Bli med i ekspertpanelet vårt
Artsdatabanken søkjer engasjerte og kompetente ekspertar til eit nyoppretta ekspertpanel for Framandartslista 2029. Ekspertane skal kontinuerleg handtere og integrere ny kunnskap i risikovurderingane. OBS: Søknadsfristen er utsatt til 8. desember.
Vi set snart i gang risikovurderinga av framande artar. Kvart sjette år skal artsgrupper reviderast, men no kan også nye artar vurderast og eksisterande vurderingar oppdaterast mellom dei planlagde revisjonane, sjå nyheitssaka Årlige oppdaterte vurderingar av framande artar.
Denne omlegginga legg til rette for raskare tiltak for å nå nasjonale og internasjonale mål om tidleg innsats mot framande artar. Overgangen til ein meir kontinuerleg prosess gjer òg at vi treng ekspertar mellom dei faste revisjonane.
Oppgåvene til ekspertpanelet
For å kunne oppdatere Framandartslista fortløpande, ønsker Artsdatabanken å opprette eit ekspertpanel med kompetanse innan ulike artsgrupper. Som medlem av panelet seier ein òg ja til å delta i ein eller fleire av dei komiteane som skal revidere artsgruppene – dette bidreg til kontinuitet og kvalitet i arbeidet over tid. Det er naturleg at den som sit i ekspertpanelet òg er leiar for ein komité i perioden for artsgrupperevisjon, men dette er ikkje eit absolutt krav.
Med særleg fokus på artsgruppa(ene) ein har kompetanse på vil oppgåvene i panelet omfatte å:
- Følgje med på framande artar som blir rapporterte som nye i Noreg, og på artar som ikkje er rapporterte her, men som har negative økologiske konsekvensar i naboland.
- Gjennomføre horisontskanning og risikovurdering av nye artar for Noreg. Arbeidet blir utført etter avtale med Artsdatabanken.
- Oppdatere eksisterande vurderingar når ny kunnskap tilseier det, til dømes ved publisering av ei ny raudliste. Arbeidet blir utført etter avtale med Artsdatabanken.
- Vere ein diskusjonspartnar for Artsdatabanken og dei andre medlemmane i panelet i faglege spørsmål.
Revisjon av artsgruppa
Om ein òg seier ja til å vere komitéleiar, inneber det å koordinere arbeidet med revisjonen av artsgruppa. Dette inneber hovudsakeleg å dele oppgåver internt i komitéen, bidra i faglege diskusjonar og presentere status og erfaringar for Artsdatabanken. Komitéleiaren har òg ansvar for at innsynskommentarar vert følgde opp. Til skilnad frå tidlegare vil alle komitémedlemmene no ha individuelle kontraktar med Artsdatabanken.