Behandlet i 2018 av ekspertkomite for Semi-naturlig

Boreal hei

Boreal hei

Vurderingsenhet av Type 1.1.
NiN-kode: T31
CO
CR
EN
VU
NT
DD
LC
NE

Sårbar VU

Utslagsgivende kritier A+D1+D2a+D2b:

  • Reduksjon av totalarealet og forringelse av naturtypen på grunn av biotiske faktorer

Vurderingsenheten

Boreal hei (T31) er definert som ein open naturtype utan eit dominerande tresjikt. Naturtypen er dominert av dvergbusker/lyng (røsslyng, dvergbjørk, krekling, einer) og i kalkrike områder av engarter. Boreal hei er eit resultat av at skog (fastmarksskogsmark, T4) har gått over til open heivegetasjon som følgje av hogst, rydding av busker og tre og beiting med husdyr. Boreal hei er avhengig av skjøtsel i form av moderat sommarbeite og rydding av busker og tre for ikkje å gro igjen og gå over til skog. Naturtypen finst i heile landet, men i Sør-Norge er den særlig knytt til stølsområda.

Dokumentasjon

 

A-kriteriet

I løpet av dei siste 50 årene har areal av boreal gått tilbake først og fremst som følgje av gjengroing. I løpet av dei neste femti åra framover i tid, kan vi forvente ein større nedgang i arealet med boreal hei samanlikne med dei siste femti åra. Bakgrunnen for at vi forventar større gjengroing framover i tid, er at ein stor del av boreal hei i dag er i gjengroing (sjå kommentar til D-kriteriet nedanfor).

 

B-kriteriet

Boreal hei finnes i store deler av landet og B-kriteriet har derfor ikkje betyning for vurdering av naturtypen.

 

C-kriteriet

Et varmare klima vil påskynde gjengroing i alle semi-naturlige naturtyper der skjøtselen har opphørt. I tillegg vil klimaendringer bidra til at innslag av problemarter og fremmede arter øker (Forsgren et al 2015).

D-kriteriet

Store deler av boreal hei er ikkje lengre en integrert del av jordbruksdrifta, er ikkje lenger i hevd og er derfor i ferd med å gro igjen. Boreal hei er sterkt knytt til stølsområda i fjellet, og er avhengig av husdyrbeiting og rydding eller vedhogst. I områda rundt stølane vart det ofte tatt ut store mengder ved som vart brukt i stølsdrifta. I Norge var omfanget av stølsdrifta på det største rundt midten av 1800-talet med i overkant av 50 000 stølar i drift (Reinton 1955, 1961). Etter 1900 har tal stølar i drift gått kraftig tilbake. I 2015 var det omtrent 1200 stølar i drift i Norge, og rundt 900 av desse hadde melkeproduksjon (Stensgaard 2017).  

Data frå naturtypekartlegging i regi av Miljødirektoratet 2014-2017 (NiN database mottatt frå Miljødirektoratet 18 april 2018) viser at 88% av kartlagde polygon av boreal hei er i suksesjonstrinn 2 (tidlig suksesjonsfase) eller 3 (sein suksesjonsfase), og 33% av kartlagde polygon er i suksesjonstrinn 3. Ekspertgruppa vurderer sannsynet for at andelen av all boreal hei i Norge i suksesjonstrinn 2 eller 3, er på omtrent same nivå eller endå større enn det data frå naturtypekartlegginga indikerer. Ekspertgruppa har inntrykk av at område med aktiv bruk og skjøtsel er noko overrepresentert blant dei som er naturtypekartlagt av Miljødirektoratet. Det kan ha ført til at intakt boreal hei og boreal hei i tidlig suksesjonsfase er overrepresenterte i resultata frå kartlegginga i forhold til den reelle situasjonen for  landet totalt. Det kan òg vere slik at boreal hei i sein suksesjonsfase ikkje blir attkjent og registrert som boreal hei, men heller blir registrert som skogsmark. Det er likevel lite tilgjengelig informasjon om kor stor den siste feilkjelda er.

 

For boreal hei har vi tatt som utgangpunkt at trinn 3 sein gjenvekstsuksesjon svarer til ein reduksjon i tilstand ("relative severity" hos IUCN) på 80%. Skalaen for å vurdere tilstand strekker seg her frå intakt boreal hei (0% reduksjon i tilstand) til at naturtypen er tapt ved overgang til ein ettersuksesjonstilstandmed artssammensetning og økologiske prosessar typisk for fastmarkskogsmark. I tillegg har vi lagt til grunn at den tidlige suksesjonsfasen i boreal hei (7RA-BH trinn 2) svarer til ein reduksjon i tilstand i intervallet 30-80%. I vurderinga for boreal hei har vi ikkje spesifikt definert kva som karakteriserer boreal hei med 50% reduksjon i tilstand, men ein slik definisjon kan for eksempel ta utgangpunkt i busksjiktsdekning (1AG-B) og total tresjiktsdekning (1AG-A-0).

 

Basert på resonnementet ovanfor vurderer ekspertgruppa det som sannsynlig at meir enn 80% av arealet med boreal hei i Norge ikkje lenger er intakt boreal hei og har ein reduksjon i tilstand på 30% eller større. Det er òg vurdert som sannsynlig at over 30% av arealet er i sein suksesjonsfase og har ein reduksjon i tilstand på 80% eller større. Det vil være en tidsforsinkelse mellom opphør av drift og til en endring i tilstand eller tap av naturtypen. Det kan derfor ta flere tiår fra opphør av drift til at gjengroing har kommet så langt at naturtypen er tapt. Vi forventer derfor at det vil være større forringelse framover i tid enn det som har foregått de siste 50 årene. Boreal hei blir vurdert som sårbar (VU) basert på utviklinga den siste og kommende 50-årsperioden.

 

 

 

 

Areal i Norge

Totalareal er naturtypens kjente areal per i dag. Utbredelsesarealet er et minimum konvekst polygon som omslutter alle forekomstene av typen. Antall forekomster er antall 10 x 10 km ruter der naturtypen forekommer. Forklaring til areal.

Kjent areal km² Mørketall Beregnet areal km²
(kjent * mørketall)
Totalareal 0 1.0 0
Utbredelsesareal 0 1.0 0
Antall forekomster 0 1.0 0

Det finnest ikkje presis arealinformasjon for boreal hei i Norge, og vi har ikkje heildekkande kartlegging eller arealrepresentativ overvaking av boreal hei som gir grunnlag for å estimere areal eller endring i areal. I Naturbase er det berre registrert 33 lokalitetar (per 01.05.2018) med boreal hei.  Det er kartlagt totalt kun 6 km2 boreal hei frå 2014-2018 ved NiN kartlegging  (basert på database mottatt frå Miljødirektoratet 18 april). Naturbase og NiN kartelggingsdata kan derfor ikkje gi informasjon om arealet av, eller tilstanden for, naturtypen som er representativ for Norge.  

Påvirkningsfaktorer

Ulike faktorer som påvirker vurderingsenheten med omfang, alvorlighetsgrad og tidspunkt

Faktor Omfang Alvorlighetsgrad Tidspunkt
Påvirkning på habitat
Landbruk ↴
Opphørt/redusert drift ↴
Beite
Majoriteten av arealet påvirkes (50-90%) Langsom, men signifikant, reduksjon (< 20% over 10 år) Pågående
Landbruk ↴
Opphørt/redusert drift ↴
Vedhogst
Majoriteten av arealet påvirkes (50-90%) Langsom, men signifikant, reduksjon (< 20% over 10 år) Pågående
Klimatiske endringer
Temperatur Majoriteten av arealet påvirkes (50-90%) Ukjent Pågående

Boral hei er ein naturtype som har blitt til ved avskoging, og er avhengig av husdyrbeite og ofte også vedhogst og rydding av busker og tre. Store endringar i stølsdrifta frå 1900 og framover har stor konsekvensar for boreal hei. Beiting med husdyr rundt stølane har gått sterkt tilbake I mange områder i mange, og spesielt har  beiting med stofe og geit gått tilbake. I tillegg er uttaket av ved rundt stølane langt mindre enn tidligare.

 

Store delar av boreal hei i Norge er i gjengroingsprosess på grunn av lågt beitetrykk og mangel på rydding og vedhogst. Klimaendringane, og spesielt auke i temperatur opp mot fjellet, fører sannsynligvis til at gjengroinga i boreal hei går raskare. Atmosfærisk forureining som tilfører plantenæringsstoff og bidrar til forsuring, konkurranseforhold og gjengroing i boreal hei.

Regioner

RegionForekomst
Østfold
Oslo og Akershus
Hedmark X
Oppland X
Buskerud X
Vestfold X
Telemark X
Aust-Agder X
Vest-Agder X
Rogaland X
Hordaland X
Sogn og Fjordane X
Møre og Romsdal X
Trøndelag X
Nordland X
Troms X
Finnmark X
Svalbard med sjøområder
Jan Mayen med kystnære øyer
Polhavet
Barentshavet
Norskehavet
Nordsjøen
Skagerrak

Vurdering mot hvert kriterium A-E

Utslagsgivende kriterium er uthevet. Forklaring på kriteriene.

A - Reduksjon i totalarealet

Reduksjon av naturtypens totalareal i løpet av en 50-årsperiode

A1Reduksjon siste 50 år≥ 20 % - < 30 %   NT
A2aReduksjon neste 50 år≥ 30 % - < 50 %   VU
A2bReduksjon i en 50 årsperiode (fortid, nåtid, fremtid)   NE

B - Begrenset geografisk utbredelse

Utbredelsesareal i dag (B1) eller antall 10 × 10 km ruter hvor naturtypen finnes i dag (B2). Minst ett av underkriteriene a-c må være angitt for at kategorien B1 og/eller B2 skal gjelde.

C - Abiotisk forringelse

Andel av totalarealet som er forringet av abiotisk faktorer, og graden av forringelse, innenfor en vurderingsperiode på 50 år

C1 Andel av totalareal forringet siste 50 år
C1 Grad av abiotisk forringelse siste 50 år ≥ 20 % - < 30 %
Tilsvarer DD
C2a Andel av totalareal forringet kommende 50 år ≥ 80 %
C2a Grad av abiotisk forringelse kommende 50 år ≥ 20 % - < 30 %
Tilsvarer NT
C2b Andel av totalareal forringet 50 år (for-, nå- og framtid) ≥ 80 %
C2b Grad av abiotisk forringelse 50 år (for-, nå- og framtid) ≥ 20 % - < 30 %
Tilsvarer NT

D - Biotisk forringelse

Andel av totalarealet som er forringet av biotiske faktorer, og graden av forringelse, innenfor en vurderingsperiode på 50 år.

D1 Andel av totalareal forringet siste 50 år ≥ 80 %
D1 Grad av biotisk forringelse siste 50 år ≥ 30 % - < 50 %
Tilsvarer VU
D2a Andel av totalareal forringet kommende 50 år ≥ 80 %
D2a Grad av biotisk forringelse kommende 50 år ≥ 30 % - < 50 %
Tilsvarer VU
D2b Andel av totalareal forringet 50 år (for-, nå- og framtid) ≥ 30 % - < 50 %
D2b Grad av biotisk forringelse 50 år (for-, nå- og framtid) ≥ 80 %
Tilsvarer VU

E - Kvantitativ risikoanalyse

Angir den estimerte sannsynligheten for at økosystemet går tapt

NE

Referanser


Vurderingen siteres som:

Hovstad, K. A., Johansen L., Arnesen, A., Svalheim, E. og Velle, L. G. (2018). Boreal hei, Semi-naturlig. Norsk rødliste for naturtyper 2018. Artsdatabanken, Trondheim. Hentet (dato) fra: https://artsdatabanken.no/RLN2018/71