Artsdatabanken lyser også i 2025 ut tilskot til nettverkstiltak. Legg merke til at det i år er gjort endringar i ordninga.

Foto: Hallvard Elven, Naturhistorisk museum, UiO. Lisens: CC BY-SA 4.0

Artsdatabanken lyser i år, som tidlegare år, ut tilskot til det vi kallar nettverkstiltak.

Nettverkstiltak er aktivitetar som gjer at personar som har kunnskap og kompetanse om taksonomi og systematikk på grupper av norske artar, får høve til å overføre denne kunnskapen til fleire. Det kan òg vere aktivitetar som utviklar faglege nettverk og samarbeid mellom ekspertar.

Du kan søkje om tilskot.
Har du ein god idé til aktivitetar som kan vere eit nettverkstiltak? Då oppmodar Artsdatabanken deg til å søkje. Forma på aktivitetane vi gjev tilskot til kan vere workshop, kurs, seminar eller konferanse. Vi er òg opne for andre typar faglege tiltak.

Nettverkstiltaket må skje i perioden 15. november 2025 – 15. november 2026.

Endringar i ordninga i 2025

Merk deg desse få, men viktige, endringane i tilskotsordninga i 2025 samanlikna med tidlegare år:

  • No kan òg frivillige organisasjonar søkje tilskot til nettverkstiltak.

  • Det har vorte enklare å søkje, med færre punkt som skal svarast på og skildrast.

  • Det er ikkje lenger krav om CV for alle samarbeidspartnarar.

Søknadsfrist: 15. oktober 2025