard står på den europeiske raudlista. Ein del av desse er vurdert som livskraftige i Noreg, andre er truga eller raudlista, mens nokre er vurdert til ein risikokategori på Framandartslista.

Den internasjonalen naturvernunionen (IUCN) utarbeider raudlister både globalt og regionalt. Den europeiske raudlista blir utarbeidd av ei rekkje ekspertar som jobbar med ulike artsgrupper, og den blir oppdatert med ujamne mellomrom.

Per november 2019 er følgjande artsgrupper som har artar i Noreg blitt inkludert i den europeiske raudlista: amfibium og reptil, biller, blautdyr, fiskar, fuglar, karplanter, mosar, pattedyr, rettvingar, sommarfuglar, sopp, vepsar og augnestikkarar.

Norske artar på den europeiske raudlista

På den europeiske raudlista er 3084 artar som finst i Noreg eller på Svalbard vurdert. 2739 av desse har ei vurdering anten i Norsk raudliste for artar 2015 eller i Framandartslista 2018. Du finn med andre ord både raudlista og framande artar i denne oversikta.

Forklaring på forkortingane for norsk kategori

Forklaring på forkortingane for global og norsk kategori.

Forklaring på forkortingane for norsk kategori i framandartslista.

I tillegg kan raudlistekategorien vere merkt med °-teikn, noko som betyr at raudlistekategorien er nedgradert på grunn av positiv påverknad frå populasjonar i naboland, for eksempel NT°.

Søk i norske artar på den europeiske raudlista i tabellen under

Sida blir sitert som:

Artsdatabanken (2020) Den globale raudlista. Norsk raudliste for artar 2015. Artsdatabanken <http://www.artsdatabanken.no/Rodliste/GlobalRodliste>. Nedlasta <dag/månad/år>.