Behandlet i 2018 av ekspertkomite for Semi-naturlig

Slåttemark

Slåttemark

Vurderingsenhet av Type 1.3.
Satt sammen av NiN-koder: T32 med SP-a
CO
CR
EN
VU
NT
DD
LC
NE

Kritisk truet CR

Utslagsgivende kritier A+D1:

  • Reduksjon av totalarealet og forringelse av naturtypen på grunn av biotiske faktorer

Vurderingsenheten

Slåttemark er skilt ut som ein eigen vurderingsenhet fordi den får ein høgare rødlistekategori enn hovudtypen semi-naturlig eng (T32). Den viktigaste påverkingsfaktoren for slåttemark er bortfall av slått som skjøtselsform, og denne vurderingsenheten skil seg slik frå semi-naturlig eng generelt. 

Dokumentasjon

Slåttemark er semi-naturlig eng (T32) med slåttemarkspreg slik det er definert av variabelen (LKM) slåttemarkspreg SP-a i NiN. I slåttemark har slått over lang tid sett sit preg på vegetasjonen. Slått har litt anna verknad på vegetasjonen enn beite, og slåttemark skil seg derfor frå beitemark. Slåttemark har oftast eit større innslag av urter mens grasartar ofte dominerer i beitemark. Slåttemark i hevd har ofte også ein jamnare artssamansetjing enn beitemark. Slått i utmark var viktig i alle fall fram til tidlig på 1900-talet.

Slåttemark er oftast ein open naturtype, men kan òg ha enklettre eller eit meir eller mindre samanhengande tresjikt (Norderhaug & Svalheim 2009). Slåttemark med tresjikt, og der tresjiktet har spor etter tradisjonell hausting av lauv til fôr, vert kalla lauveng (Norderhaug et al. 1999, Norderhaug & Svalheim 2009). I Naturbase er det registrert 18 lokalitetar med lauveng (per 18. mai 2018) med eit samla areal på 350 daa. I tillegg er det enkelte lokalitetar som ikkje er registrert som lauveng i Naturbase, men omtalt i andre rapporter (for eksempel Austad et al. 2007). I store deler av landet gjekk den tradisjonelle bruken av lauvengene tilbake frå rundt 1900 og framover, men i fjordområda på Vestlandet vart den tradisjonelle bruken av lauvengene halden ved like lenger (Austad et al. 2007; Austad og Hauge 2014). Det manglar gode estimat for dei historiske endringane i arealet med lauveng i Norge, men det er ingen tvil om at vesentlige deler av arealet med denne naturtypen er gått tapt i løpet av dei siste femti åra. Arealet med lauveng som i dag har ein skjøtsel som ivaretar naturtypen, utgjer ein svært liten del av arealet med lauveng på slutten av 1960-talet.

Ein stor del av dei tidligare slåttemarkene på innmark er i dag enten dyrka opp, blir brukt til beite eller gror igjen (Aune et al. 2018). Slåttemark som blir brukt til beite, vil over tid miste slåttemarkspreget og gå over til beitemark (eller semi-naturlig eng utan tydelig slåttemarkspreg). Beiting var likevel ofte ein del av skjøtselen i slåttemark, og det var vanleg at engene vart beita på hausten etter slåtten var ferdig og til ei viss utstrekning også om våren (Norderhaug 1988; Norderhaug et al. 1999)

For A-kriteriet har vi blant anna lagt tall frå Statistisk Sentralbyrå sine landbruksteljingar til grunn. I jordbrukteljinga frå 1907 var det registrert eit totalt slåtteareal på 5 878 306 daa fordelt på 3 197 460 daa innmark og 2680 849 daa utmarksslått. I 1949 var arealet slåttemark redusert til 1 475 766 daa. I denne statistikken er berre areal oppgitt som "naturlig eng" tatt med, og areal som er fulldyrka eller overflatedyrka er halde utanfor.  Vi har samanlikna arealtal frå landbruksteljingane med arealet slåttemark som inngår i arbeidet med oppfølging av Handlingsplan for slåttemark i regi av Miljødirektoratet. Sannsynligvis er arealet med slåttemark i hevd i dag under 1% av arealet slåttemarka for 50 år sidan. Arealet som kan klassifiserast som slåttemark vil vere større enn arealet som  har skjøtsel i dag, men det er likevel sannsynlig at over 80% av arealet med slåttemark er tapt i løpet av den siste 50-årsperioden (kriterium A1).  

I vurderinga av D-kriteriet har vi lagt til grunn at ein stor del (over 80%) av det gjenverande arealet med slåttemark manglar skjøtsel eller blir brukt som beitemark, og vil derfor i løpet av den neste 50-årsperioden miste slåttemarkspreget. Ein del slåttemark som fortsatt er i hevd, har i dag ein enklare form for skjøtsel enn tidligare. For eksempel manglar ein del slåttemark haustbeite. Det kan òg vere at ein del slåttemark i dag blir for næringsfattig som følgje av årlig slått og ingen tilførsel av husdyrgjødsel. Den historiske skjøtselen av slåttemarkene var altså i mange tilfelle litt forskjellig frå den skjøtselen engene får i dag, og vi veit for lite om kva desse forskjellane har å bety for å oppretthalde den karakteristiske artssamansetjinga og naturtypen på lang sikt. I dag er slåtteengene som er igjen, ofte små fragment av det som tidligare var meir samanhangande områder med slåttemark og semi-naturlig eng. Engene er ofte omgitt av naturtypar som i liten grad er leveområde for typiske slåttemarksartar, for eksempel barskog og fulldyrka jord. Endringar i landskapet kan ha negative innverknad på naturtypen slåttemark, men effektane av fragmentering og isolasjon på samansetning av vegetasjonen i slåttemark er sannsynligvis mindre enn effekten av endringar i skjøtsel.   


Areal i Norge

Totalareal er naturtypens kjente areal per i dag. Utbredelsesarealet er et minimum konvekst polygon som omslutter alle forekomstene av typen. Antall forekomster er antall 10 x 10 km ruter der naturtypen forekommer. Forklaring til areal.

Kjent areal km² Mørketall Beregnet areal km²
(kjent * mørketall)
Totalareal 0 2,0 0
Utbredelsesareal 700000 1,0 700000
Antall forekomster 947 2,0 1894

Totalarealet, utbredelsesareal og tal 10 x 10 km ruter med slåttemark er basert på slåttemark registrert i Naturbase. Slåttemark med skjøtsel i dag er sannsynligvis nokså godt kjent gjennom Handlingsplan for slåttemark. Mørketal for slåttemark for totaltareal er i stor grad knytt til slåttemark som ikkje lenger har skjøtsel. Det er stor usikkerhet knytt til størrelsen på mørketalet her. 

Påvirkningsfaktorer

Ulike faktorer som påvirker vurderingsenheten med omfang, alvorlighetsgrad og tidspunkt

Faktor Omfang Alvorlighetsgrad Tidspunkt
Påvirkning på habitat
Landbruk Minoriteten av arealet påvirkes (<50%) Langsom, men signifikant, reduksjon (< 20% over 10 år) Pågående
Landbruk ↴
Opphørt/redusert drift
Majoriteten av arealet påvirkes (50-90%) Langsom, men signifikant, reduksjon (< 20% over 10 år) Pågående
Landbruk ↴
Opphørt/redusert drift ↴
Slått
Majoriteten av arealet påvirkes (50-90%) Langsom, men signifikant, reduksjon (< 20% over 10 år) Pågående
Forurensing
Atmosfærisk Majoriteten av arealet påvirkes (50-90%) Langsom, men signifikant, reduksjon (< 20% over 10 år) Pågående
Fremmede arter
Fremmede arter Minoriteten av arealet påvirkes (<50%) Langsom, men signifikant, reduksjon (< 20% over 10 år) Pågående
Klimatiske endringer
Klimatiske endringer Majoriteten av arealet påvirkes (50-90%) Langsom, men signifikant, reduksjon (< 20% over 10 år) Pågående

Mangel på skjøtsel i form av slått, eller kombinasjon av slått og beite, er ei viktig årsak til nedgang i areal og tilstand for slåttemark. Skjøtsel med beitefyr utan slått vil over tid kunne føre til at slåttemarkspreget blir borte, og naturtypen over tid går tapt (Norderhaug & Svalheim 2009). For lauveng vil mangel på skjøtsel av tresjiktet vere ein trussel, og føre til at denne utforminga av slåttemark mister sitt særpreg.

Tidligare vart slåttemark ofte beite på hausten etter slått og i nokre tilfelle også om våren. Skjøtsel med berre slått utan beiting representerer derfor ofte ei forenkling av den tradisjonelle skjøtsel, og kan over tid føre til endringar i artssamansetjing.

Oppdyrking og intensivering av bruken med gjødsling, bruk av frøblandingar med foredla eller framandt plantemateriale og bruk av plantevernmidlar vil føre til at naturtypen går tapt. Nedbygging og bruk av arealet til andre formål enn landbruk kan vere ein trussel i enkelte områder.

Endringar i landskapet og tap av slåttemark fører til at dei slåttemarkene som er igjen, ofte er har lenger avstand til andre slåttemarker (Aune et al. i 2018, Wehn et al. 2018). Endringane i landskapet kan påverke økologiske prosessar som igjen har konsekvensar for artssamansetjing i slåttemark (Eriksson et al. 2002, Evju & Sverdrup-Thygeson 2016, Olsen et al. 2018).    

Klimaendringar og atmosfærisk forureining som inneheld plantenøringsstoff kan påverke det økologiske samspelet i slåttemark og føre til endringar i artssamansetjing. Den tilgjengelige kunnskapen om desse påverkingsfaktorane er i liten grad spesifikk for slåttemark, men omhandlar beitemark eller semi-naturlig eng generelt (sjå for eksempel Olsen et al. 2016).

Etablering av framande artar er ein viktig påverkingfaktor i semi-naturlig eng inkludert slåttemark (Daugstad et al. 2018). Slåttemark kan vere spesielt sårbar for etablering av framande artar fordi naturtypen ofte har ein del bar jord som blir eksponert like etter slått (Eriksson et al. 2006, Jauni & Hyvönen 2012, Zeiter & Stampfli 2012). I Norge er det store geografiske variasjonar i omfanget av framande artar i semi-naturlig eng, og problemet er størst rundt Oslofjorden, i kystfylka lengst sør i Norge og i Møre og Romsdal (Daugstad et al. 2018).

For slåttemark med lauvingstre (lauveng) kan framande, patogene organismar som angrip lauvingstrea vere ein trussel. Almesjukesopp Ophiostoma novo-ulmiog askeskuddbeger Hymenoscyphus fraxineus er eksempel på slike framande, patogene organismar, men så langt har desse ein avgrense utbreiing i deler av Sør-Norge.  

Regioner

RegionForekomst
Østfold X
Oslo og Akershus X
Hedmark X
Oppland X
Buskerud X
Vestfold X
Telemark X
Aust-Agder X
Vest-Agder X
Rogaland X
Hordaland X
Sogn og Fjordane X
Møre og Romsdal X
Trøndelag X
Nordland X
Troms X
Finnmark X
Svalbard med sjøområder
Jan Mayen med kystnære øyer
Polhavet
Barentshavet
Norskehavet
Nordsjøen
Skagerrak

Vurdering mot hvert kriterium A-E

Utslagsgivende kriterium er uthevet. Forklaring på kriteriene.

A - Reduksjon i totalarealet

Reduksjon av naturtypens totalareal i løpet av en 50-årsperiode

A1Reduksjon siste 50 år≥ 80 %   CR
A2aReduksjon neste 50 år≥ 30 % - < 50 %   VU
A2bReduksjon i en 50 årsperiode (fortid, nåtid, fremtid)≥ 80 %   CR

B - Begrenset geografisk utbredelse

Utbredelsesareal i dag (B1) eller antall 10 × 10 km ruter hvor naturtypen finnes i dag (B2). Minst ett av underkriteriene a-c må være angitt for at kategorien B1 og/eller B2 skal gjelde.

C - Abiotisk forringelse

Andel av totalarealet som er forringet av abiotisk faktorer, og graden av forringelse, innenfor en vurderingsperiode på 50 år

C1 Andel av totalareal forringet siste 50 år
C1 Grad av abiotisk forringelse siste 50 år
Tilsvarer DD
C2a Andel av totalareal forringet kommende 50 år ≥ 50 % - < 80 %
C2a Grad av abiotisk forringelse kommende 50 år < 20 %
Tilsvarer LC
C2b Andel av totalareal forringet 50 år (for-, nå- og framtid) ≥ 50 % - < 80 %
C2b Grad av abiotisk forringelse 50 år (for-, nå- og framtid) < 20 %
Tilsvarer LC

D - Biotisk forringelse

Andel av totalarealet som er forringet av biotiske faktorer, og graden av forringelse, innenfor en vurderingsperiode på 50 år.

D1 Andel av totalareal forringet siste 50 år ≥ 80 %
D1 Grad av biotisk forringelse siste 50 år ≥ 80 %
Tilsvarer CR
D2a Andel av totalareal forringet kommende 50 år ≥ 30 % - < 50 %
D2a Grad av biotisk forringelse kommende 50 år ≥ 50 % - < 80 %
Tilsvarer NT
D2b Andel av totalareal forringet 50 år (for-, nå- og framtid)
D2b Grad av biotisk forringelse 50 år (for-, nå- og framtid)
Tilsvarer NE

E - Kvantitativ risikoanalyse

Angir den estimerte sannsynligheten for at økosystemet går tapt

NE

Referanser

  • Evju, M. & Sverdrup-Thygeson, A. 2016. Spatial configuration matters: a test of the habitat amount hypothesis for plants in calcareous grasslands Landscape Ecology 31: 1891-1902
  • Norderhaug, A & Svalheim, E. 2009. Faglig grunnlag for handlingsplan for trua naturtype: Slåttemark i Norge. Bioforsk Rapport 4 Nr. 57
  • Wehn, S., Burton, R., Riley, M., Johansen, L., Hovstad, K.A., & Rønningen, K. 2018. Adaptive biodiversity management of semi-natural hay meadows: The case of West-Norway Land Use Policy 72: 259-269
  • Eriksson, O., Wikström, S., Eriksson, Å. & Lindborg, R. 2006. Species-rich Scandinavian grasslands are inherently open to invasion Biological Invasions 18: 355–363
  • Norderhaug, A. 1988. Urterike slåtteenger i Norge. Rapport fra forprosjekt. Økoforsk utredning 1988-3: 1-92
  • Daugstad, K., Thorvaldsen, P., Bele, B., Bär, A., Fløistad, I., & Hanslin, H.M. 2018. Fremmede skadelige karplanter i kulturlandskapet og områdebasert prioritering av tiltak – sammenstilling av kunnskap NIBIO RAPPORT Vol 4, nr 92
  • Norderhaug, A., Austad, I., Hauge, L., & Kvamme, M. 1999. Skjøtselsboka for kulturlandskap og gamle kulturmarker Landbruksforlaget, Oslo. 242
  • Austad, I. & Hauge, L. 2014. Trær og tradisjon. Bruk av lauvtrær i kulturlandskapet. Fagbokforlaget, Bergen. 168 s.
  • Zeiter, M., & Stampfli, A. 2012. Positive diversity–invasibility relationship in species-rich semi-natural grassland at the neighbourhood scal Annals of Botany 110: 1385–1393
  • Eriksson, O., Cousins, S.A.O. & Bruun, H.-H. 2002. Land-use history and fragmentation of traditionally managed grasslands in Scandinavia Journal of Vegetation Science 13: 743-748
  • Olsen, S.L., Evju, M. & Endrestøl, A. 2018. Fragmentation in calcareous grasslands: species specialization matters Biodiversity and Conservation 27: 2329-2361
  • Austad, I. Hauge, L. & Kvamme, M. 2007. Bruk av lauv og lauvtrefôr i Norge. Rapport fra forprosjektet HSF Rapport nr. 01-2007, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogndal.
  • Jauni, M. & Hyvönen, T. 2012. Positive diversity-invasibility relationship across multiple scales in Finnish agricultural habitats Biological Invasions 14: 1379–1391
  • Aune, Sigrun; Bryn, Anders; Hovstad, Knut Anders 2018. Loss of semi-natural grassland in a boreal landscape: impacts of agricultural intensification and abandonment Journal of Land Use Science 13: 375-390
  • Aune, Sigrun; Bryn, Anders; Hovstad, Knut Anders in press. Loss of semi-natural grassland in a boreal landscape: impacts of agricultural intensification and abandonment Journal of Land Use Science in press

Vurderingen siteres som:

Hovstad, K. A., Johansen L., Arnesen, A., Svalheim, E. og Velle, L. G. (2018). Slåttemark, Semi-naturlig. Norsk rødliste for naturtyper 2018. Artsdatabanken, Trondheim. Hentet (dato) fra: https://artsdatabanken.no/RLN2018/76