Dei kryp, men kan ikkje gå, dei elskar havregryn og gamle døde plantar og kan sove i hundre år. Slimsopp er fascinerande organismar. I Skandinavia er det meir enn 400 kjende artar fordelte på 57 slekter. 

 

Av: Elisabet Ottoson, SLU Artdatatabanken og Linda Skjærvik, Artsdatabanken

 

– Det var eit slumpetreff som gjorde at eg oppdaga slimsoppane første gong. Men eg blei raskt fasinert, seier Edvin Wilhelm Johannesen. – Slimsoppane har ein fantastisk variasjon i forma, fargen og storleiken på fruktlekamane.  

Johannesen er ein av Nordens fremste slimsoppekspertar, og det er han som har skrive dei utfyllande tekstane og nøklane til slimsoppane som blir beskrivne i Artar på nett. I tillegg til slekta Lamproderma som har vore tilgjengeleg ei stund, har vi no også lagt ut 41 artar i familien Trichiaceae (Trichiidae).

Næringskjelde til mange artar 

Dei fleste av slimsoppane har fruktlekamar som er mindre enn tre mm, men nokon blir fleire cm store. Dei er nedbrytarar og veks hovudsakleg på død ved, døydde plantedelar, mosar eller på bork av levande tre, noko som openbert gjer det vanskeleg å oppdage dei fleste av dei ved eit slumpetreff. Men sjølv om dei kan vere små, har dei mange fascinerande eigenskapar.  

– Slimsoppane er i fleire land kandidatar til dei nasjonale raudlistene. Mange av dei er knytt til biotopar som er i ferd med å forsvinne, som gamle tre eller eit vedvarande snødekke i Alpane. Slimsoppane er òg ei næringskjelde for mange insekt og andre invertebratar, fortel Johannesen.  

Mystisk og smart

Slimsoppane blir ofte omtalt som både mystiske og smarte. Mystiske fordi dei plutseleg kan dukke opp, for så like raskt å forsvinne, smarte fordi dei har effektive system for å lokalisere og absorbere næringsstoff. Fleire av artane har blitt sett på som overnaturlege i store delar av verda.   

Sannsynlegvis har det å gjere med at dei tilsynelatande dukkar opp frå ingenstad. Plutseleg sit trollsmør Fuligo septica som ein knallgul slimklump på ein stubbe der han var fråverande dagen før, og på fleire språk blir namnet ulvemjølk brukt for slimsoppen Lycogala epidendrum. Viss du trykkjer på dei små rosa klumpane som sit på den døde veden, gir dei ein rosa guffe når dei sprekk.  

– Namnet kan tyde på at ein trudde dette var mjølk frå ulvar, forklarer Johannesen. 

Bevegar seg for å samle mat

Slimsopp blir òg kalla myxomyceter frå det vitskaplege namnet Myxomycetes som bokstavleg talt betyr "slimete sopp", men dei er faktisk ikkje sopp. Dei er eigentleg ikkje meir nærståande med sopp enn dei er med dyr. Tidlegare blei dei av zoologane gjerne viste til dyreriket og blei då kalla mycetozoer, soppdyr. 

Dei var venta å vere dyr fordi dei bevegar seg når dei er i livsstadiet kalla plasmodium. Då er slimsoppen éi enkelt stor celle med millionar eller milliardar av cellekjernar som deler seg samtidig. Gjennom si evne til å bevege seg og enkelt transportera næringsstoff mellom ulike delar av plasmodiet, kan slimsoppen effektivt samle mat.   

Plasmodiet kan òg forgreine seg som eit nettverk. Eit plasmodium kan bevege seg over mange centimeter per dag ved å omgi og ete bakteriar, sopp og anna dødt organisk materiale som han søkjer opp. Når det er mangel på næring omprogrammerer plasmodiet seg sjølv og byggjer fruktlekamar som ofte er små runde kapslar, såkalla sporokarper, som er fylte med sporar. Det er i dette stadiet at slimsopp kan artsbestemmast, sjølv om nokre artar også er relativt godt kjende i plasmodiestadiet, til dømes trollsmør Fuligo septica. Under svært ugunstige forhold kan eit plasmodium gå i dvale og kapsle seg inn. Slik kan slimsopp overleve i over hundre år for så å bli vekt til live igjen. 

Så vakkert som namnet tilseier

Jettespy, stubbegulp, snødrue, stjernedryss, sjokoladeegg, huldrekake, gullsmultring, sukkerbolle og karamellflak er berre nokre av dei norske namna på slimsoppane.  

– Reint bortsett frå tre–fire tradisjonelle namn, er det vel eg som må ta skulda for dei over 200 norske namna som no er offisielle. Reint praktisk sette eg meg ned og utarbeidde forslag og kasta litt ball med dei andre i soppnamnkomiteen og med Per Vetlesen. Dei fleste namna blei vedtekne utan diskusjonar, fortel Johannesen.  

Det er litt over 1000 kjende artar av slimsoppar i verda, og godt over 400 av dei er funne i Skandinavia. Det er framleis rundt 200 artar som ikkje har norske namn.  

Slekta Lamproderma blir gjenkjend på sine vakre metalliske kuleforma sporokarper som kan skine som gull, bronse eller metallisk blått. Sporokarpene sit stundom direkte på underlaget, men ofte sit kulen på ein stilk.   

Slimsopp finst hovudsakleg i fuktige omgivnader. Slekta Lamproderma til dømes, har fleire artar med ein spesiell økologi kjent som nivicol. Ein nivicol slimsopp dannar sporokarper som utviklar seg under eit tjukt og vedvarande snødekke. Dei kan observerast akkurat når snøen smeltar om våren. Dei andre slimsoppane dannar sporokarper på seinsommaren og hausten. 

Samarbeid med Sverige

Johannesen leverte hovudoppgåva si om slimsoppar i 1982. Men det er først og fremst etter at han førtidspensjonerte seg for sju år sidan at han har teke opp igjen studiet av slimsoppane. Og det er nok mykje av grunnen til den aukande interessa for slimsopp dei siste åra. Det blir stadig meir oppdatert og lettare tilgjengeleg litteratur, tilgang på gode bilete og moglegheit til å få hjelp til artsidentifikasjon, mellom anna gjennom interessegrupper i sosiale medium.   

For å spreie og auke kunnskapen om slimsoppar i Skandinavia, har Artsdatabanken eit samarbeid med Naturhistorisk museum i Oslo og den svenske Artdatabanken for å utvikle høvesvis Artar på nett og Artfakta.  

– Det finst ikkje mange ekspertar, verken globalt eller i Norden, på slimsoppar. Derfor er det logisk at vi deler på kunnskap og ekspertar på tvers av landegrensene, seier Elisabet Ottosson, SLU Artdatabanken. – Men samarbeidet gir oss meir enn berre den konkrete kunnskapen om ei artsgruppe. Vi har gode faglege diskusjonar. Og det er ein økonomisk fordel, vi får til meir med å samarbeide.